søndag 4. september 2011

blue, here is a shell for you/inside you'll hear a sigh


da eg var mindre, kanskje 11, las eg alt eg kom over. kvar laurdag var vi på biblioteket i byen og lånte bøker, lydbøker, vhs-filmar (ofte lånte vi disse hos han som ti år seinare skulle vise seg å bli svigerfar min, men det visste vi jo ikkje da) som eg kasta meg over da eg kom heim, eg las ungdomsbøker over ein lav sko lenge før eg var ungdom. og på barneskulen jobba helga, som var ansvarleg for skulebiblioteket og fikk bøker frå forlag, nokre gongar fleire av ei bok, og av og til fikk eg ei av desse overskotsbøkene, fordi eg var så glad i å lese, eg var ein lesehest, slik ho skreiv på førstesida til "voodoobaby" av francesca lia block, "til en lesehest", står det.

i "voodoobaby" klippar hovudpersonen med same namn ut avisartiklar om katastrofer og teipar dei opp over senga. den eine artikkelen handlar om nokre sør-amerikanarar som finn ei blå lysande kule ute i ødemarka. dei tar kula med seg heim, preller lag av ho og klistrar dei til kroppen som pynt, og dei føler seg fine. litt etter litt tar dei til å døy. det skal vise seg at den blå lysande kula er ein radioaktiv del av maskineriet i eit atomkraftverk.

av ei eller anna grunn, minnar globusen om denne historia, som sikkert er oppspinn funne på ein gong på nittitalet av ein forfattar i los angeles, ei historie som ligg latent i meg, som ein del av ein hukommelse, som om det er noko som har hendt i det faktiske liv, men så tenker eg hardt, også kjem eg på at det var berre i ei bok, det var ikkje på ordentleg, det var berre noko ei las ein plass, eg skal ikkje ta laga av globusen og klistre dei til kroppen min, eg skal berre sjå på han, drøyme meg bort til andre stader, reykjavik - paris - new york - mexico city - tokyo - gøteborg, på eksakt same måte som eg drøymte meg bort kvar laurdag for ti år sidan,
ei tid som aldri kjem tilbake, men som fortsatt er ein del av meg,
og globusen står på soverommet mitt,
lysande blå, blå og lysande,
den lever,
eg lever.

4 kommentarer:

  1. bøkene man har lest blir for alltid en del av en, noen mer enn andre, og det er så fint, syns jeg.

    SvarSlett
  2. Historien er ikke bare oppspinn av en forfatter fra LA, men basert på en virkelig og veldig tragisk atomkatastrofe. Du kan lese mer om det her: http://en.wikipedia.org/wiki/Goi%C3%A2nia_accident

    SvarSlett
  3. oi, det ante eg ikkje! eg har alltid trudd at det var noko ho berre fant opp for det høyrtest så sjukt ut. takk for opplysninga :)

    SvarSlett