søndag 30. mai 2010

slå meg på




forrige helg var barbra og eg på konsert med cocorosie. cocorosie høyres ut som ei blanding av dei skumlaste eventyra då du var liten ("snødronningen" for min del), dei suraste dropsa i smågodtet, rosa sukkerspinn, å springe barbeint og små blå fuglar. både skremmande, sjokkerande og søte på samme tid. dei spelte ein fin cover av ein ganske stygg song, og den songen har vore i hjernen min sidan. slå meg på. slå meg på. slå meg på. plis.

fredag 28. mai 2010

ting eg tenker akkurat no

eg har glømt korleis stemmene til venane mine i norge høyres ut
eg vil ha gastromat på ostesmørbrøda mine
eg håpar at det ikkje kjem til å fly duer inn i stua mens eg søv i natt
eg håpar blåmerka på knea mine kan bli borte fort så eg kan få vere kjolefin i sommer
eg gledar meg til klokka 12 i morgon. klokka 12 i morgon = ferie. sigrid <3 ferie.

latterkrampe


(det her har eg stjåle frå heidi, som du kan finne på http://kvalogactionfilm.blogspot.com)

noko av det aller beste eg veit, er når eg er fyllesjuk og glad. når eg er fyllesjuk og glad, flirer eg så mykje at eg får ondt i magen. eg må krøke meg som ei gammal dame, flire uten stans, flire så mykje at eg nestan virkar gal. det er kjekt. slik flirte eg på søndag då vi gjekk til rer-stasjonen frå huset vi sov i den natta, fem på to madrassar, og det var sol og eg var så glad og eg hugsar eg tenkte at no kan ingenting knekke meg. og så lo eg så mykje at eg knakk.

onsdag 26. mai 2010

norma, 20 år



lenge hadde ho stått der, berre venta. lukta på havet. kjent vinden komme inn i ho, saltlukta, det friske. ho sto og trakk inn alt, havet, stranda, kjensla av å vente. vente på at han skulle komme bak ho, stikke hendene rundt hoftene hennar, trekke ho nært seg, kjenne ryggen støte mot brystet og magen hannes. "kan du ikkje møte meg der?" hadde han sagt, inni ho hadde tusen små somarfuglar bryte seg ut fra puppane sine. "møt meg", hadde han sagt. "kom dit", kviskra han, "vær der", og inni ho song tusen små sissikar ein song. no skulle det vere dei. ho lukka auga og trakk inn sjølufta, havet, ho trakk inn alt, alt skulle ho hugse, ho skulle minne alt frå den dagen, kjenne lukta av havet frå håret hannes første gong dei elska. norma lukka auga og smilte og kjente håret fly alle vegar, havet gjer det med pikehår, havet og vinden.
ho begynte å telle ned inni seg. ti. ni. åtte. sju. seks. når eg kjem til 0, står han der, sa ho til seg sjølv, fortsatte. fem. fire. tre. to. en. det må han gjere. null. norma jean åpna auga. ho var åleine. norma jean åpna auga og blei marilyn monroe. marilyn monroe åpna auga og norma jean var igjen på ei strand langt vekke.

tirsdag 25. mai 2010

rock'n'roll party queen


eg har vore på fest og eg falt då eg dansa. det blir aldri vår for meg utan at eg fell og slår knea mine. knea mine er alltid brune eller lilla og ser ut som ein fotballspelar sine etter å ha takla konkurrenten litt for månge gonger. eg er ikkje fotballspelar. eg berre dansar. dansar som ein gærning, drikk som ein sjømann.

mandag 24. mai 2010

august




eg har ein bror, han heiter august og blir snart 18 år. snart er august litt meir vaksen, men han skal alltid vere lillebroren min. han skal alltid vere mindre enn meg. og når han er mindre enn meg, så er det veldig lett for meg å oppføre meg som at eg er mykje større og betre enn han. at eg veit betre. kven som kan avgjere kven som veit betre, er ikkje opp til meg. august var på besøk hos meg for nokre veker sidan, og sidan da har vi ikkje snakka så mykje fordi eg sa nokre dumme ting. som eg kanskje ikkje meinte heilt slik eg sa dei. dessverre seier ein dumme ting av og til. men sjølv om ein seier dumme ting, så betyr ikkje det at ein ikkje er glad i kvarandre. eg er veldig veldig veldig glad i lillebror min. vi kranglar ikkje ofte, og no når vi gjør det litt, så er det berre dumt og kjipt. men vi blir jo venar igjen til slutt. blir vi ikkje, august? unnskyld. eg er så glad i deg, og du skal sjå at ein dag kjem det ei tatovering det står "bror" i (men då bør du fanden meg ta "søster!). er det okei? unnskyld. eg veit ikkje alltid best, sjølv om eg trur det altfor ofte. la oss bli venar igjen. okei?

