Viser innlegg med etiketten sigrid 20 år. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sigrid 20 år. Vis alle innlegg

tirsdag 7. september 2010

sjuk



i dag er eg sjuk med nyrebekkenbetennelse og eg drikk sjokomelk frå mummikopp. eg skulle ut og kjøpe ein ny for å trøste meg sjølv, ein med sniff på, men dei hadde ikkje den med sniff på, så det får vente. eg tar antibiotika og det skal eg gjere i ti dagar slik at eg blir frisk, plutseleg sa det PANG i nyrene mine og eg kunne ikkje stå oppreist, og så måtte eg på legevakta og så ligge i sjukeseng og ete jogurt og salte kjeks. no er eg på bedringa sin vei, og det har kanskje noko med sjokomelka å gjere.

fredag 20. august 2010

fredagsfavoritt




bror min er lokal råkkestjerne og kan spille gitar cirka 30 gonger betre enn meg. om nokre dagar blir bror min 18 år og det kan eg ikkje fatte, at tida har kommet så langt, at både han og eg har blitt så store at vi er "vaksne på papiret", men det har ho altså. bror min speler råkkemusikk og et eple i stikka mellom songane. bror min heiter august og er født i august og snart er han stor han òg, men eg skal alltid kalle han minsten, augustus, bror, og det synes eg er veldig fint å tenke på.

onsdag 11. august 2010

lykke i livet, del 1







sommaren har vore hyttetur på sørlandet, bestisbesøk i sandnes/stavanger, fine strømpepants og glittersko, møte med ei heltinne som er minst like fin og triveleg på ekte som på tv, og kaffe i fine koppar på fin kafé i ny og fin genser. det har vore ein kjip sommar kva vêr angår, men gud bedre kor mykje fint eg har gjort og sett og fotografert med meg heim.

onsdag 14. juli 2010

innpust

eg vil at eg skal kunne vere den som ringer og seier hei og at han skal ha lyst til å ta telefonen fordi han ser at det er eg som ringer. eg vil at han skal ta meg med til ein stad eg aldri har vore før og at det skal vere sol og at eg kan ha på meg kjole og at eg ikkje skal synes at det gjør noko at han kan sjå at eg har appelsinhud. eg vil at han skal ville sjå kroppen min slik som han ser ut og at han skal synes at han er fin å sjå på og at han skal ha lyst til å vakne ved sidan av den kroppen kvar dag veldig veldig lenge. eg vil at eg skal kunne ringe han rett før eg sovnar dei gongane vi ikkje søv saman. eg vil at han skal kysse meg sjølv om eg har mårraånde og at han vil pusse tenner med meg. eg vil at vi skal sjå på tv saman og at det ikkje gjer noko om eg kommenterer heile tida eller at vi er stille kjempelenge og at han også skal vere glad i popkorn. eg vil at vi skal le av dei same tingane og at han vil spele musikken sin til meg og at han skal vere stille når han høyrer på min musikk. eg vil at vi skal høyre på joy division saman og at det skal vere meir fint enn trist. eg vil at vi skal krangle og at eg må springe ut etter han når det regnar og ringe på døra hannes med vått hår og seie unnskyld mens eg drypp frå topp til tå. eg vil at vi skal bli venar igjen og at vi skal vere samde om å vere gode med kvarandre og så berre er vi det. eg vil at alt skal vere som ein film. eg vil at han skal vere glad i meg. eg vil at han skal halde pusten litt før han skal kysse meg og at eg skal kjenne det i heile kroppen når han pustar ut igjen. og så er det berre sånn det skal vere.

mandag 5. juli 2010

dagens kjøp, 5. juli


eg sa til inga at eg skulle blogge ting som skjer i harstad og i oslo mens vi er borte frå kvarandre. i dag har eg vore med bestemor mi, ho som minnar om ei frå eldrebølgen, ho vekte meg på telefonen og lurte på om eg ville vere med på kanebogen senter, ikkje i sentrum, og det ville eg jo. gå på bakeri og sjå på folk. og kjøpe rockering. så det gjorde eg. han er rosa og gull og ser ut som at eg skal ha ei løve til å hoppe gjennom han på sirkus. eg har ikkje noko løve, så det får holde med meg sjølv. eg har og lovd meg sjølv at kvar gong eg skal sjå ein episode glee eller seinfeld, så må eg rocke. det høyres ut som ein plan.

