onsdag 14. september 2011

torsdag 8. september 2011

fragment av eit rom

og sidan eg har skrive mykje om flytting og leilegheit og det eine med det andre den siste tida, er det på tide å vise fram små biter av det som no er mitt rom. her kjem det.


den eine veggen er berre skap som går innover. heilt utruleg mykje skapplass, kjenst nestan som eit walkincloset, men berre nestan


her finn ein mellom anna dei røde støvlane og dei grøne paljettconversane, dei skal snart få komme ut og lufte seg


her er kjolane med striper, blusene, kjolane med striper, og så vidare


og ein liten hommage til ein favorittby


og her har mummitrolla fått plass, for det var ikkje plass på kjøkkenet, men dei klarar seg fint her, altså


og her er kosekroken, slappavkroken, lesekroken, ikkje where the magic happens, men likavel, ein sjukt mjuk stol under eit deilig mjukt lys (sparepære, sjølvsagt)


her kan ein sjå lampa litt betre, eg gav ti kroner for ho på bruktbutikken på eige ansvar, skifta stikkontakt og no funkar ho som berre juling


endeleg, eit lite bord, ved sidan av stolen, her finn vi ei samisk-norsk, norsk-samisk bildeordbok, ei bok om tradisjonell japansk kunst, eit arabia-pyntefat med motivet "winter in lapland", ein slitt pengepung, ein globus, "det suser i sivet", ein paris-plakat som ventar på å bli hengt opp, aftenposten K med david sylvian på forsida; bildet er arrangert


veggen med amélie-plakaten og morgonkåpa/kimonoen

og til slutt: nattbordet, eg har aldri hatt nattbord før, no har eg det, det er lykka i livet og sånn her bur eg!

onsdag 7. september 2011

#denfølelsen

sidan eg pakka snippeska mi og flytta frå harstad for første gong for tre år sidan, har eg stort sett berre hatt meg sjølv å ta vare på, meg sjølv å tenke på og meg sjølv å ta omsyn til. eg har såklart hatt venar, ein jobb og ei tid ein kjæraste, men mykje av kvardagen i oslo var stå opp (aleine), spise frukost (aleine), lese (aleine), seminar/forelesing på universitetet (aleine), jobb (med andre), gå heim (aleine), lage middag (aleine), finne på noko (kanskje med andre), ta bussen heim (aleine), legge meg (aleine). det halve året i paris var på sitt vis heilt annleis, på 35 kvadrat med barbra, i ei leilegheit kor ein måtte gjennom soverommet for å komme til badet, noko som drepte alle forsøk på privatliv, om ein i det heile tatt kunne sjå for seg å prøve å ha eit. at eg aldri var aleine og aldri gjorde noko aleine i paris, er å ta hardt i, men der hadde eg i alle fall eit anna menneske å forhalde meg til, som påverka kvardagen min, og det var ups and downs på ein måte som eg hadde gløymt det kunne vere når ein bur saman med nokon andre. og etter paris, flytta eg tilbake aleine til oslo, og fram til no har eg budd aleine.

NO bur eg saman med to andre jenter eg ikkje kjenner så godt i ei leilegheit i nordens paris. og ikkje berre det, eg bur i same by som kjærasten min. og kvardagen er ein annan enn kva den har vore i tre år før det her. eg overnattar hos han, han overnattar hos meg, berre å kvar dag kunne få vakna ved sidan av den eg helst av alt vil vakna saman med - å herre gud. det er verdt eit par-tre snickers, altså. å ikkje lenger måtte bu på søtten kvadrat, lage middag på same rom som eg skulle sove timar etterpå, spise middagen i kontorstolen framfor tven med hotell cæsar, grine litt på skype kvar kveld over å vere hundretusenmillionar kilometer unna der eg helst ville vere, er mildt sagt lettande. å vakne om morgonen med morraånde, bustehår og små mascararestar og enda føle meg fin fordi smilet hans seier alt som betyr noko #denfølelsen.

mandag 5. september 2011

ei liste om katter

i kollektivet eg bur i, blei det ytra at det hadde vore så fint å ha ei katt. alle tre var einige om at det hadde vore så fint å ha ei katt. kanskje får vi ei katt, kanskje ikkje. alle har i alle fall pittelitt lyst til å ha ei katt. her er dei fem finaste tinga med å ha ei katt slik eg ser det:

1. dei er mjuke å ta på og gode å kose med.

2. dei kan hoppe opp i senga og kose med deg når du eigentleg ikkje fortjener det, eller skikkeleg treng det.

3. ein kan snakke med dei sjølv om ein er aleine heime og det er greit, for katta forstår.

4. berre kjensla av å halde den inntil seg som ein baby, tenk det (eg skjønner at det meste handlar om kosen her, men alle som nokon gong har hatt ei katt veit kor sjukt fint det er med all den ubetinga kosen og evinnelege kjærleiken).

