søndag 25. september 2011

ein nyfødt same

her kjem eit innlegg som ikkje er så likt dei andre eg har skrive før, fordi det handlar om noko eg aldri før har skrive om, kanskje fordi eg ikkje veit om eg skulle skrive om det eller korleis eg skulle gjere det om eg først bestemte meg for å gjere det. grunnen er kanskje og fordi det er eit tema eg ikkje heilt veit om det er rett å skrive om, fordi det rett og slett er vanskeleg på sitt vis. kanskje det vanskelege ligg i det at det handlar om identitet på ein annan måte enn dei måtane eg har skrive om før: ikkje om kjærleik, ikkje om jobb, ikkje om venar, ikkje om å ikkje ha venar, ikkje om å flytte til ein ny by. den her gongen handlar det om det samiske og tilnærminga til det. det er ikkje sånn at det plutseleg har blitt noko eg tenker på, men det har i aukande grad blitt noko viktig i livet, som eg tenker mykje på og diskuterer med forskjellige folk.

litt oppklaring først: eg snakkar ikkje samisk. eg forstår ikkje samisk. eg har ikkje hatt samiske venar før eg blei saman med ein, og det samiske har ikkje vore særleg sentralt i min kvardag før for omlag halvanna år sidan, da eg ordentleg møtte han eg no er kjæraste med. men eg er frå nord-norge, og om byen min aldri har vore ein knutepunktby for den samiske kulturen eller det samiske språket, har det samiske aldri vore langt unna, sånn i realiteten. mor mi er frå finnmark, kystfinnmark, og eg har alltid lurt på om vi har hatt samisk avstamning. da eg var lita, var eg sikker på at slekta mi ikkje kunne vere norsk. eg var den brunaste jenta i klassen, med mørkt hår og mørke auge, slik var det i mange år, eg tenkte at eg var indianerjente, mor til ei venninne trudde eg var indisk, eg blei kalt "kvit nigger" dei første dagane på ungdomsskulen, på vidaregåande hadde eg ein inside joke med ei i klassen min om at vi var frå colombia (ho var faktisk det, eg har aldri vore i sør-amerika eingong). slik har det vore. eg har tenkt mykje på genar og avstamning og at det er ugler i mosen. grunntanken har vore at "eg er ikkje heilt norsk", på grunnlag av pigmenta og utsjånaden, ikkje fordi eg ikkje er stolt av å vere norsk, glad for å vere norsk, ikkje fordi eg vil si ifrå meg det norske, men fordi det rett og slett ikkje har vore sånn her ei norsk jente ser ut. eg har spurt mor mi gong på gong om vi eigentleg er samer, på hennes side av slekta, og har aldri fått eit JA eller eit NEI, før i fjor i september da vi besøkte ei tante som sa at joda, det er vi. på ein måte falt brikkane på plass, på ein annan måte ikkje. korleis skal ein liksom bli same i starten av tjueåra? må ein ikkje vere same heile livet?

dette er ting eg tenker på. same eller ikkje, mykje handlar om identitet. og mykje av det handlar om å utforske og å bli kjent med ein ny kultur, eit nytt språk, ei ny verd. eg har diskutert det her med mor mi og far min, med kjærasten min, med venar, særleg med utgangspunkt i at eg har lyst å kjøpe meg kofte frå staden mor mi kjem ifrå. ei slik avgjering er vanskeleg og konfliktfylt. far min lurte mellom anna på om eg skulle bli same no, om det ikkje var bra nok å vere norsk. eg tenker at det ikkje treng å handle om å bli det eine og slutte å bli det andre. for min del, handlar det om å finne meir ut om kven eg er, kva eg kjem ifrå, kva eg er eit resultat av, og kva dette betyr. at kjærasten min, familien og slekta hans er samiske, er heilt klart ein katalysator i det heile, noko anna ville vere å lyge. likavel er det meir ei oppmuntring enn noko påtvunget. dessuten trur eg at det går an å fortsatt vere meg, sigrid agnethe hansen frå norge, sjølv om eg går i kofte, som ei slags hedring av det slekta mi har vore ein del av og som fortsatt kan vidareførast. det må gå an å ha to tankar i hodet samtidig.

det er likavel konfliktfylt, det å skulle bestille ei kofte. sjølve bestillinga er ein ting, det å skulle kle seg i kofte og gå ut blant folk, på samefolkets dag og på márkomeannu, krever å vere tøff og sikker på kva eg gjer. kofte er eit plagg metta med assosiasjonar for folk flest. det er eit synleg og tydeleg plagg. er eg klar til å kle meg i det? er eg klar til å vere ein del av ei større gruppe, men som samtidig er ein minoritet, no, etter så mange år på utsida? kva skal eg si til bestemor mi første gong ho ser meg i kofte? kva med venar frå vidaregåande som møter meg i kofte på søttande mai? korleis bygger ein opp styrke til å seie at dette er rett for meg? eg veit ikkje. eg har ikkje peiling. men eg veit at det kjenst meir og meir rett og meir og meir bra å skulle pynte meg i eit plagg knytta til forfedra mine i ei lita bygd i finnmark, og at sápmi også treng overgangsspelare, som alle andre. å bry seg om si fortid, virkar som eit steg i riktig retning. og så får dei andre seie kva de vil, det gjer jo folk uansett.

8 kommentarer:

  1. Dette var fint syns eg. Eg er litt som deg, ein kvart eller ein sjettedel eller ein annan del same. Eg har ikkje kofte, men samelue, og den er eg ordentlig gla i. Om det kjennes rett så er det rett, trur eg.

    SvarSlett
  2. SÅ fint, og viktig og riktig. Og tøft! :-)

    SvarSlett
  3. Signe Bjørnedatter25. september 2011 kl. 19:54

    Så flott, Sigrid! Du kommer te å kle kofte fantastisk godt ;-)

    SvarSlett
  4. Jeg er enig med deg andre - du er kul <3

    SvarSlett
  5. Veldig tøft av deg, og bra det kjennes riktig!

    SvarSlett
  6. Jeg liker dette innlegget veldig godt. Det engasjerer meg! Jeg får veldig lyst til å dele mine tanker også. Det eneste jeg skal si her er at jeg også er same, og at jeg er stolt av det! Det er myligvis derfor jeg får så lyst til å dele det også. Kofte skal jeg også ha, en dag, om ikke alt for mange år håper jeg. Stå på!

    SvarSlett
  7. åh, det her var skikkeleg godt å lese, kommentarane, støttande, varme, gode. gir meg trua på at det går an og er lov å gå i kofte sjølv om ein ikkje er født i lavvu.

    SvarSlett