torsdag 1. juli 2010

om å skrive

no er eg heime på pikerommet og leitar fram ting i skuffer og skap, gamle kjolar, gamle bøker, gamle tekstar. eg les ting eg skreiv på ungdomskulen, eg merkar at ein stad må eg ha hatt det litt i meg, sjølv om eg henta sjukt mykje frå the smiths, alt skulle på ein måte ha noko med the smiths i seg. men eg var ikkje redd. eg ville berre skrive. eg ville ha fine setningar, fine historier, ofte fortalt frå ein gut sitt syn, gutar i band, gutar med kjærasteproblem, gutar som hatar valentines day og har blomster i baklomma, gutar som er homo og bor med bestemor si. kor hadde eg desse historiene? kor er dei no? no vil eg skrive og ha noko å skrive om. ha eit språk. ha noko å skrive heim om. det er hundre gonger meir vanskelig no. berre å seie til seg sjølv, og kanskje til andre, at "eg vil skrive, det vil eg jo", og så ikkje gjere det i det heile tatt. no er eg i alle fall heime og kan puste frisk luft igjen og berre vere sigrid agnethe litt. kanskje det hjelp.

søndag 27. juni 2010

i was a free man in paris


no har barbra dratt heim, eg har hatt besøk som har dratt heim, og eg skal aldri meir høyre nokon låse opp døra i gangen, berre eg sjølv skal låse opp døra, i to dagar til, og så er det heim. tirsdag skal eg ha alt pakka og klart og sette meg på rer b ut til charles de gaulle og sende alle tinga mine og meg sjølv heim til oslo. eg er så klar for å komme heim no. til å sjå havet. til å høyre folk snakke norsk. til å forstå alt alltid. til å sjå mor mi og far min og bror min igjen. til å ha katta på magen. til å gå overalt heime i harstad utan å tenke på å måtte ta den svette og illeluktande metroen.

men at det blir lenge til eg får sjå eiffeltårnet igjen, er ganske trist. no er det snart over, paris. kva no?

lørdag 26. juni 2010

jenta

eg går forbi ho, med kort shorts og mørkt hår, 30 grader og ho røykar, tynne sigarettar,
kjempar meg forbi ho, kjempar meg forbi dei gamle damene, dei gamle damene med knusktørt hår og rynkar,
eg går forbi ho, økar tempoet,
ser for meg kva for jente ho er,
ei jente som sitt i vindauget på kjøkkenet og nokre gonger på gata, nokre gongar mistar ein stemmen,
ho er den finaste i verda,
ho har ikkje skjønt betre,
ho har ein dårlig hårdag, men alle rundt ho synes at ho er fin,
ho synest sjøl at ho er fin (men kan ikkje sei det høgt)
og eg går forbi ho og eg tenker at ein dag bør ho fatte at ho e bra ho og,
ho er fin ho er bra ho er sterk ho kan gjere det her,

og eg er ho,
det er klart for lenge siden.

tirsdag 15. juni 2010

speil

eg kan hugse då eg var snart 9 år, sommaren før eg blei 10, sommeren før hausten og vinteren eg høyrte beatles for første gong, då las eg sofies verden av jostein gaarder. det var orderudsaka den sommaren, eg hugsar at eg las i dagbladet den sommaren og ein stad las eg at veronica orderud las sofies verden då ho var 10, eit tydelig tegn på at ho var smart, og at eg tenkte for meg sjølv at eg var under 10 og las sofies verden og at eg tenkte på om folk var laga av samme pepperkakemannform eller ikkje, eg las boka då familien min og eg var i vesterålen ved huset vi har eller i det minste hadde der, at eg gjekk langs vegen og snakka med mor mi og far min om dei gamle grekarane og korleis dei tenkte om elementar og pepperkakemenn. seinare kom tv-serien og filmen, eg var heilt hekta, hadde brett- og dataspill òg, alt handla om sofies verden ei stund. i tv-serien står sofie foran eit speil og spør speilet, som om det var oraklet i delfi, "hvem er jeg? hvor kommer verden fra?" i nokre år framover tok eg meg i å tenke sånn sjølv. eg syntes det var heilt sjukt at eg, av alle, var menneske, og at eg, av alle, kunne kjenne og tenke og vere i live, for eit sjansespel, eg såg på meg sjølv i speilet og tenkte "eg er menneske, korfor er eg menneske?"

no kjem den kjensla ofte tilbake. eg pussar tenner, står foran speilet og ser på ansiktet mitt, heilt utan sminke, heilt utan hjelp til å sjå ut slik eg sjølv vil. der står eg. markant nese. mørke auge. tørre lepper. i det heile tatt ser eg ut som ein gut når eg ikkje har sminke på meg. det hender at det gjer meg så sint at eg berre vil knuse alle speil, som om det er speilet sin feil at eg ser ut som ein gut, eg forbannar ansiktet mitt og alle speil som må vise meg det som er rett, det som er meg, det som eg helst ikkje vil sjå. eg er tilbake til spørsmåla til sofie: kven er eg? kor kjem verda frå? blir alt bra til slutt? kan eg pliz få lov til å sjå ut som ei jente når eg ikkje har på meg sminke? kan eg bli nøgd, og kan eg bli det snart?

