mandag 11. oktober 2010

mål for hausten 2010


den her hausten skal eg vere lur og smile og sjå ned og ha hemmelegheitar og røpe litt no og då, men helst ha det heilt for meg sjølv og kanskje ein anna. og så skal eg høyre mykje på musikk utan ord, som til dømes denne songen av ryuichi sakamoto (og det burde de òg gjere!), og ha fin kåpe og hanskar som ligg i veska om det skulle bli kaldare enn då eg gjekk ut første gong. fin haust fin haust fin haust.

2 kommentarer:

  1. oi, det var ein nydeleg song. det er som om nokon speler på klaffane i hjartet mitt.
    eg likar at du skriv på nynorsk :)

    SvarSlett