eit pikebarn med hjartebank skriv blogg om grå dagar, lyserosa skyar, gode vener, fine folk, musikk ein kan danse til, filmar ein kan grine til, også handlar det ganske mykje om kjærleik.
torsdag 3. mai 2012
torsdag: det löser sig
i dag er ein sånn dag kor steinar i magen lettar:
- eg fikk bytte boka eg hadde kjøpt feil og fikk kjøpe ny bok pluss ei sminkemappe med plass til alt som til og med var fin. pluss at da eg hadde fått hjelp til å finne fram boka eg skulle ha, ropte mannen som hjalp til "LYKKE TELL!" og da svarte eg "teeeenk ju" på nordnorskengelsk
- eg snakka om målsaka med forelesaren min mens vi spiste felleslunsj med resten av dei frå programmet som ville det (eg fikk dessutan den siste resten av havregrauten dei hadde i kantina, blir uhørt glad av slikt, alltid leit når eg skal ha lunsj og dei er tomme)
- den kvinnelege forelesaren sa "så pen du e i dag!" før eg skulle halde framlegget mitt og eg berre who ho hoooo og så eide eg det framlegget
- eg fikk innsyn i søkarstatistikken til studiet eg har søkt til hausten og plutseleg fått trua på at eg kanskje kan få plass
- eg laga vegetarsamosa til middag og det blei skikkeleg godt og eg bare high-fiva meg sjølv
- eg bestemte meg for å slutte fred med ein av mindre indre demonar og no føler eg meg omlag tre kilo lettare (men det er tre kilo frå magen, altså!)
moralen er: stå opp klokka 8 og kle deg fint, så ordnar alt seg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Høres ut som en skikkelig bra dag! Min dag begynte med mange steiner i magen og jeg syntes veldig synd på meg selv, men så skjedde det flere hyggelige ting, jeg fikk blant annet en telefon jeg har ventet på, og så ble det en veldig bra dag til slutt.
SvarSlettheldigvis blir det sånn innimellom, og bra er det! dagen i dag er litt sånn som den songen her (til tross for at det snør i tromsø for augneblikket): http://www.youtube.com/watch?v=CF6C9kkVzrQ
Slettkjørte den samme taktikken i dag, bare med å stå opp enda en time tidligere. heia når alt ordner seg!
SvarSlettja, det er berre heia heia heia!
SlettDette er det mamma kaller en "vitamindag" :D
SvarSletteit passande namn, rett og slett :)
Sletthvilket studie har du søkt på til høsten? :)
SvarSletteg har søkt masterstudie i samfunnsplanlegging og kulturforståing, som eg held på med bachelor i :)
SlettJuhu! Dette innlegget fikk meg til å smile.
SvarSlettgodt å høyre :) god helg!
Slett