søndag 23. mai 2010

"det er jeg som er tacokongen"

vi har besøk i helga, av siv, ei venninne av barbra. ho har fortalt meg følgande fun fact om kong harald (og eg elskar jo kongefamilien og alt sånt, så å høyre ein fun fact om dei er perfekt): når kongen får vele kva dei skal ha til middag på slottet, kva vel han då? jo, då tar han taco. det skal vere santa maria tex-mex. det her synest eg er uhyre festlig. eg ser for meg kongen sitte der, på slottet, og hive i seg tacoskjell med eit stort smil rundt munnen. kong harald er ikkje berre konge. det er faktisk han som er tacokongen. det er kong harald og eg.

små stikk av lykka


sol, park, det er varmt, cocorosie-konsert, kald øl, blå mr. freeze, fest i ein hage, å snakke fransk, danse til you're such a good looking woman, flire av meg sjølv, få skrubbsår, danse meir, ha venninner som er så fine at blodet mitt kjennast som sukkerspinn.

og å kunne sjå ut som ei spansk senorita, berre av og til.

torsdag 20. mai 2010

paris ups and downs

eg driv for tida og blir intervjua til eit magasin heime i oslo som skal fortelje andre studentar korleis det er å vere i utlandet og vekke lysta i dei. to av spørsmåla er kva eg synes er det vanskelegaste med paris og kva eg elskar meg paris. tenkte eg kunne dele med dykk, om nokon skulle vere interesserte.

"kva er det verste/vanskelegaste med paris?"
Storbymentaliteten, særlig for meg som kjem frå ein liten knøttby i Nord-Norge, kan vere vanskeleg å forhalde seg til. Folk på metroen som berre glor på deg. Ein så stor by kan få ein til å føle seg veldig liten, slikt merkar ein ikkje på ferie, slikt merkar ein berre av å bu ein stad over lengre tid. Og så er det noko med mentaliteten, særlig hos unge gutar. I Norge er folk så sjenerte, ser berre ned, møtar aldri blikket til nokon. I Paris glor dei og ropar ting etter dei og forventar at du skal bli sjarmert i hel. Det har endå ikkje skjedd.

"kva elskar du med paris?"
For eit spørsmål, kva skal ein svare? Det er så mykje. Det er ei skattekiste av ein by. Det er alltid noko som skjer, alltid noko å sjå, alltid noko å bruke tid, kreftar og pengar på. Paris er så samansatt, og ikkje ein dag er lik. Paris kan gje deg det du vil ha. Paris kan få meg til å føle meg som ei lita Amélie på gode dagar, Paris kan få meg til å kjenne meg som den finaste jenta i byen, gjere meg varm om hjartet. Det er berre så mykje!


joda. eg elskar deg, paris. eg gjer jo det. gledar meg til vi skal få litt tid ilag når eg er ferdig. eg lovar at det skal bli kjekt.

tirsdag 18. mai 2010

17. mai 2010


ting eg har gjort i dag:

spist rømmegraut til frokost (takk til heidi som laga ein sjukt god graut som gjorde meg mett i fleire timer)
kost meg med bringebærdrops på lesesalen
fått tilbake semesteroppgåva 6 timer etter å ha levert ho
lånt bort og sidan gitt bort ei penn til ein gutt som satt ved sidan av meg
kjent meg som ei blanding av ei budeie og askepott
fått postkort med bilete av kongefamilien i posten
ikkje sett eit korps, folk i bunad, ungar som skrik fordi dei har mista gassballongen sin
lengta litt heim

og hatt på meg ein fin kjole

søndag 16. mai 2010

søndag



det er nesten ingenting eg veit om som er meir søndagsfint som belle and sebastian. det er så mjukt. så fint. om eg nokon gong skal vere med i eit band nokon gong igjen, vil eg vere som isobel og synge med fin stemme som høyres ut som rømmegraut og fløyel på samme tid.

korfor?

korfor må du vere sånn her?
korfor må du sitte deg ved sidan av meg når heile vogna er tom?
korfor må du spørje meg om veien til stoppet ditt?
korfor må du spørje meg om kor eg kjem ifrå?
korfor korfor korfor kan du ikkje sjå at eg er ikkje interessert, eg prøver å sjå ned på mobilen min, finne eit nummer å ringe, trykke på den grønne telefonen og trykke JA, ring! og han seier "you are beautiful" og eg håpar at du kjem til å ta telefonen, eg seier det høgt høgt høgt inni meg, ta telefonen, det tar 6 ring og så kan eg høyre stemmen din, "hei" seier du som frå ei anna verd,
fyren ved meg i den tomme vogna tar meg på kneet, eg viftar han bort med hånda mi,
eg seier til han at eg ikkje er interessert, peikar på telefonen, det er nokon der som ventar på meg,
det er mitt stopp plutselig og han held meg igjen, sperrar utgången, eg bryt meg ut, eg skal faen meg ut, hotel de ville, eg er ti minutt heimefrå, det her skal faen meg gå.
eg er nestan heime og rett ved butikken står ein guttegjeng og drikk øl og peiker på meg og roper "ma belle!" og eg vil berre rekke tunge og inni meg døyr eg litt,

