lørdag 4. desember 2010

om paul mccartney



det er inga tvil om at john lennon alltid har vore min favoritt-beatle. då eg var lita, las eg bøker om lennon, memorte datoar, visste kva tid han blei skutt foran dakota-bygninga i new york, visste at songen "julia" er vel så mykje til yoko som til mora, og i filmane er det john som er han kule som får alle til å flire. eg veit nestan ingenting om paul mccartney. eg veit at han var med i wings saman med kona, linda, og at han har laga eit par ganske store hits med andre store musikarar, som til dømes "veronica" med elvis costello. det er cirka alt. i mange år hadde eg skikkelege problem med paul, likte han ikkje, syntes han var ei blei, og det står eg enno ved, i alt eg har lese om han frå då han var med i beatles, blir han framstilt som ein skikkeleg viktig-per som eigentleg berre vil vere sjef. men det er inga tvil om at paul kunne lage musikk, og det tok det meg mange år å svelge. fikk brekningar av "yesterday". hata "maxwell's silver hammer". syntes "let it be" var ein oppblåst mann sitt verk. eg har roa meg litt. no, som eg har blitt såpass vaksen, synst eg fleire av songane som paul var bakmannen til, er fine songar. fine popsongar. eg skyv personen paul mccartney litt bort og opnar øyra. då kjem det. her er ein av mine favorittar, og dessuten, om eg får seie det sjølv, så er paul mccartney relativt kjekk å sjå til i den videoen. god helg!

1 kommentar:

  1. åh, det er fint å få lese og sjå korleis ein kan forandre seg. kanskje er han ein blei, kanskje veit han det sjølv, og kanskje, kanskje kan han lage litt fin musikk likevel.

    fint å lese, fitn å høyre, smil

    SvarSlett