tirsdag 5. november 2013

om å reise, å vente.



skulle vi nokon gong kunne seie til kvarandre at alt var verdt det? at vi skulle reise verda rundt, sjå nye sted, gå oss svette opp til det høgaste punktet i byen og sjå utover alle desse hustaka og vite at under dei taka bur det folk, folk som kyssar kjærasten sin slik dei kyssar mor si, folk som vegrar seg for å skifte dorull når det er tomt, folk som seier høgt at dei foretrekk pulverkaffe framfor vanleg kaffe med meir smak. at vi skulle kunne ta kvarandre i hendene mens vi gikk gjennom verdas nest største urskog, at eg skulle kunne kjenne på angsten for å møte noko framand som potensielt kunne skremme vatnet av meg, at du skulle få meg til å stikke handa inn i eit hull i bakken for å kjenne på den varme lufta som kom ut og eg skulle tenke at denne verda har meir å by på enn eg nokon gong kjem til å forstå. at vi skulle sitje på fly til eit anna land og lese bøker vi ikkje har lese før og kanskje sovne i flysetet og vakne med ondt i nakken, og plutseleg rakk vi ikkje å gi søppelet til flyvertinna som kom forbi, og så sitt vi der med dårleg samvit og veit at den tomme posen med pulverpadder må ho rydde opp når vi har gått ut av flyet og ventar på bagasjen, og det skal alltid nye folk inn på flyet, flyet skal alltid vidare.
og skulle eg vente på deg når du flyr rundt og ser nye byar, nye land, du sover i rom eg aldri kjem til å sove i, du møter folk eg aldri kjem til å treffe, får nye venar på facebook som eg kanskje aldri kjem til å bli kjent med. du har pakka med deg kortbukser, og utanfor vindauget mitt kjem det stadig meir snø, og rundt deg er det sikkert mykje fargar og lukter du ikkje har kjent før, men her luktar det pulverkaffe og ein komfyr frå 1970-talet og det einaste med fargar er det rosa superundertøyet mitt som eg alltid har på når eg sit heime og skriv.
og sjølvsagt er det verdt det og sjølvsagt ventar eg, sjølvsagt kjem du alltid heim, og sjølvsagt reiknar eg alltid timane til eg høyrer stega dine på trappa, sjølvsagt er eg alltid heime når du kjem heim, sjølvsagt kjem du alltid heim, sjølvsagt ventar eg.

2 kommentarer: