onsdag 7. september 2011

#denfølelsen

sidan eg pakka snippeska mi og flytta frå harstad for første gong for tre år sidan, har eg stort sett berre hatt meg sjølv å ta vare på, meg sjølv å tenke på og meg sjølv å ta omsyn til. eg har såklart hatt venar, ein jobb og ei tid ein kjæraste, men mykje av kvardagen i oslo var stå opp (aleine), spise frukost (aleine), lese (aleine), seminar/forelesing på universitetet (aleine), jobb (med andre), gå heim (aleine), lage middag (aleine), finne på noko (kanskje med andre), ta bussen heim (aleine), legge meg (aleine). det halve året i paris var på sitt vis heilt annleis, på 35 kvadrat med barbra, i ei leilegheit kor ein måtte gjennom soverommet for å komme til badet, noko som drepte alle forsøk på privatliv, om ein i det heile tatt kunne sjå for seg å prøve å ha eit. at eg aldri var aleine og aldri gjorde noko aleine i paris, er å ta hardt i, men der hadde eg i alle fall eit anna menneske å forhalde meg til, som påverka kvardagen min, og det var ups and downs på ein måte som eg hadde gløymt det kunne vere når ein bur saman med nokon andre. og etter paris, flytta eg tilbake aleine til oslo, og fram til no har eg budd aleine.

NO bur eg saman med to andre jenter eg ikkje kjenner så godt i ei leilegheit i nordens paris. og ikkje berre det, eg bur i same by som kjærasten min. og kvardagen er ein annan enn kva den har vore i tre år før det her. eg overnattar hos han, han overnattar hos meg, berre å kvar dag kunne få vakna ved sidan av den eg helst av alt vil vakna saman med - å herre gud. det er verdt eit par-tre snickers, altså. å ikkje lenger måtte bu på søtten kvadrat, lage middag på same rom som eg skulle sove timar etterpå, spise middagen i kontorstolen framfor tven med hotell cæsar, grine litt på skype kvar kveld over å vere hundretusenmillionar kilometer unna der eg helst ville vere, er mildt sagt lettande. å vakne om morgonen med morraånde, bustehår og små mascararestar og enda føle meg fin fordi smilet hans seier alt som betyr noko #denfølelsen.

5 kommentarer:

  1. omg, gi meg et par tre snickers! christian dro nettopp med toget over fjellet, og tilbake sitter jeg, i denne enorme leiligheten, (alene).

    SvarSlett
  2. (og ps: ta og tjen litt ekstra med monitas, sånn at du kan komme til bergen på besøk snart da?)

    SvarSlett
  3. Jeg er så glad på dine vegne, Sigrid. Alene er ikke alltid så fint, men sammen er <3

    SvarSlett
  4. nydelig. den følelsen håper jeg ligger i enden av denne ståoppalene, leggesegalene, spisemiddagalene-greien jeg holder på med i et annet land enn alle jeg savner akkurat nå. så godt skrevet.

    SvarSlett