Viser innlegg med etiketten mandag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mandag. Vis alle innlegg

mandag 3. oktober 2011

du är ett måndagsbarn (not)


denne mandagen har så langt vore ein av dei mest typiske mandagane i verda: spiste knekkebrød til frokost mens eg las ein veileiar til den nye plan- og bygningsloven, så på at det var grått og regn ute, gikk på jobb, var på jobb, gikk heim for å lage laks til middag for éin. i kveld skal eg lese sosiologi og sjå så mange episoder av sex og singelliv som ein kan gjere når ein også skal lese sosiologi. det mest spennande som har skjedd sålangt i dag, er at eg spiste ein ciabatta med eggesalat og spekeskinke til lunsj og at eg kjøpte ein heilt perfekt ullkardigan i prima kvalitet på ein bruktbutikk. så heilt bak mål er det ikkje, men altså, kom ån, mandagar er ganske kjipe greier, og særleg dei mandagane du vaknar aleine, spis frokost aleine, middag aleine, kveldsmat aleine, legg deg aleine, for kjærasten er i eit heilt anna land. akkurat i dag må eg berre gjere noko så det snart skal bli onsdag og han skal komme heim og halde hardt rundt meg. berre seks og ein halv time til tirsdag, da.

mandag 29. november 2010

"literature, as genette says, 'like any other activity of the mind, is based on conventions of which, with some exceptions, it is not aware.'"

eg har eksamen i strukturalistisk poetikk. det handlar om å finne fram til system som gir meining i ein tekst og korleis det kan ha meining, og ikkje bry seg om kva meininga er. eg har fått ei oppgåve som passar meg ypperleg, i alle fall i dag, eg ventar eit bunnpunkt i morgon, men fram til då er eg nøgd. eg drikk mengdar med grønn te og har heilt sjukt fint sollys inn i leiligheita i dag, og så kjem pappa på besøk seinare og da skal han lage middag til meg og så kan få klage litt på rotet og kanskje hjelpe å henge opp adventsstjerna mi. det blir fint. eg har aldri vore så roleg som det her på ein eksamen, og eg tenker at det skal gå bra, den her gongen skal eg klare det, og det håpar eg verkeleg at det skal. pust ut, pust inn. god mandag, ønsk meg lykke til!

mandag 14. juni 2010

blå mandag

i dag høyrer eg på melissa horn og prøver å få alle tekstane til å passe inn akkurat slik eg vil at dei skal passe inn. nokre dagar må ein berre vere pittelitt blå. nokre dagar må ein berre kjenne at det ikkje berre er godt å ha eit hjarte.

nu ska jag göra vad jag kan
jag ska riva mina murar
tills vi ser varann