onsdag 24. august 2011

bill.mrk.: ny by

ei dame i førtiåra med trenchcoat, fine sko, oppsatt bleika hår, snakkar i mobiltelefonen, går fram og tilbake på fortauet foran spar-butikken og stryker handa opp til auga, liksom under solbrillane, eg forstår at ho snakkar i telefonen og græt,
eg lurer på korfor ho græt, kva ho snakkar om,
eg tenker at heldigvis er det ikkje berre eg som er sånn, som lar tårar falle på stader alle kan sjå meg og tenke at der står ho der og græt,
eg såg aldri nokon gråte blant folk i oslo, kanskje sommaren har endra noko,
endra meir enn berre kor eg befinn meg,
for plutseleg er eg her, i same by som den gråtande kvinna, og her skal eg bli,
i alle fall er det slik det skal vere i nokre år framover, minst to, MINST to,
og det kjenst bra,

det har begynt å bli mørkt på kveldane,
og eg går, brukar beina, som vanleg, lager indre kart for ein by eg ikkje kjenner gatene til,
men eg skal bli kjent,
eg tar bussen og sett meg ved vindauget for å sjå alt,
og ein kveld eg går gatelangs tenker eg på at her er det hus, her står folk ute og røyker, her står folk i avsideliggande gater og ventar på bussen, her plukkar folk rips i hagen, her kjøyrer folk til obsen for å handle, her går folk på trynet framfor andre og det er okei,
og dette fant eg ikkje i oslo, eg leita ikkje, eg ville at oslo skulle vere lukka, hemmeleg, mystisk,
i alle fall myta om oslo, den skulle vere hemmeleg, by på noko eg aldri fikk vite kva var,
sjølv om det sjølvsagt ikkje var sånn, eg kjente folk, eg kjente gater, eg kjente hus,
men aldri nok, aldri nok til at oslo blei åpen og kjent nok,
og på same måte som eg elska det framande i oslo, tiltrekkast eg av det heimlege her,
folk bur i hus, i ekte hus, laga av tre, med rullegardin og røykeveranda, ikkje bygårdar frå 1800-talet,
og for å vere heilt ærleg, kjenst det fint å vere her.
det kjenst rett.
håpar det skal bli betre for ho som græt og.

torsdag 18. august 2011

livsteikn

hallo!

eg lever. har flytta. bur i ei leiligheit utan internett (foreløpig), men på eit stort rom med mykje plass, ein stol, ei seng, ei kemborini-fin lampe. og snart skal de få sjå, eg skal bare få fingeren ut, det er mykje å vise, mykje å sjå, så hald fram, hald ved, det kjem snart meir, eg må bare få fingeren ut og komme meg i gang, bli med.

torsdag 4. august 2011

ei liste ein heilt vanleg torsdag

ting å sjå fram til:

- utbetalinga av studielånet
- lønningsdag
- hellas-turen eg skal på snart
- siste arbeidsdag
- den dagen dei to små føflekkane ved leppa mi har blitt store nok (eg får stadig nye føflekkar/pigmentflekkar i fjeset, kvar og ein er like velkommen)
- å klippe ny frisyre
- å flytte til tromsø
- at sigbjørn kjem tilbake frå danmark på torsdag
- å kjøpe fjällräven-jakke og nye haustsko, kanskje til og med støvlettar
- å få eit nytt rom eg kan gjere noko heilt nytt med, heilt frå skrætsj
- den stekte fisken vi skal ha til middag
- å kjøpe nye klær til første skoledag
- første skoledag
- kanskje få ny jobb (leiter!)
- mamma sin bursdag
- lillebror sin bursdag
- min bursdag
- emmagret sin bursdag
- å få besøk i tromsø
- hausten
- fellesmiddagar hos meg eller hos sigbjørn
- å bu i same by som kjærasten
- å leite etter ein perfekt lenestol og bilderammer på bruktbutikkar
- å bli brevvenn med heidi
- å kunne sjå familie og slekt oftare når eg flyttar til tromsø
- å få kofte
- å spise stekt fetaost i hellas
- å drikke kald fanta i hellas
- å symje kvar dag i hellas
- hellas hellas hellas
- ny frode grytten-bok
- i morgon, når eg ikkje må stå opp tidlig og ha tidligvakt

kva ser de fram til for tida?

onsdag 3. august 2011

"hva er kjærlighet for deg?" #2


(#1: her)

1. å tørre å vere utan sminke, med briller, ikledd collegegenser og grine foran han
2. å kysse på metroen i andre land
3. å vakne med andletet mot hans og tenke "så heldig æ e" den dagen óg
4. å ikkje måtte snakke saman heile tida, lese teikneseriar medan ein et frokost, liksom
5. å ligge på senga og høyre på lydbok saman
6. å ha ein å sende melding til rett før ein sovnar og rett etter ein har vakna
7. å lage eggerøre til meir enn ein om gongen
8. å kjøpe gave og skrive "fra sigrid og sigbjørn" på kortet, som ei stadfesting
9. å ikkje vere redd for å seie "æ vil ha dæ for mæ sjøl"
10. å få coop-kort ilag

kva er kjærleik for deg?