og aller mest viktig, korfor er eg menneske?

mandag 14. juni 2010

blå mandag

i dag høyrer eg på melissa horn og prøver å få alle tekstane til å passe inn akkurat slik eg vil at dei skal passe inn. nokre dagar må ein berre vere pittelitt blå. nokre dagar må ein berre kjenne at det ikkje berre er godt å ha eit hjarte.

nu ska jag göra vad jag kan
jag ska riva mina murar
tills vi ser varann

onsdag 9. juni 2010

song ved reisa si slutt



no er det 20 dagar igjen, og så drar eg heim til norge. heim til oslo, heim til harstad. 20 dagar til, og så er eg ferdig med paris på ein stund, då skal eg komme tilbake på ferie, men ikkje bu her. ikkje på ei stund, i alle fall. før eg kom til paris, tenkte eg at paris skulle vere ei løysing på noko. eg tenkte at paris vil eg finne meg sjølv, i paris skulle alt bli betre, eg skulle kjenne at eg hørte til her. no kan eg sjå at det var kanskje å ta litt hardt i, litt vel urealistisk, på berre 5 månedar. men paris har vore bra. paris har vore realistisk. som ei knyttneve i magen når ting er vanskelige, som fuglesong om morgonen når ting er bra. eg har lese mykje, eg har snakka mykje, eg har tenkt mykje, drukket mykje vin, spist mykje ost og baguett. eg har vore forelska, eg har holdt hender, eg har elska, in france they kiss on main street, syng joni mitchell, i paris kyssar dei i boulevardane, midt i gata, det har eg gjort. paris har vore gråting på kjøkkenet, gråting i senga, gråt i halsen på metroen, og eit forhold som havarerte og sa at no er det nok, tenk på deg sjølv no. det har vore venninner som er fine og som forstår og som drikk øl og er fulle på vin og dei har vore der, saman med meg, holdt ut hender og når eg ein gong blir gammal, skal eg tenke på kor fint vi eigentlig hadde det og kor heldige vi var og kor godt det var å alltid kunne ha nokon rundt seg, om ein ville det. paris er den lille leiligheta rett ved boulevard st. germain, paris er kjøkkenet til mia, sofaen til heidi og anna, trappa ved sacre cæur, marais, seinen. eg er så glad eg kom. eg er så lei meg for at eg må dra.

men eiffeltårnet skal vere her for alltid og eg kan alltid kome tilbake. eg kjem jo tilbake. eg kjem alltid tilbake.

tirsdag 8. juni 2010

ord for dagen

oh the way they act
i'd rather be fat than be confused

lørdag 5. juni 2010

om redsel

i fire år har eg vore livredd for ugler. eg har ekle draumar om ugler, om ugler som berre sitt og ser på meg, at de berre veit ting som eg ikkje veit. det kom berre heilt plutselig, og eg hadde ikkje venta at eg skulle bli redd for noko i "vaksen alder" på same måte som eg var redd for ting då eg var lita og begynte å gråte berre nokon nemnde "heksene" av roald dahl. for nokre veker sidan var eg på musée nationale d'histoire naturelle og såg på utstoppa dyr og hadde hundretusen i puls heile tida og var redd for ugler, utstoppa ugler, og plutselig slo det meg: eg er ikkje berre redd for ugler, men eg er litt redd for andre dyr òg. heilt irrasjonelt. heilt plutselig. heilt dumt.
i dag gikk eg til jardin des plantes, ein kort spasertur frå heimen, og ana fred og ingen fare før eg såg eit skilt kor det sto "menagerie". eg visste at det fantes ein zoologisk hage i jardin des plantes, og av ei eller anna grunn kasta eg meg altså ut i det. eg såg nokre dådyr og då tenkte eg: "eg må sjå meir". eg betalte ein viss sum, fikk kart og billett av dama i kassa. eg såg på billetten min - den hadde eit bilete av ei svær ugle på seg. eg frika litt ut og vurderte å gå tilbake i kassa og seie "excusez moi, mais est-ce que je peux changer mon ticket, j'ai peur des chouettes", men eg er jo 20 år, eg kunne ikkje gjere det. eg kartla kor uglene var hen i parken, og så haldt eg meg langt unna. i staden såg eg på nokre av dei finaste dyra eg veit: flamingoar. og så såg eg roser. og så kjøpte eg meg ein rosa jumpsuit og tenkte at alt det beste er rosa. og at snart må eg vel bli vaksen nok til å kjempe mot frykta, og stille opp, tête à tête, mot ei ugle. sjå ho i auga, strekke ut ei hand og seie "eg er ikkje redd for deg meir". ein dag. ein dag.

