lørdag 21. august 2010

om 60-talet



sidan første gong eg høyrte beatles, nyttårsaften det året eg var 9 eller 10, har eg vore fascinert av sekstitalet, dette tiåret alle snakkar om, veit om, huskar, kjenner til, lengtar til, mimrar om, skriv oppvekstromanar frå oslo om. eg har vore det så lenge eg kan huske (det gjekk opp for meg her om dagen at eg huskar sjukt likte fra da eg var lita). likt musikken, likt kleda, kjolane, alle tingane som skjedde, alt med ei tåke av mystikk og noko ukjent og uoppnåelig rundt seg. far min og mor mi blei født mot slutten av sekstitalet, så dei huskar ikkje noko av det. besteforeldrane mine snakkar ikkje mykje om det. eg kan huske at eg prøvde meg på å snakke om beatles med ein av dei då eg var ung, men det var liksom ikkje noko å snakke om. om eg tenker rett, var bestefar min omtrent like gammel som eg er no då beatles ga ut sin første singel, bestefar min har fått med seg beatles og stones og månelanding og jfk som blir skoten i åpen bil, elvis, opprørane i 68, jenter i korte korte korte kjolar, at kroneisen kosta ei krone. bestemor mi gjekk i korte kjolar og skreiv beskjedar til venninnene sine i bibelhistorieboka si og høyrte på cliff richard, tippar eg, ho er typen til det. vi snakkar aldri om sekstitalet. skulle ønske eg hadde eit sånn forhold til besteforeldrane mine. at vi berre kunne sette oss ned og drikke kaffi fra kanne og snakke om sekstitalet og om familie og om korleis det var å vere ung da og korleis det er å vere gammal no og om dei hadde fine klede og om dei også fekk sommarkjensle av å høyre beach boys.

i dag kjøpte eg ein ny gammal kjole frå uff og den må vere fra sekstitalet. det var derfor eg kom til å skrive om det. eg elskar sekstitalet, og eg elskar den nye kjolen min. raud kjærleik.

4 kommentarer:

  1. Fin tekst, fin kjole, fin Sigrid. Finfinfin.

    SvarSlett
  2. håret ditt ser like svart ut som snehvit sitt hår - med blåskjær i (!)

    SvarSlett
  3. det er eg som er snehvit. eller snøkvit, som eg kallar ho. he he.

    SvarSlett
  4. nå ser jeg jo at det er den nye kjolen også; dødsfin!

    SvarSlett