inspirert av
hanne blei dagen i dag ikkje berre ein grå og regntung mandag, men også ein kjøttfri mandag. da eg budde aleine, hendte det ofte at eg laga kjøttfrie middagar, men no blir det oftast slik at vi spis kjøtt til middag. og det synst eg er heilt fint og eg er veldig glad i dei fleste typar kjøtt, men eg synst også det er fint å kunne ete vegetarisk innimellom. ikkje nokon stor filosofi bak, altså, berre ei avveksling. og avveksling er fint.
uansett! eg lagde samosa til middag. eller eit forsøk på samosa i alle fall. og det er så lett og så supergodt at det burde alle andre også lage, eigentleg. så her kjem den første oppskrifta eg nokon gong har lagt ut her!:
du treng (til omlag 10-15 stykker)
4-6 kokte potetar, kutta i terningar
100 gram grønne erter
ein finhakka lauk
to finhakka kvitlauksfedd
grønn chili kutta fintfintfint (her kan ein velje litt sjølv etter kor glad ein er i sterk smak, eg brukte ein heil)
ein liten bit fersk ingefær, omlag ei teskje (her kan ein velje litt sjølv etter kor glad ein er i ingefærsmaken, sjølv synst eg det kan bli litt for mykje av det gode om ein overdriv)
så mykje fersk koriander du berre vil
ei teskjei gurkemeie
ei teskjei garam masala
litt spisskummin
litt salt
vårrullpapir (her har eg juksa litt, for eigentleg skal ein lage ein eigen deig, men vårrullpapir var lettare tenkte eg)
smakfri olje til steiking
(om ein vil ha andre grønnsaker i eller kjøtt for den saks skuld, så er det sikkert berre å peise på med det ein sjølv synst er godt, eg har berre prøvd med desse, sjølv om planen eigentleg var å bruke kikerter.)
slik gjer du!
1. kutt potetar i terningar og bland dei i ein bolle saman med ertene
2. finhakk lauken, kvitlauken, ingefæren og chilien. steik lauken til den blir gylden og mjuk, tilsett så kvitlauk, ingefær og chili. når alt er mjukt og fint, tilsett du krydder. la lauk-blandinga kjøle seg pittelitt ned før du blandar det saman med potet- og erter-blandinga.
3. tilsett fersk og oppkutta koriander i blandinga og bland godt.
4. legg ei spiseskjei pluss på vårrullpapiret og brett i den fasongen som passar deg (dei skal jo teoretisk sett vere trekanta, men det fikk eg rett og slett ikkje til, så mine blei rektangulære. men det er jo smaken som er det viktigaste). pensle med egg eller vatn for å lime kantane.
5. steikast i smakfri olje. typ frityrsteikast. og så kan du legge dei på matpapir slik at dei får rent av seg før du et dei.
6. et. nyt!
takk for meg, helsing sigrid the chef.