eg har den siste tida tenkt mykje over min eigen motivasjon for å ha ein blogg. sjølv les eg svært få bloggar, stort sett berre dei som venar av meg skriv, og det er fine bloggar skrive av fine jenter. dei skriv fint om fine ting, og det synst eg er fint.
men eg vil ikkje alltid ha det sånn sjølv.
eg tar meg sjølv i å vinkle ting slik at dei skal høyrest meir spesielle ut og meir sukkersøte ut enn det dei eigentleg er, sånn at det skal passe inn i ein mal for kva som skal til for å ha ein søt og fin blogg, men eg trur ikkje at eg vil ha det sånn alltid. eg veit ikkje heilt kva eg vil. men eg er ganske sikker på at eg har lyst til å skrive meir om det som ikkje alltid er så fint. kvar dag er ikkje sukkerspinn og grønn te og søte dyr og skjørtekantar og glitter.
eg vil skrive meir om ting som gir klump i magen, eller om berre heilt vanlege ting. om dårlege hårdagar, om hakk i plata, om middagar som er heilt ok. om å bli meir og meir nevrotisk og sjenert med åra, utan å prøve å romantisere det. om å vere redd for hundar. om å vere skikkelig dårlig til å halde kontakt med slekta.
eg veit ikkje korleis eg skal få det til eller om det går eller om nokon kjem til å lese det, men eg skal i alle fall prøve å vere så lite sukkersøt som muleg, og sjå kva som kjem ut av det. kanskje eg allereie er på villspor.
du må skrive om det du føler, om hva som skjer! du må ikke være bekymret om å ha en søt blogg, men bare en blogg som viser den du er. :)
SvarSlettja, ja og ja
SvarSlettsannheten er jo det fineste av alt, så skriv om den!
SvarSlettdessuten er det mer enn nok søthappy blogger om livet på rosa sukkerspinnskyer som det er. vi vet jo at de lyver, de må jo vaske opp, krangle, banne, betale regninger og føle seg teite eller ensomme de også.
jeg høres det høres ut som en fantastisk ide! jeg kommer til å lese, tro meg. siden hjartesmil linka til deg har jeg lest hvert eneste innlegg og alle er like fine, selv om de ikke nødvendigvis er søte :)
SvarSlettjeg vil lese. og jeg syns det er en utmerket ide; å skrive om det som ikke er fullt så fint også. viktig og fint. heia sigrid!
SvarSlettSkjønner veldig godt hva du mener. Har faktisk akkurat skrevet et innlegg om det selv.
SvarSlett