onsdag 27. oktober 2010

ting som får meg til (nesten) å begynne å grine


å grise på klede eg har tatt på meg for første gong etter å ha vaska dei (dårleg)

vaksne menn og vaksne damer som sitt aleine på kafé midt på dagen og drikk halvliterar (dårleg)

kattungar som nettopp har opna auga og held på å lære seg å gå (fint)

utsikta frå sacre cæur i paris, særleg om det er litt sånn smog i lufta slik at det blir litt tåkata og så kan sola skinne ned på byen, men og om det er skikkelig fint vêr, det er fint da også (og kyrkja frå innsida, ein kan bli religiøs av mindre (eg blei ikkje det då, men det er verdt å nemne)) (bra)

når barn må skiljast frå foreldra sine av ein eller annan grunn, særleg på film eller på tv, då skal det ikkje mykje til før eg tar til tårane, og eg grin alltid når eg drar frå foreldra mine eller dei drar frå meg og eg skal liksom vere vaksen (litt trist)

lost in translation, særleg den siste scena når han kviskrar i øyret hennar og dei kyssar, men også fleire scenar mot slutten, som den der dei ligg på senga og snakkar om livet og om alt kjem til å gå bra til slutt og ho snakkar om at ho ikkje kan noko og at alt berre blir sånn passe bra, fy fasan, då kjem tårane (trist men litt fint òg)

tanken på at det er krig og at eg ikkje kan gjere noko med det (dårleg)

folk som døyr og så er det ingen som veit om det eller bryr seg eller kjem i gravlegginga (skikkelig trist)

at oslo ikkje er paris på hausten (ganske triste greier)

at det finst ein som syns at eg er pen (skikkelig bra)

når det er skikkelig skikkelig skikkelig fin himmel (bra)

å tenke på faren for å bli heilt blakk på ekte (veldig dårleg)

når det er så trangt på metroen i paris at nokon tar meg på rompa (sint og dårleg)

gamle damer som har pynta seg med alpeluer og ørepynt (då blir eg berre rørt)

tanken på at han som seier "vi er venner på level 1000" og elskar at eg les høgt for han, sitt og glisar spent for seg sjølv medan han ventar på at eg skal lage stemmen til dei ulike karakterane, ein dag skal bli borte frå kvardagen min (sjukt trist)
når eg har gjort sånn at ein person ikkje er sint, men skuffa (berre dårleg)

når nokon ser på meg med tårar i auga (smittande)

å tenke på at eg har kjempefine venar og venninner og familie og ein som eg potensielt kan halde i handa (det finaste)

og akkurat no, den her songen, han er så fin, akkurat som ein song skal vere, eg vil synge, eg vil danse, eg vil at den skal vere min, at den skal handle om oss, at eg kan stoppe verda med den her songen (veldig fint)



kva får deg til å ville begynne å grine?

7 kommentarer:

  1. Å kutta lauk og chili i auget. Og når foreldre bli stolte av barna sine på film.

    SvarSlett
  2. Ensomme gamle mennesker. Når andre blir glad. Egentlig, så gråter jeg av alt. Litt for mye,kanskje. Engang så gråt jeg av Pimp my ride. Det sier jo litt.

    SvarSlett
  3. Når folk er sinte på meg. Trist kjærleik på film. Når Boxer dør i Animal Farm.

    SvarSlett
  4. ... og That Joke Isn't Funny Anymore av The Smiths.

    SvarSlett
  5. Jeg gråter av det meste. Det er nesten flaut. Nasjonalsangen, 17. mai generelt, parader, andre som gråter, "Mitt hjerte er ditt" av May Britt Andersen, bryllup, løk, begravelser, bursdager, you name it!

    SvarSlett
  6. Kent: Mannen i den vita hatten (16 år senare) Har grått til den på konsert på Roskilde, på Slottsfjellet, på Norwegian Wood, på Sentrum Scene... Og har grått til den på bussen og på gatene.

    SvarSlett
  7. Deilig er jorden på julafen. HVER ENESTE GANG.

    SvarSlett