søndag 15. august 2010

lørdag 14. august 2010

medisin






i dag er det siste dag på øya, eg har blitt sjuk etter å ha hatt umenneskeleg ondt i ryggen dei siste dagane, så eg ligg berre i senga og ser på eldrebølgen og drikk colabrus og ser på bilder frå paris. det er litt som medisin, men ikkje heilt.

fredag 13. august 2010

siggy + iggy = sant




på onsdag fekk eg sjå ein av desse artistane som har vore ein del av musikksmaken min siden eg var 13-14 og som berre har blitt der, i bakgrunnen, på fest, på ipoden, på dansegolvet, og så plutseleg var han på øya, rett foran meg sto iggy pop med the stooges bak seg. ja, han har ein fascinerande mage, men det som var enda meir fascinerande, var at alt var så tight, det var som å høyre dei spele i glansdagane (antar eg), som om dei var 16 og skulle ut og erobre verda. dei første songane gjorde meg til eit svært glis og det var nok det kjekkaste som var å sjå og høyre på onsdag.

torsdag 12. august 2010

de tre musketerene




christian og inga er kjærestar og inga og eg er bestisar og christian og eg er ganske gode venar vi òg. ein av dei beste. sånt blir det musketeri av. og fint er det. og om eg skulle få meg kjæraste, så blir vi til ABBA.


(ps. inga, eg hadde ikkje eit av deg og meg frå øya-dagen. for dårlig. urutinert!)

onsdag 11. august 2010

lykke i livet, del 1







sommaren har vore hyttetur på sørlandet, bestisbesøk i sandnes/stavanger, fine strømpepants og glittersko, møte med ei heltinne som er minst like fin og triveleg på ekte som på tv, og kaffe i fine koppar på fin kafé i ny og fin genser. det har vore ein kjip sommar kva vêr angår, men gud bedre kor mykje fint eg har gjort og sett og fotografert med meg heim.

tirsdag 10. august 2010

øyafredag



fredag skal eg sjå the flaming lips for andre gong, live på øyafestivalen. det trur eg blir ein av dei finaste konsertane på lenge. når wayne kjem ut i den svære bobla si og ut i publikum og dei svære kosedyra står på scena og danser og fin musikk som det her kjem ut, då skal eg vere lykkelig jente.

mandag 9. august 2010

lesehest


eg lova meg sjølv at eg skulle lese minst eitt bind av min kamp-serien før sommaren var over. no har eg lese snart to. eg elskar knausgård. på ekte.