og eg vil berre seie til alle dei som aldri har vore i paris og tenker at det er den beste staden i verda: ja, det er fint her. eg elskar paris. det er den finaste staden eg sjølv veit om. det er fint her heilt til du skjønner at dei som bur her er heilt mongo i hovudet. då startar du å hate paris. og eg ser fanden meg ut som dei.

lørdag 15. mai 2010

14 dagar

om 14 dagar er det ferie.
spør du meg, kunne ikkje det virke lenger unna. ferien står på ein båt utti oslofjorden, eg sitt på ein benk på aker brygge og kan sjå båten vagt, kan sjå eit vesen som prøver å vinke til meg, eg må myse, halde handa rett over bryna mine, speide utover. ferien er vanskelig å sjå. eit sekund synes eg å tru at eg kan høyre nokon rope navnet mitt, nokon som roper "sigriiiiiiiiid", som ei havfrue i nød, eller som mor mi som vil at eg skal komme ned å ete middag. det er ferien som roper. tar all oppmerksemda mi, suger meg til seg, "siiigriiid", eg reiser meg frå benken, ser mot båten, men den har ikkje kommet seg nærmare, eg kan ikkje så ferien, ferien vinkar ikkje meir til meg, den er altfor langt unna.

og brått er eg tilbake i paris med eit word-dokument foran meg og eg vil helst berre spy og hive dokumentet ditt kor pepparen gror. det er eit heilt hav mellom meg og ferien. eit fjorten dagar langt hav. eg vil berre legge på svøm.

torsdag 13. mai 2010

arbeidsulykke


i går var eg ute på galeien og det til gangs. utan å gå for mykje i detalj, kan eg seie så mykje som at allmenntilstanden min va på eit slikt nivå at moa og heidi måtte ta litt vare på meg. på eit tidspunkt stilte dei meg fleire kontrollspørsmål for å sjekke at eg ikkje var heilt amøbe, "ka e adressa di i norge, sigrid?" og sånt. så spurte dei: "ka like du aller best, sigrid?"
og da svarte eg: "stekt torsk. og kokt torsk."

av og til er eg berre altfor bra.

onsdag 12. mai 2010

ønskeliste

- ei ferdigskrevet oppgåve
- sol
- sommerferie
- mulberry bayswater i sånn fin lysebrun skinnfarge
- kullsyremaskin
- sommarferietur til berlin
- godteri frå den svenske butikken karamäll i rue des martyrs
- belle and sebastian på øya
- fekteskills
- besøk av ein god ven
- at det skal komme postkort i posten
- å få danse mykje i sommar

og sist, men ikkje minst
- aprikosmakronar

tirsdag 11. mai 2010

ein dag skal eg og bli gammal

eg kjenner ingen gamle menneske som er gamle på ekte. eg kjenner berre meg sjølv. heilt sidan eg var lita, har eg eigentleg vore gammal. ein liten olding i eit barn sin kropp. i dag sa eg til barbra at når eg blir gammal på ekte, så kjem det til å bli ein overgang ingen kjem til å merke særlig godt. eg går rundt og krøkar meg, halder meg på hoftene og seier "åååh korr stiv æ e...", et wienerbrød, må ha melk i kaffien, liker å gå på konditori betre enn å gå på kafé, det beste eg veit er lukta av stekt fisk og løk ilag, det beste eg veit å ete er saltfisk, eg liker kombinasjonen mørk sjokolade og mint (helst i form av operamints), er manisk oppteken av vêr, og eg synes alt var betre før. ja, sigrid 20 år er ikkje langt frå sigrid 70 år. måtte det berre komme.

mandag 10. mai 2010

paris je t'aime

det beste med paris, synes eg, er alle nyansane.
her kan ein finne dei største motehusa og klede som kostar 3 euro.
ein kan ete middagar som kostar det kvite i auget eller ein kan ete ein panini på hjørnet.
eg kan spasere i gatene eller sitte heime og sjå ut vindauget.
eg kan snakke fransk eller eg kan snakke norsk om eg vil det.
eg kan gå på ein stor kino og sjå ein hollywood-film eller eg kan sjå rocky horror picture show på ein liten kino rett neddi gata (eg har ikkje gjort det her endå, men det kjem!).
for meg handlar ein stor del om mat, om klede, om kultur, om stemning. som timbuktu seier, "om det ofatteligt stora och det pytte små".
det handlar om små barn som ser ut som vaksne, kledd i grått.
det handlar om katter som smyg seg rundt i bakgårdar.
det handlar om lukta av kvitlauk.
det handlar om å stå heilt tett inntil framande på metroen.

