Viser innlegg med etiketten ting eg vil ha. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ting eg vil ha. Vis alle innlegg

torsdag 4. august 2011

ei liste ein heilt vanleg torsdag

ting å sjå fram til:

- utbetalinga av studielånet
- lønningsdag
- hellas-turen eg skal på snart
- siste arbeidsdag
- den dagen dei to små føflekkane ved leppa mi har blitt store nok (eg får stadig nye føflekkar/pigmentflekkar i fjeset, kvar og ein er like velkommen)
- å klippe ny frisyre
- å flytte til tromsø
- at sigbjørn kjem tilbake frå danmark på torsdag
- å kjøpe fjällräven-jakke og nye haustsko, kanskje til og med støvlettar
- å få eit nytt rom eg kan gjere noko heilt nytt med, heilt frå skrætsj
- den stekte fisken vi skal ha til middag
- å kjøpe nye klær til første skoledag
- første skoledag
- kanskje få ny jobb (leiter!)
- mamma sin bursdag
- lillebror sin bursdag
- min bursdag
- emmagret sin bursdag
- å få besøk i tromsø
- hausten
- fellesmiddagar hos meg eller hos sigbjørn
- å bu i same by som kjærasten
- å leite etter ein perfekt lenestol og bilderammer på bruktbutikkar
- å bli brevvenn med heidi
- å kunne sjå familie og slekt oftare når eg flyttar til tromsø
- å få kofte
- å spise stekt fetaost i hellas
- å drikke kald fanta i hellas
- å symje kvar dag i hellas
- hellas hellas hellas
- ny frode grytten-bok
- i morgon, når eg ikkje må stå opp tidlig og ha tidligvakt

kva ser de fram til for tida?

søndag 9. januar 2011

ting eg vil, 2011

(må ikkje forvekslast med "nyttårsforsett", det her er berre ting eg vil, ikkje seier eg skal, det vil vise seg, ein såkalt "backfire")

- reise meir det her semesteret, eg har allereie vore ein dag i kiruna og kjørt gjennom svensk og finsk bekkmørk skog, om alt går etter planen blir det paris om ikkje altfor lenge, og så har eg kjøpt billettar til (og fra) budapest i april

- bli flinkare til å lage heimelaga grateng til middag

- bli flinkare til å lage heimelaga suppe til middag

- drikke meir te og gå oftare på palais de thés for å finne godsakar

- gå på bristol og drikke kakao

- lage gulrotkake og invitere veninner over

- gå på kaffefuglen og drikke chai latte på dagen, gå på fuglen og drikke mojitos på kvelden

- (flytte)

- finne ut kva eg skal studere til høsten (denne gruar eg meg mest til)

- kjøpe minst tre nye mummi-koppar

- kysse meir

- le endå meire

- dra ut og danse med veninnene mine

- skrive og sende fleire postkort

- finne ut korleis eg kan starte mi eiga detektivbedrift (her treng eg hjelp!)

- lage fleire spelelister i spotify

- klemme meir på venar

- sjå håkan live igjen

- gå meir på ski

- berre kjøpe bukser eg veit passar

- vere meir impulsiv

- gå meir på kafé

- lese på senga

- kose meir på hunden tussa

- sjå gossip girl med inga


jaja, då er det berre å sette igang!

kva vil du i 2011?

onsdag 25. august 2010

rom ved havet


bestefar min og kona hannes har eit hus i vesterålen som ligg heilt nede ved havet. der ser kjøkkenet sånn her ut. då eg var der i sommar, hadde eg ikkje vore der på mange år, kanskje 4, kanskje 5. og så blei eg plutseleg forelska. ein gong skal det huset bli litt mitt og då skal eg sitte der om sommaren og drikke kaffi og skrive og gå tur til fyrtårnet og fiske og halde mannen min med selskap. ja, for mann skal eg jo ha. hundre år fram i tid, men mann skal eg jo ha. så kan vi sitte ved kjøkkenbordet og sjå på havet, sjå på kvarandre, sjå på maten, sjå ut vindauget, sjå på kvarandre. huset har eg. treng berre mann.

tirsdag 17. august 2010

ny hobby

siden inga har vore sprek og lur dei siste månadene mens eg har vore i paris, har ho funnet ein ny hobby som eg kan få vere med på. nokre gongar i veka har vi treningsdag. i dag har det vore treningsdag, og vi har jogga tre rundar rundt voldsløkka med lett kveldsregn som følge. eg følte meg ganske tøff då eg var ferdig og hadde vore flink med jogginga og hadde svettemerkar på innsida av albuen. no skal vinen og baguettane og lesesal-snickersane bort. hei haust. hallo midje. xoxo, sweaty spice

torsdag 1. juli 2010

om å skrive

no er eg heime på pikerommet og leitar fram ting i skuffer og skap, gamle kjolar, gamle bøker, gamle tekstar. eg les ting eg skreiv på ungdomskulen, eg merkar at ein stad må eg ha hatt det litt i meg, sjølv om eg henta sjukt mykje frå the smiths, alt skulle på ein måte ha noko med the smiths i seg. men eg var ikkje redd. eg ville berre skrive. eg ville ha fine setningar, fine historier, ofte fortalt frå ein gut sitt syn, gutar i band, gutar med kjærasteproblem, gutar som hatar valentines day og har blomster i baklomma, gutar som er homo og bor med bestemor si. kor hadde eg desse historiene? kor er dei no? no vil eg skrive og ha noko å skrive om. ha eit språk. ha noko å skrive heim om. det er hundre gonger meir vanskelig no. berre å seie til seg sjølv, og kanskje til andre, at "eg vil skrive, det vil eg jo", og så ikkje gjere det i det heile tatt. no er eg i alle fall heime og kan puste frisk luft igjen og berre vere sigrid agnethe litt. kanskje det hjelp.

onsdag 12. mai 2010

ønskeliste

- ei ferdigskrevet oppgåve
- sol
- sommerferie
- mulberry bayswater i sånn fin lysebrun skinnfarge
- kullsyremaskin
- sommarferietur til berlin
- godteri frå den svenske butikken karamäll i rue des martyrs
- belle and sebastian på øya
- fekteskills
- besøk av ein god ven
- at det skal komme postkort i posten
- å få danse mykje i sommar

og sist, men ikkje minst
- aprikosmakronar