I know it's over
And it never really began
But in my heart it was so real
And you even spoke to me, and said :
"If you're so funny
Then why are you on your own tonight ?
And if you're so clever
Then why are you on your own tonight ?
If you're so very entertaining
Then why are you on your own tonight ?
If you're so very good-looking
Why do you sleep alone tonight ?
I know ...
'Cause tonight is just like any other night
That's why you're on your own tonight
eit pikebarn med hjartebank skriv blogg om grå dagar, lyserosa skyar, gode vener, fine folk, musikk ein kan danse til, filmar ein kan grine til, også handlar det ganske mykje om kjærleik.
torsdag 29. april 2010
tirsdag 27. april 2010
corresponding shapes like puzzle pieces from the clay
paris er så fint, og likevel går eg rundt med ein klump av sakn i magen.
no kjem familien min hit snart, og det skal bli fint.
sjå dei. høyre dei. snakke med dei. ete lakris. lage lasagne til dei.
(og fortsatt sakne)
no kjem familien min hit snart, og det skal bli fint.
sjå dei. høyre dei. snakke med dei. ete lakris. lage lasagne til dei.
(og fortsatt sakne)
torsdag 22. april 2010
ting eg såg på vegen
- ei dame som hadde fire heilt like hundar som ho gikk på tur med, utan bånd
- jordbær som kosta 3 euro for to kurvar
- ei afrofransk dame som prøvde ein parykk med vippehår i ein parykkbutikk
- stekt kylling som såg heilt sjukt god ut
- asiatiske damer som prostituerte seg utanfor KFC i staden for utanfor monoprix
- ein mann som hadde eit rulleskøyteshow utanfor notre-dame og folk som satt på benkar rundt og klappa for triksa han gjorde

tirsdag 20. april 2010
counting flowers on the wall
mandag 19. april 2010
meg

og frå ei meg til ei anna, her er eg, eller meg, då.
eg heiter sigrid agnethe, bur i paris (eit steinkast unna notre dame, men då skal du vere god å kaste stein), studerer fransk litteratur på sorbonne, spis store mengdar baguette og spaghetti, så når eg ein vakker dag kjem heim til gamlelandet er eg nok ein liten flodhest. den tid den sorg.
meg white
i mange år var meg white den kulaste rockejenta eg visste om. ho spelte trommer i white stripes, det var mange som ikkje likte tromminga hennes, sa at den var for enkel, ho var ikkje god, det var ikkje rocknroll slik ho dreiv på. sjølv syntes eg alltid at den tromminga passa, musikken trengte ikkje dobbelpedalar og cymbalar eit metallband verdig, det passa godt inn, og meg var så søt og så lite stressa der ho satt bak trommene. ho gjorde ikkje mykje av seg, jack tok seg liksom av den jobben, men ho gjorde det ho skulle, eg likte ho så godt.
og så fikk ho plutseleg eit samanbrot, no var det nok, og så måtte ho ha ein pause.
kanskje kjem ho tilbake ein gong, bak sukkertøytrommesettet sitt. eg skal krysse fingrane. og medan eg gjer det, skal eg høyre på ein av dei finaste songane eg veit, frå ein sommar for mange år sidan, der ho ikkje speler trommer, ho syng, og den gjer meg litt varm i hjartet, slik god musikk skal.
http://open.spotify.com/track/6Ho4l3GybjYrURJiT8wAbq

Etiketter:
meg white,
musikk,
varm i hjartet
Abonner på:
Innlegg (Atom)