søndag 20. mars 2011

nummer 200

hei alle,

det her er innlegg nummer 200! bloggen har klart seg i snart eit år, og altså 200 postar om paris, om kjærleik, om musikk, om venar, om fest, om grå dagar, om lyserosa skyar. eg er fortsatt kjempeglad for at de vil lese her og for at de orkar å komme innom og kommentere, og til alle vil eg berre seie HALLO! takk!

det her er alt eg har å seie akkurat no, eg har lite motivasjon for tida, men snart kjem mor mi og så kjem det ei ny helg, og så skal eg skrive, og så kjem sigbjørn, og så reiser vi til budapest, og alt det der burde vere inspirerande og motiverande nok.

og så, om de vil tacka livet, som eg prøver litt på innimellom, trykk her og prøv sjølv.

takk for meg, ha ein god søndag!

2 kommentarer:

  1. hurra og gratulerer med to hundre og masse god tur til budapest!

    SvarSlett
  2. Seinn kort! :)

    SvarSlett