søndag 27. juni 2010

i was a free man in paris


no har barbra dratt heim, eg har hatt besøk som har dratt heim, og eg skal aldri meir høyre nokon låse opp døra i gangen, berre eg sjølv skal låse opp døra, i to dagar til, og så er det heim. tirsdag skal eg ha alt pakka og klart og sette meg på rer b ut til charles de gaulle og sende alle tinga mine og meg sjølv heim til oslo. eg er så klar for å komme heim no. til å sjå havet. til å høyre folk snakke norsk. til å forstå alt alltid. til å sjå mor mi og far min og bror min igjen. til å ha katta på magen. til å gå overalt heime i harstad utan å tenke på å måtte ta den svette og illeluktande metroen.

men at det blir lenge til eg får sjå eiffeltårnet igjen, er ganske trist. no er det snart over, paris. kva no?

2 kommentarer:

  1. det er noen som har begynt å spille trekkspill og fiolin på t-banen av og til. også går de rundt med hatten etterpå.

    så du kommer til å få pyttelitt paris en gang i blandt - om du kommer tilbake til oslo. :)

    SvarSlett
  2. så ein kan ta jenta ut av paris, men ein kan ikkje ta paris ut av jenta? det høres bra ut! og jo, til oslo kjem eg jo, så då kan eg vel berre glede meg!

    SvarSlett