fredag 18. juni 2010

boksaren og eg

eg ligg i ei seng ein stad i verda, ein stad som kunne vere kor som helst, ein stad som er akkurat der eg er, det finnes ein stor forskjell mellom det store og det lille, og der ligg eg, i den senga. og foran meg, står det ein som eg snart skal seie "eg er forelska i deg" til. han veit det ikkje enda. han står foran meg, han snakkar om ting eg ikkje veit noko om, men ikkje som om eg er dum og ikkje veit noko, men som for å gje meg ein liten bit av verda si, gje meg innsyn i noko nytt. han snakkar om muhammad ali, boksaren, cassius clay, eg veit ingenting om muhammad ali, han veit meir enn meg. han fortel meg at mohammad ali hadde eit eiget slag, ei finte, eit triks, som berre han kjente og som kunne slå ut alle som prøvde å komme mellom han sjølv og gullet. han står foran meg og vil vise meg trikset, trippar, nesten dansar foran meg, trikset til muhammad ali, og eg ligg på senga og vil at han aldri skal slutte å fortele meg slike ting. han visar meg trikset og rundar av historia, ser ned på meg og seier at no er showet over, sånn er det, sånn var det, og eg ligg på senga og tenker at om nokon nokon gong skulle ha filma ein liten bit av livet mitt, så skulle det vere no, der eg ligg og ser på han som fortel historia om muhammad ali og verkelig vil fortele meg ho, nokon skulle ha filma der eg låg i det augeblikket eg bestemte meg for å vere forelska i han. for sånn er det på film.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar