onsdag 9. juni 2010

song ved reisa si slutt



no er det 20 dagar igjen, og så drar eg heim til norge. heim til oslo, heim til harstad. 20 dagar til, og så er eg ferdig med paris på ein stund, då skal eg komme tilbake på ferie, men ikkje bu her. ikkje på ei stund, i alle fall. før eg kom til paris, tenkte eg at paris skulle vere ei løysing på noko. eg tenkte at paris vil eg finne meg sjølv, i paris skulle alt bli betre, eg skulle kjenne at eg hørte til her. no kan eg sjå at det var kanskje å ta litt hardt i, litt vel urealistisk, på berre 5 månedar. men paris har vore bra. paris har vore realistisk. som ei knyttneve i magen når ting er vanskelige, som fuglesong om morgonen når ting er bra. eg har lese mykje, eg har snakka mykje, eg har tenkt mykje, drukket mykje vin, spist mykje ost og baguett. eg har vore forelska, eg har holdt hender, eg har elska, in france they kiss on main street, syng joni mitchell, i paris kyssar dei i boulevardane, midt i gata, det har eg gjort. paris har vore gråting på kjøkkenet, gråting i senga, gråt i halsen på metroen, og eit forhold som havarerte og sa at no er det nok, tenk på deg sjølv no. det har vore venninner som er fine og som forstår og som drikk øl og er fulle på vin og dei har vore der, saman med meg, holdt ut hender og når eg ein gong blir gammal, skal eg tenke på kor fint vi eigentlig hadde det og kor heldige vi var og kor godt det var å alltid kunne ha nokon rundt seg, om ein ville det. paris er den lille leiligheta rett ved boulevard st. germain, paris er kjøkkenet til mia, sofaen til heidi og anna, trappa ved sacre cæur, marais, seinen. eg er så glad eg kom. eg er så lei meg for at eg må dra.

men eiffeltårnet skal vere her for alltid og eg kan alltid kome tilbake. eg kjem jo tilbake. eg kjem alltid tilbake.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar