tirsdag 1. mai 2012

utgang april, inngang mai

kanskje nokre gongar er det greit at det snør i mai.
kanskje nokre gongar er det greit at snøen legg seg på augevippane dine, at du går gjennom kvit ny snø i grønne støvlar, at du kan sitte inne og sjå ut og sjå snøen dale dale dale (kvil i fred, alexander dale oen).
kanskje roar det meg at noko anna er i ulage, ikkje berre eg, for snø i mai, det får meg til å tenke at noko ikkje er som det skal, eller kanskje er det som det skal, her nesten 70 grader nord, og kanskje hadde eg berre gløymt at det var sånn her det skulle vere, vår i nord, snø som legg seg og held deg inne.

og kanskje skal du berre ligge inne på ein sofa og sjå i taket og tenke deg om. tenke på om ting endrar seg, om du kan bli vaksen, om du kan slutte å bry deg, om du kan få vekk den vonde klumpen i magen kvar gong du møter den personen, om du snart kan stå opp for deg sjølv og seie til deg sjølv at det er du som vinn til slutt, ikkje tru noko anna.

du kan tenke på at du snart er 23 og at 23 er ingen alder, men likevel er det det, mor di fikk deg da ho var 23, du burde vere på veg ein stad, og det er du, du er på veg ein stad, det må du skjønne, det er så mange ting du er nødt til å skjønne, og to av desse tinga er: det kjem til å snø på ukurante tider når du har busett deg på nesten 70 grader nord. du er ei vakker jente med eit hjarte som elskar meir enn du kan forklare.

ta det til deg,
ver så snill.

5 kommentarer:

  1. klem.
    (det der med om man kan bli voksen: vi er to. om det hjelper noe.)

    SvarSlett
  2. <3 nydelig, men så sårt strevet. Og sjølv om eg bare er atten, så kjenner eg meg igjen i det der med å bli voksen.

    SvarSlett
    Svar
    1. det med å bli vaksen er nok ei universell greie. frykten for ikkje å klare det. men det går an!

      Slett