festen i går var fin, så fin at heile den her dagen helst skulle ha vore levd frå senga. men eg har vore oppe og vore modell i nokre timar med auge som rant som nidelven stille og vakker du er. her er eg model of duty. no skal eg sjå på seinfeld og vente på at eg blir sulten nok til å lage kveldsmat. i morgon er det tilbake til livet. det blir fanden meg kanon.
eit pikebarn med hjartebank skriv blogg om grå dagar, lyserosa skyar, gode vener, fine folk, musikk ein kan danse til, filmar ein kan grine til, også handlar det ganske mykje om kjærleik.
Viser innlegg med etiketten ute på galeien. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ute på galeien. Vis alle innlegg
søndag 7. november 2010
søndag i sirup
festen i går var fin, så fin at heile den her dagen helst skulle ha vore levd frå senga. men eg har vore oppe og vore modell i nokre timar med auge som rant som nidelven stille og vakker du er. her er eg model of duty. no skal eg sjå på seinfeld og vente på at eg blir sulten nok til å lage kveldsmat. i morgon er det tilbake til livet. det blir fanden meg kanon.
lørdag 6. november 2010
laurdagshjarte
Etiketter:
fine ting,
helg,
laurdag,
ute på galeien
onsdag 20. oktober 2010
om å gå på trynet, og så går det bra etterpå
(bildet er det mariell som har tatt)her om dagen sa eg til ein ven av meg at eg driv med ein performativ bachelor i skam. det er noko litt knausgård-aktig over det heile. kvar gong eg er på fest, eller har fått i meg litt for mange øl, kjem dei raraste utsegna ut av meg. eg er heilt master of the universe og har så gode idear og gode innspel at eg kunne ha fått nobelpris av mindre, slik eg ser det sjølv når eg er innhylla i bacchus si ånd. det er ikkje måte på, eg skal skrive bøker, eg skal vere forelska heile livet, og eg veit dritmykje om musikk. medan det varer, er eg heilt konge. det finst ikkje den ting som kan knekke meg, eg durar fram, gjerne tilbakelent og med ein sigarett for hånda. så går eg heim og legger meg, og vaknar i fosterstilling dagen etter. SA eg det? til HO? her-re-gud. det er til å få angst av. eg går heilt totalt på trynet av og til, lirar av meg dei raraste ting, sender dei merkelegaste smsane, må gjømme hovudet under puta når eg vaknar og blir minna på alt som skjedde kvelden før. men så går det bra etterpå. eg må minne meg sjølv på at eg er så himla herlig og at ingen flirer så høgt som meg når eg er glad. det tar eit par dagar, og så er alt slik det skal igjen. så går det bra etterpå.
torsdag 13. mai 2010
arbeidsulykke

i går var eg ute på galeien og det til gangs. utan å gå for mykje i detalj, kan eg seie så mykje som at allmenntilstanden min va på eit slikt nivå at moa og heidi måtte ta litt vare på meg. på eit tidspunkt stilte dei meg fleire kontrollspørsmål for å sjekke at eg ikkje var heilt amøbe, "ka e adressa di i norge, sigrid?" og sånt. så spurte dei: "ka like du aller best, sigrid?"
og da svarte eg: "stekt torsk. og kokt torsk."
av og til er eg berre altfor bra.
Etiketter:
det beste eg veit,
sigrid 20 år,
skam,
ute på galeien
Abonner på:
Innlegg (Atom)