mandag 19. april 2010

meg white

i mange år var meg white den kulaste rockejenta eg visste om. ho spelte trommer i white stripes, det var mange som ikkje likte tromminga hennes, sa at den var for enkel, ho var ikkje god, det var ikkje rocknroll slik ho dreiv på. sjølv syntes eg alltid at den tromminga passa, musikken trengte ikkje dobbelpedalar og cymbalar eit metallband verdig, det passa godt inn, og meg var så søt og så lite stressa der ho satt bak trommene. ho gjorde ikkje mykje av seg, jack tok seg liksom av den jobben, men ho gjorde det ho skulle, eg likte ho så godt.
og så fikk ho plutseleg eit samanbrot, no var det nok, og så måtte ho ha ein pause.
kanskje kjem ho tilbake ein gong, bak sukkertøytrommesettet sitt. eg skal krysse fingrane. og medan eg gjer det, skal eg høyre på ein av dei finaste songane eg veit, frå ein sommar for mange år sidan, der ho ikkje speler trommer, ho syng, og den gjer meg litt varm i hjartet, slik god musikk skal.

http://open.spotify.com/track/6Ho4l3GybjYrURJiT8wAbq

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar