mandag 4. oktober 2010

trimkvarteret



eg har starta å trene igjen, etter ein tørkeperiode på nestan to år. to år er ganske lenge utan å trene særleg mykje, men det går overraskande bra, altså. dørstokkmila er verst, som vanleg, og det er litt pes å måtte ha med seg klede til trening på universitetet, men det går greit, og eg har kjøpt ein fin rosa jakke frå nike som eg kan ha på meg når eg går heim frå treninga. til no har eg prøvd meg på bokseaerobics, step og jogging. jogging er definitivt favoritten, bokseaerobics kan gå og legge seg. men éin ting er det eg ofte tenkar på. folk seier at det er så godt å trene. at det er så deilig. at dei endeleg kan slappe av. der er dei faen meg på villspor, totalt på bærtur. det gjør ondt, det er litt kjedeleg, og eg vil helst berre bli ferdig og bli superfit på ein to tre utan å eigentleg måtte gjere så mykje for det. mest av alt kjenner eg meg som pensjonistane i pastellfarga piquet-trøyer i på formiddagen i eit program sendt på nrk1 med songen ovanfor i introen. innstillinga er god, men eg kan sikkert ta meir i. så kan eg plystre heilt til banken.

1 kommentar:

  1. Men det er så godt å ha det litt vondt, kjenne at kroppen duger, at hjartet bankar og musklane svir, og det er berre å finne trening som ein likar. Aerobics er ganske latterleg då, einig der.

    SvarSlett