fredag 4. juni 2010

torsdag 3. juni 2010

sommarferie


no har eg ferie, endelig! og det skal eg ha heilt til august. og det her gjer ein når ein har ferie:
spis is, drikk vin, er med venar heile dagen uten at ein merkar at ein vil vere aleine, leker "ligge med, gifte seg med, drepe", søv lenge, spis frokost ilag, drikk brus, heng i sola, heng i parken, snakkar om korleis ting var før og om ting er betre no, lovar kvarandre at vi skal vere venar for alltid, les bøker som ikkje er pensum, opnar heimen sin til dei som vil komme på besøk, også flirar vi mykje.

fredag 28. mai 2010

ting eg tenker akkurat no

eg har glømt korleis stemmene til venane mine i norge høyres ut
eg vil ha gastromat på ostesmørbrøda mine
eg håpar at det ikkje kjem til å fly duer inn i stua mens eg søv i natt
eg håpar blåmerka på knea mine kan bli borte fort så eg kan få vere kjolefin i sommer
eg gledar meg til klokka 12 i morgon. klokka 12 i morgon = ferie. sigrid <3 ferie.

onsdag 26. mai 2010

norma, 20 år



lenge hadde ho stått der, berre venta. lukta på havet. kjent vinden komme inn i ho, saltlukta, det friske. ho sto og trakk inn alt, havet, stranda, kjensla av å vente. vente på at han skulle komme bak ho, stikke hendene rundt hoftene hennar, trekke ho nært seg, kjenne ryggen støte mot brystet og magen hannes. "kan du ikkje møte meg der?" hadde han sagt, inni ho hadde tusen små somarfuglar bryte seg ut fra puppane sine. "møt meg", hadde han sagt. "kom dit", kviskra han, "vær der", og inni ho song tusen små sissikar ein song. no skulle det vere dei. ho lukka auga og trakk inn sjølufta, havet, ho trakk inn alt, alt skulle ho hugse, ho skulle minne alt frå den dagen, kjenne lukta av havet frå håret hannes første gong dei elska. norma lukka auga og smilte og kjente håret fly alle vegar, havet gjer det med pikehår, havet og vinden.
ho begynte å telle ned inni seg. ti. ni. åtte. sju. seks. når eg kjem til 0, står han der, sa ho til seg sjølv, fortsatte. fem. fire. tre. to. en. det må han gjere. null. norma jean åpna auga. ho var åleine. norma jean åpna auga og blei marilyn monroe. marilyn monroe åpna auga og norma jean var igjen på ei strand langt vekke.

tirsdag 25. mai 2010

rock'n'roll party queen


eg har vore på fest og eg falt då eg dansa. det blir aldri vår for meg utan at eg fell og slår knea mine. knea mine er alltid brune eller lilla og ser ut som ein fotballspelar sine etter å ha takla konkurrenten litt for månge gonger. eg er ikkje fotballspelar. eg berre dansar. dansar som ein gærning, drikk som ein sjømann.

torsdag 13. mai 2010

arbeidsulykke


i går var eg ute på galeien og det til gangs. utan å gå for mykje i detalj, kan eg seie så mykje som at allmenntilstanden min va på eit slikt nivå at moa og heidi måtte ta litt vare på meg. på eit tidspunkt stilte dei meg fleire kontrollspørsmål for å sjekke at eg ikkje var heilt amøbe, "ka e adressa di i norge, sigrid?" og sånt. så spurte dei: "ka like du aller best, sigrid?"
og da svarte eg: "stekt torsk. og kokt torsk."

av og til er eg berre altfor bra.

tirsdag 11. mai 2010

ein dag skal eg og bli gammal

eg kjenner ingen gamle menneske som er gamle på ekte. eg kjenner berre meg sjølv. heilt sidan eg var lita, har eg eigentleg vore gammal. ein liten olding i eit barn sin kropp. i dag sa eg til barbra at når eg blir gammal på ekte, så kjem det til å bli ein overgang ingen kjem til å merke særlig godt. eg går rundt og krøkar meg, halder meg på hoftene og seier "åååh korr stiv æ e...", et wienerbrød, må ha melk i kaffien, liker å gå på konditori betre enn å gå på kafé, det beste eg veit er lukta av stekt fisk og løk ilag, det beste eg veit å ete er saltfisk, eg liker kombinasjonen mørk sjokolade og mint (helst i form av operamints), er manisk oppteken av vêr, og eg synes alt var betre før. ja, sigrid 20 år er ikkje langt frå sigrid 70 år. måtte det berre komme.