torsdag 19. mai 2011

den einaste verkelege kampen er mot deg sjølv

du har lese i eit av desse kvinneblada du har liggande, at jenter er for strenge mot seg sjølv. du les at du aldri ville ha sagt til di beste venninne at ho er stygg, at ho er feit, at ho er ekkel, at ho treng å ta seriøse grep og skjerpe seg, at no må ho faen meg gi seg og sjå å få tak i livet og gjere noko nytt med seg sjølv. dette er ting du aldri ville ha sagt til di beste venninne, men det er ting du seier til deg sjølv kvar dag. dette skriv kvinnebladet.

du står framfor speilet og analyserer deg sjølv, heile kroppen din blir eit kart, lik karta dei viser i vêrmeldinga, karta som skal vise pollenfaren, grønne flekkar, gule flekkar, raude flekkar, kroppen din blir eit slikt kart, grønne flekkar for "bra nok", gule flekkar for "ikkje bra nok", raude flekkar for "heilt på jordet f-e-i-l". du tenker ut måtar å gjere ting betre på, prøver å sjå for deg korleis dei gule flekkane kan bli grønne, korleis dei raude flekkane i det minste kan bli litt mindre raude.

ein venninne har fortalt deg om søstra til venninna si som slutta å spise og begynte å snuse og så blei ho plutseleg tynn, og du høyrer historier om jenter som spis cottege cheese og eit eple og det er alt, og du skjønner ikkje korleis dei får det til, korleis dei kan tvinge ein slik viljestyrke på seg sjølv, korleis dei klarer å legge slike rammer på seg sjølv.

du har begynt å lure på kva som er verst av å ikkje vere nøgd med deg sjølv og å tenke at andre ikkje kan vere nøgd med deg slik du er no, om det verste er å skuffe seg sjølv eller andre, eller kanskje handlar det ikkje om å skuffe, kanskje handlar det berre om å ikkje oppnå mål, om å ikkje setje ein standard, om å ikkje vere spesiell, men berre heilt vanleg, du tenker om at du hadde vore ho søstra til venninna til venninna di, så hadde du i det minste vore kjent som ho som blei tynn fordi du slutta å spise og begynte å snuse og slik kunne du vise deg fram, som eit døme på at det går an, you can do it, you've got nothing to lose but inches.

og du ser på gamle bilde av deg sjølv, prøver å leite etter dagen det snudde, prøver å leite etter dagen det verkeleg begynte å bety noko for deg korleis du ser ut, du har alltid vore sunn, du har alltid sett sunn ut, du har alltid gått, venane dine trur du har adhd for du går heile tida, du er som ein trekkoppbil, og du leiter desperat etter måtar å få desse raude flekkane til å ikkje rope "HER ER EG SJÅ MEG SER DU MEG ER DET IKKJE MEG DU TENKER PÅ HEILE DAGEN MENS DU GÅR RUNDT ER DET IKKJE DET ER DET IKKJE MEG DU TENKER PÅ HØYR MEG SJÅ MEG LEV DEG INN I MEG FORTAP DEG I MEG" lenger.

du er din eigen verste fiende. den einaste kampen er mot deg sjølv. det er kun deg sjølv du konkurrerer mot. det er ingen andre som bryr seg om kor fort du kan springe ein kilometer. alt er inni hodet ditt. alle konkurransar, alle tider, alle mål, alt er inni deg, det er her konkurransen er.

eg har skapt deg og du er mitt monster og det her skal vi klare saman.

8 kommentarer:

  1. fantastisk og rett inn i et eller annet i brystet så man kjenner det; vidunderlig ærlig og brutalt og takk for at du skrev dette. virkelig takk.

    SvarSlett
  2. Så fint du skriver om et sårt tema, Sigrid. Du er så bra!

    SvarSlett
  3. Virkelig innsiktsfullt og godt skrevet.

    SvarSlett
  4. Jeg tror alle og enhver kan leve seg inn i det du skriver, og jeg tror dessuten at du har helt rett. Pollenkartet bør krølles sammen og kastes og erstattes med stolthet og smil. Fint skrevet!

    SvarSlett
  5. takk skal de ha alle saman! eg trur det er eit ganske vanleg problem og det er skikkeleg dritt, men sånn er det, og jobben er å jobbe seg ut av det (om det går, håpar).

    SvarSlett
  6. dette er så vakkert og sårt og fantastisk

    SvarSlett