5. ei katt gjer ei kjensle av eit heim.

slik eg ser det, er dette alle utmerka grunnar til å få ei katt inn i heimet. problemet er berre dei gongane ein reiser bort (ferier og liknande). kva da, liksom?

har de andre gode grunner til å få katt?

søndag 4. september 2011

blue, here is a shell for you/inside you'll hear a sigh


da eg var mindre, kanskje 11, las eg alt eg kom over. kvar laurdag var vi på biblioteket i byen og lånte bøker, lydbøker, vhs-filmar (ofte lånte vi disse hos han som ti år seinare skulle vise seg å bli svigerfar min, men det visste vi jo ikkje da) som eg kasta meg over da eg kom heim, eg las ungdomsbøker over ein lav sko lenge før eg var ungdom. og på barneskulen jobba helga, som var ansvarleg for skulebiblioteket og fikk bøker frå forlag, nokre gongar fleire av ei bok, og av og til fikk eg ei av desse overskotsbøkene, fordi eg var så glad i å lese, eg var ein lesehest, slik ho skreiv på førstesida til "voodoobaby" av francesca lia block, "til en lesehest", står det.

i "voodoobaby" klippar hovudpersonen med same namn ut avisartiklar om katastrofer og teipar dei opp over senga. den eine artikkelen handlar om nokre sør-amerikanarar som finn ei blå lysande kule ute i ødemarka. dei tar kula med seg heim, preller lag av ho og klistrar dei til kroppen som pynt, og dei føler seg fine. litt etter litt tar dei til å døy. det skal vise seg at den blå lysande kula er ein radioaktiv del av maskineriet i eit atomkraftverk.

av ei eller anna grunn, minnar globusen om denne historia, som sikkert er oppspinn funne på ein gong på nittitalet av ein forfattar i los angeles, ei historie som ligg latent i meg, som ein del av ein hukommelse, som om det er noko som har hendt i det faktiske liv, men så tenker eg hardt, også kjem eg på at det var berre i ei bok, det var ikkje på ordentleg, det var berre noko ei las ein plass, eg skal ikkje ta laga av globusen og klistre dei til kroppen min, eg skal berre sjå på han, drøyme meg bort til andre stader, reykjavik - paris - new york - mexico city - tokyo - gøteborg, på eksakt same måte som eg drøymte meg bort kvar laurdag for ti år sidan,
ei tid som aldri kjem tilbake, men som fortsatt er ein del av meg,
og globusen står på soverommet mitt,
lysande blå, blå og lysande,
den lever,
eg lever.

onsdag 24. august 2011

bill.mrk.: ny by

ei dame i førtiåra med trenchcoat, fine sko, oppsatt bleika hår, snakkar i mobiltelefonen, går fram og tilbake på fortauet foran spar-butikken og stryker handa opp til auga, liksom under solbrillane, eg forstår at ho snakkar i telefonen og græt,
eg lurer på korfor ho græt, kva ho snakkar om,
eg tenker at heldigvis er det ikkje berre eg som er sånn, som lar tårar falle på stader alle kan sjå meg og tenke at der står ho der og græt,
eg såg aldri nokon gråte blant folk i oslo, kanskje sommaren har endra noko,
endra meir enn berre kor eg befinn meg,
for plutseleg er eg her, i same by som den gråtande kvinna, og her skal eg bli,
i alle fall er det slik det skal vere i nokre år framover, minst to, MINST to,
og det kjenst bra,

det har begynt å bli mørkt på kveldane,
og eg går, brukar beina, som vanleg, lager indre kart for ein by eg ikkje kjenner gatene til,
men eg skal bli kjent,
eg tar bussen og sett meg ved vindauget for å sjå alt,
og ein kveld eg går gatelangs tenker eg på at her er det hus, her står folk ute og røyker, her står folk i avsideliggande gater og ventar på bussen, her plukkar folk rips i hagen, her kjøyrer folk til obsen for å handle, her går folk på trynet framfor andre og det er okei,
og dette fant eg ikkje i oslo, eg leita ikkje, eg ville at oslo skulle vere lukka, hemmeleg, mystisk,
i alle fall myta om oslo, den skulle vere hemmeleg, by på noko eg aldri fikk vite kva var,
sjølv om det sjølvsagt ikkje var sånn, eg kjente folk, eg kjente gater, eg kjente hus,
men aldri nok, aldri nok til at oslo blei åpen og kjent nok,
og på same måte som eg elska det framande i oslo, tiltrekkast eg av det heimlege her,
folk bur i hus, i ekte hus, laga av tre, med rullegardin og røykeveranda, ikkje bygårdar frå 1800-talet,
og for å vere heilt ærleg, kjenst det fint å vere her.
det kjenst rett.
håpar det skal bli betre for ho som græt og.

torsdag 18. august 2011

livsteikn

hallo!

eg lever. har flytta. bur i ei leiligheit utan internett (foreløpig), men på eit stort rom med mykje plass, ein stol, ei seng, ei kemborini-fin lampe. og snart skal de få sjå, eg skal bare få fingeren ut, det er mykje å vise, mykje å sjå, så hald fram, hald ved, det kjem snart meir, eg må bare få fingeren ut og komme meg i gang, bli med.