eit pikebarn med hjartebank skriv blogg om grå dagar, lyserosa skyar, gode vener, fine folk, musikk ein kan danse til, filmar ein kan grine til, også handlar det ganske mykje om kjærleik.
onsdag 16. mars 2011
frokost og finske gutar
ein gong for lenge siden overnatta eg hos heidi og anna etter ei lang natt ute med mykje raudvin og ei crêpe til nattmat. det var lenge siden eg hadde overnatta hos nokon, og overnatting når du er full og stor er litt anna enn korleis det var da eg var liten og hadde med meg alt muleg og foreldra mine måtte kjøre heim og hente tannbørsten om eg hadde gløymt han, overnatting i fylla inneber ikkje tannbørstar eller sminkefjernar eller pysjamas. uansett. vi vakna dagen etter og spiste frokost saman med anna og wheaton, kjærasten til anna, og det var så godt, brød og syltetøy og jus og kaffe og eg flirte mykje, slik eg ofte gjer når eg har vore ute på livet dagen etter. anna og heidi snakka mykje, og særleg godt hugsar eg ein samtale som var cirka sånn her:
heidi: eg møtte ein skikkelig fin gutt ein gong, han var halvt gresk og halvt...finsk? finske gutar e så fine.
anna: nei, det er ikke sant, for jeg var i helsinki og det var ingen fine gutter der. ingen.
heidi: jammen dei er sikkert slik som eg likar, sånne kjekke, sånne som eg likar.
anna: nei, heidi, det var ingen, alle var stygge, ingen var kjekke, og vi leita skikkelig, jeg LOVER.
heidi: jammen eg kunne ha dratt dit og eg hadde sikkert kunne funnet ein, ein kjekk ein, slik eg likar.
anna: NEI HEIDI DET VAR INGEN KJEKKE GUTTER I FINLAND!
heidi: jooooooo.
og slik var det. ikkje heilt jon fosse eller henrik ibsen, men det har eg ikkje sagt heller, og dessuten var det nesten slik det var, og det var ein varm dag og seinare tok eg eit langt bad for meg sjølv og flirte godt og lenge.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
fint. jeg liker det, jeg liker sånt, sånne helt vanlige samtaler som man husker allikevel, fordi de er litt annerledes, det er noe med omstendighetene og humøret og hva som har skjedd før og hva som kommer til å skje etter.
SvarSlettHaha! Jeg liker sånne tilfeldige utvekslinger som man husker i lang tid etterpå, kanskje uten helt å skjønne hvorfor. Vin og overnatting og frokost og sære samtaler - ja, takk.
SvarSletthaha, eg hugsar den diskusjonen! trur me hadde den fleire gongar. finske gutar altså. men han guten eg date'a var halvt finsk og halvt fra algerie, men født i paris. han altså. broke my heart.
SvarSlett