fredag 8. november 2013

Feministisk fredag



Ofte høyrer eg folk seie at vi har likestilling i Norge. Ofte les eg at vi har nådd mål, og at no må vi begynne å sjå til utlandet og finne meir alvorlege tema å bry oss om. Nokre meiner at likestillinga har gått for langt. Dette er meininger det er lov å ha, og eg skal ikkje på nokon måte ta dei ifrå nokon. Men eg kan gjere eit forsøk på å utfordre dei. Og det vil eg gjerne gjere.

Ei oppfatning av likestilling, er at det inneberer at kvinner og menn har like retter. Det vil seie lik lønn for likt arbeid, like stor sjanse til å få jobb og at ein skal ha dei same mulegheitene til å oppnå dei same måla. Kort sagt: Likestilling betyr at det er like lett å vere jente som å vere gut. At det er like lett å vere kvinne som å vere mann, i Norge i dag, eller i verden generelt. Og så kan ein stille seg spørsmålet: Er det slik?

Det er sjølvsagt vanskeleg å gje svar på eit slikt problem. Grunnen til at eg kom til å tenke på det, var at eg var på ein debatt om netthets mot kvinner i går. Der blei det stilt spørsmål om kva det er som gjer at nokon sitt heime og hetser kvinner på nett. Kva er det som gjer at nokon blir provosert av at kvinner får ta del i eit offentleg ordskifte? Kor kjem alt hatet ifrå, og kven er det som står bak? Sjølvsagt er dette store, vanskelege spørsmål ein ikkje kan svare på i ein debatt eller i eit blogginnlegg, men ein kan sjølvsagt prøve.

Eg trur, og det her sa eg også høgt til slutt på debatten, at ein stor grunn til at menn (for det er oftast dei som står bak) kjem med rett fram hatefulle ytringar på nett, kjem av verkelegheitsbildet deira. Dei meiner at kvinner skal vere objekt, ikkje subjekt, altså kan dei godt finnast i verda, men dei treng ikkje å snakke høgt om kva dei meiner. Kvinner kan dra på Jentekveld på Glassmagasinet og sjå på dei nyaste kolleksjonane frå Rosendahl, eller dei kan vere med i reklamer for maling (men ikkje male, berre velje ut farga og så få mannen til å male), eller dei kan få vere kropp. Og her speler media ein stor rolle. Av og til kan det virke som at nokon på db.no sitt og har ein intern konkurranse om kor mange puppe/rumpe-illustrasjonar ein kan ha på ulike sakar i løpet av ein dag. Eit døme på dette som har brent seg fast i mitt hovud, er eit bilde av ei dame som står bikinikledd på stranda med ein koffert, med baken til kamera. Saka handla om utbetaling av skattepengar.

Problemet er så at dette vidareførast nedover i samfunnet generelt. Det er greit at damer er deilige, men da skal dei helst ikkje meine så mykje. Dei må gjerne ytre seg, men helst ikkje om farlege ting som politikk, religion, det multikulturelle samfunn, kultur eller samferdsel. Ellers er det fritt fram. Dei må gjerne blogge, men helst om overfladiske ting. Og unge jenter og kvinner må for min del blogge så mykje dei berre vil om kroppen sin og om puppane sine og leggje ut nærbilde av kroppsdeler og bilde som heilt klart speler på pornoestetikk. Det må dei berre gjere. Men da er dei også nødt til å reflektere over at det er ein grunn til at dei gjer det, og at dette er eit uttrykk for noko. Kva er så dette noko? Unge jenter blir i stor grad observante på at deira popularitet kan målast i kropp og i utsjånad. Dei får likes og kommentarar og blir rusa på all oppmerksomheita dei får når dei legg ut bilde av kroppen sin på internett. Gutar gjer ikkje det same. For det er ikkje likheitsteikn mellom gutar og kropp. Det er ikkje slik at gutar = kropp, på same måte det er slik for jenter. Det er ikkje den same eksponeringa, eller den same forventninga om at ein skal bry seg om kroppen sin på same måte, eller i same skala. Det er mykje lettare å kritisere ei dame som meiner noko basert på korleis ho ser ut eller at ho er kvinne i det heile tatt (som til dømes Sandra Borch har fått merke) enn ein mann. Ein politiker får mykje meir kritikk for korleis ho ser ut og korleis ho kler seg om ho er kvinne enn om det er ein mann. Å kritisere ein mann for utsjånaden eller vekta, blir sett på som uverdig. Ein bruker ord som "dum blondine", men eg har aldri høyrt nokon seie "ein dum blond mann". For det finst ikkje. Ein mann er ikkje dum eller kort i pappen fordi han har blondt hår, men ei kvinne er det.


Dersom vi skal få full likestilling i dag, dersom vi skal kome eit sted i samfunnet der det er like lett å vere jente som å vere gut, så må vi lære unge folk, og spesielt unge jenter, at dei har meir å gå på, meir å spele på, meir av verdi, enn kroppen sin. 

Spør deg sjølv: Lever vi i eit likestilt samfunn? Om du lever i same verkelegheit som meg, er svaret sannsynligvis "nei, dessverre".

tirsdag 5. november 2013

om å reise, å vente.



skulle vi nokon gong kunne seie til kvarandre at alt var verdt det? at vi skulle reise verda rundt, sjå nye sted, gå oss svette opp til det høgaste punktet i byen og sjå utover alle desse hustaka og vite at under dei taka bur det folk, folk som kyssar kjærasten sin slik dei kyssar mor si, folk som vegrar seg for å skifte dorull når det er tomt, folk som seier høgt at dei foretrekk pulverkaffe framfor vanleg kaffe med meir smak. at vi skulle kunne ta kvarandre i hendene mens vi gikk gjennom verdas nest største urskog, at eg skulle kunne kjenne på angsten for å møte noko framand som potensielt kunne skremme vatnet av meg, at du skulle få meg til å stikke handa inn i eit hull i bakken for å kjenne på den varme lufta som kom ut og eg skulle tenke at denne verda har meir å by på enn eg nokon gong kjem til å forstå. at vi skulle sitje på fly til eit anna land og lese bøker vi ikkje har lese før og kanskje sovne i flysetet og vakne med ondt i nakken, og plutseleg rakk vi ikkje å gi søppelet til flyvertinna som kom forbi, og så sitt vi der med dårleg samvit og veit at den tomme posen med pulverpadder må ho rydde opp når vi har gått ut av flyet og ventar på bagasjen, og det skal alltid nye folk inn på flyet, flyet skal alltid vidare.
og skulle eg vente på deg når du flyr rundt og ser nye byar, nye land, du sover i rom eg aldri kjem til å sove i, du møter folk eg aldri kjem til å treffe, får nye venar på facebook som eg kanskje aldri kjem til å bli kjent med. du har pakka med deg kortbukser, og utanfor vindauget mitt kjem det stadig meir snø, og rundt deg er det sikkert mykje fargar og lukter du ikkje har kjent før, men her luktar det pulverkaffe og ein komfyr frå 1970-talet og det einaste med fargar er det rosa superundertøyet mitt som eg alltid har på når eg sit heime og skriv.
og sjølvsagt er det verdt det og sjølvsagt ventar eg, sjølvsagt kjem du alltid heim, og sjølvsagt reiknar eg alltid timane til eg høyrer stega dine på trappa, sjølvsagt er eg alltid heime når du kjem heim, sjølvsagt kjem du alltid heim, sjølvsagt ventar eg.