lørdag 5. juni 2010

om redsel

i fire år har eg vore livredd for ugler. eg har ekle draumar om ugler, om ugler som berre sitt og ser på meg, at de berre veit ting som eg ikkje veit. det kom berre heilt plutselig, og eg hadde ikkje venta at eg skulle bli redd for noko i "vaksen alder" på same måte som eg var redd for ting då eg var lita og begynte å gråte berre nokon nemnde "heksene" av roald dahl. for nokre veker sidan var eg på musée nationale d'histoire naturelle og såg på utstoppa dyr og hadde hundretusen i puls heile tida og var redd for ugler, utstoppa ugler, og plutselig slo det meg: eg er ikkje berre redd for ugler, men eg er litt redd for andre dyr òg. heilt irrasjonelt. heilt plutselig. heilt dumt.
i dag gikk eg til jardin des plantes, ein kort spasertur frå heimen, og ana fred og ingen fare før eg såg eit skilt kor det sto "menagerie". eg visste at det fantes ein zoologisk hage i jardin des plantes, og av ei eller anna grunn kasta eg meg altså ut i det. eg såg nokre dådyr og då tenkte eg: "eg må sjå meir". eg betalte ein viss sum, fikk kart og billett av dama i kassa. eg såg på billetten min - den hadde eit bilete av ei svær ugle på seg. eg frika litt ut og vurderte å gå tilbake i kassa og seie "excusez moi, mais est-ce que je peux changer mon ticket, j'ai peur des chouettes", men eg er jo 20 år, eg kunne ikkje gjere det. eg kartla kor uglene var hen i parken, og så haldt eg meg langt unna. i staden såg eg på nokre av dei finaste dyra eg veit: flamingoar. og så såg eg roser. og så kjøpte eg meg ein rosa jumpsuit og tenkte at alt det beste er rosa. og at snart må eg vel bli vaksen nok til å kjempe mot frykta, og stille opp, tête à tête, mot ei ugle. sjå ho i auga, strekke ut ei hand og seie "eg er ikkje redd for deg meir". ein dag. ein dag.

4 kommentarer:

  1. når vi var små, fant bestevenninna mi og meg en babyugle. levende. den var dritfin og pyyytteliten, og lagde de søteste lydene jeg har hørt. også fikk den plass i én hånd!

    også var den helt alene i verden. trist og fint.

    det hadde jeg nesten glemt. fint at du minnet meg på det. :)

    kanskje du må tenke på at alle ugler har vært pyttesmå en gang?

    (ps.takk, det samme.)

    SvarSlett
  2. eg har lese ei novelle av roald dahl som heiter "genesis" på norsk (på fransk heiter ho "une vraie histoire"), som handlar om fødselen til adolf hitler. eg så eit bilete av han som baby på ei internettside og då var det mange som hadde skrive at det var heilt feil å skulle laste opp eit slikt bilete, men nokon hadde skrive at "alle har vore små ein gong". både hitler og eg. og alle uglene.

    ...det var eigentlig eit teit eksempel. den babyugla var sikkert dødsfin. eg berre er dritredd. skulle helst tatt ein medisin mot.

    SvarSlett
  3. hahaha, jeg syns det var et dritfint eksempel.
    jeg ble eid, rett og slett.

    jeg syns jo at ulvehvalper(heter det dét?) er relativt søte, så.

    SvarSlett
  4. ps; nå måtte jeg google "hitler baby".

    søt.

    SvarSlett