og i dag handla det om ein gammal prest som sto rett foran meg på metroen og las ein lommebibel. det handla om han, og den unge jøden som satt til høgre for meg og las ein lomme-tora, som han kyssa før han la tilbake i lomma.
alle desse kontrastane, alle desse folka, alt det her eg aldri kjem til å bli ein del av, berre sjå frå utsida, samtidig som at eg kan sjå heilt fransk ut.

paris, eg elskar deg. eg skal bli betre å seie det til deg. eg kviskrar det når eg går langs seinen. eg tenkjer det når eg sit på metroen ein tidlig morgon. eg ropar det ut i vårkvelden når du har skjenka meg all vinen din, spring ut i høge heler, "paris eg elskar deg!".

paris, du er det finaste eg veit.

søndag 9. mai 2010

ting andre har sagt til meg #1

"it feels like i've been in paris forever. it feels like i've been here for ... 20 years." - sylvia, 4 år

"trouvez ceux qui sont très belles, juste comme vous" - mann, rundt 80, om mandarinar på franprix

lørdag 8. mai 2010

girlfriends

noko av det eg synes er det finaste av alt i verda, og kanskje særlig no, er å ha gode jentevenar. gode jentevenar er verkelig ordentlig fint. jenter ein kan drikke vin med, jenter ein kan danse med, jenter ein kan flire seg ihjel med, jenter ein kan vere på nippet til å gråte med, jenter ein kan gå på kafé med, jenter ein kan sitte heime og berre slappe av med, jenter ein kan sjå sex & singelliv med (sjølv om begge har sett alle episodane fleire gonger før), jenter ein kan lese blad med, jenter ein kan ete taco med, jenter ein kan vere bakfull med, jenter ein kan sove i same seng med og våkne og flire av alt som skjedde dagen før, jenter ein kan nestan krangle med før ein skjønner at det ikkje er vits, jenter ein kan ta ein kaffe i ein pause fra lesesalen med, jenter ein kan sende melding til og berre skrive "kan æ bare få si at han espen lind e skikkelig kjekk?" eller "æ skulle ønske det va melodi grand prix kvær dag." til, jenter ein kan møte på ein søndag klokka 14 og berre gå rundt i byen, jenter ein kan snakke tunga av seg med, jenter ein kan sitte og vere heilt stille med, jenter som kan bestille sjokolademilkshake når eg vil ha vanilje, jenter ein kan ta buss til nye plassar med, jenter ein kan sitte i parken i mange timer med, jenter ein kan låne klær av, jenter som seier at du kan berre ta deg ein dusj om du vil når du har overnatta, jenter ein kan sjå på twin peak heilt til auga går bak i hjernen med, jenter ein kan begynne å røyke med, jenter ein kan snakke på skype med i mange timer, jenter ein kan dra på oslo city med, jenter ein kan dra på stockfleth's i lille grensen med og snakke om korleis det her skal bli ein stamplass når vi er 70 og fortsatt vil gå på kafé på laurdag formiddag, jenter ein kan spele piano med, jenter ein kan stå på ein liten scene på campingarealet på roskilde og synge DIVA i like regnjakkar med, jenter ein kan kjede seg med, jenter ein kan hoppe opp og ned på ein uteplass med fordi dei plutselig speler joy division, jenter ein kan ha løyndomar med, jenter ein kan vere glad i og vite at alt er bra så lenge ein har gode jentevenar. til alle som er mine jentevenar: takk. de gjer dagane mine fine, og det er fordi de er så sjukt fine og bra.


(ps. eg liker guttevenar og, men det får eg spare til ein annan gong)

torsdag 6. mai 2010

om barn


i dag hadde eg ein fin samtale med mia og dylan, som er skotsk erasmus-student, om ungar. dylan spurte meg "would you like to have kids?" og da svarte eg at ja, det vil eg. eg vil veldig ha kids. det var ordentlig fint å ha ein samtale om framtid og om ein vil ha ungar og kordan ein vil at ein sjølv skal vere når ein får ungar. eg skal lese roald dahl høgt for mine ungar og bygge lego med dei og vere ei god mamma. eg håpar at når eg blir mamma, så kan eg bli ei like god mamma som mor mi har vore for meg. og at eg får ungar som er like kule som eg var då eg var 6-7, sjå berre her. kven vil vel ikkje ha noko slikt i hus?

tirsdag 4. mai 2010

plaster på såret




foreldrane mine og bror min har dratt heim i dag.
som plaster på såret, har eg to posar ostepop fra OWL. men det er ikkje alt - eg har og to par tresko.
dét er godt nytt. no kan det godt bli sommar.