Viser innlegg med etiketten ting eg likar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ting eg likar. Vis alle innlegg

søndag 22. mai 2011

lisztomania

ine og maren hadde lagt ut så fine lister, og eg har ikkje betre å gjere (jo, eg har eigentleg det), så da blir eg copycat!


Matvaner:
Beste matrett? eg er litt splitta her, men eg har tre favorittar: 1. salt torsk med beiken. 2. ordentlig god taco, med heimelaga alt. 3. italiensk pizza med parmesan, parmaskinke og sjampingjång.
Beste drikke? vatn og blodappelsinjus.
Beste dessert? panna cotta, heimelaga med pasjonsfrukt eller bringebær på. ho-la-la.
Verste drikke eller matrett? eg liker ikkje sushi, og heller et heller ikkje sjømat eller skalldyr, utanom fisk.
Beste alkoholholdig leskedrikk? ingenting er som ein skikkeleg god mojito, men til kvardags: singha-øl og raudvin.
Har du smør på brødskiva? ja! smør er godt og bra.
Smågodt eller ferdige poser? smågodt.
Beste suppe? alle supper som er så sterke at eg nesten må grine når eg et de
i.
Favorittis? isen dei selg på amorino i paris, helst pasjonsfrukt-sorbet og jogurt-is. også synst eg bananis er sjukt godt.



Shoppingvaner:
Hvor mye handler du for hver måned? veit ikkje? men eg bruker veldig mykje penger på mat, da.
Har du flere sko enn klær? nei.
Favorittplagg? bukser med høgt liv og stripate genser.
Favorittfarge på klær? nesten alle. men helst mørke bukser.
Favorittfrisyre: eg klarar ikkje å ha frisyre, men eg synst det er fint å setje opp håret.
Beste mønster: striper, eller klede som har mønster med skyar og himmel (har enno ikkje fått tak i eit slikt plagg, men om det finst, skal eg ha)
Beste tilbehør: smilet
Undertøy? mi favoritt-truse har synkronsvømmar-mønster. nok sagt.



Arbeid, utdannelse:
Jobber eller studerer du? ja! begge!
Hva vil du bli? det veit eg ikkje, men det eg veit, er at eg vil jobbe saman med andre og at det skal vere vinlotteri på fredagane, og at vi kan spise lunsj saman.
Trives du med jobben/utdannelsen din? jobben er fin, utdanninga er litt så som så, så eg byttar studie til hausten.
Er lønnen det viktigste? nei, da hadde eg nok ikkje utdanna meg til å bli litteraturvitar og jobba som vikar på ein skule.


Blanda drops:
Har du barn? nei.
Er utroskap greit? for meg: nei. men eg kan forstå det.
Elsker du noen? det seier eg ikkje på bloggen!
Betyr familien din mye for deg? ja.
Hvor drar du helst på ferie? om eg fikk velge akkurat no: hellas. eg treng varme og tzatziki.
Beste klima? kald vinter og varm sommar.
Hjemmefest eller ut på byen? heimefest med zorba the greek!

onsdag 2. mars 2011

ti små ting gledar i kvardagen

1. når det er fredag og eg kan ta på kimonoen og drikke en gin i senga. 2. avokadomos og sjokomelk, helst saman. 3. å vaske huden og føle meg heilt rein etterpå. 4. å bli lest høgt for, og å lese høgt til nokon. 5. når dei små ungane på jobb blir glad i meg og eg blir glad i dei. 6. rosa roser eller rosa peonar. 7. seinfeld-episodar eg ikkje har sett, eller episodar eg elskar, sånn som den der george lagar ei ny melding til telefonsvararen sin som er ein song. 8. bagels. 9. å eie ibsens samlede verker. 10. å vakne ved sidan av sigbjørn og tenke at slik vil eg vakne bestandig.

tirsdag 5. oktober 2010

sakn


saknar leiligheita i tredje etasje i 3 rue jean de beauvais, ei gate som spring ut av boulevard saint-germain i 5ème arrondissement

saknar å kunne gå til mosquée de paris og drikke thé du menthe med småfuglar flygande over hovudet mitt, sjølv om eg gjorde det cirka aldri, så hadde det vore så fint å berre ha sjansen til å gjere det kva tid som helst, ein halvtime å gå heimefrå

saknar montmartre og å kunne gå forbi kafeen der amèlie jobbar, café les deux moulins, som eg gjekk på den siste veka eg budde i paris og spiste crème brulée som var kjempegod og det hadde vore så fint å berre kunne ta metroen opp til barbès-rouchechouart og komme meg fort unna boulevard de clichy og berre gå rundt i montmartre, kjøpe salt snop på den svenske butikken, sjå på byen frå sacre cæur, ta karusell på ein fin hest

saknar at heile byen er full av ting eg ikkje har sett, men som eg veit at eg vil sjå, og som eg har tenkt på i mange år, ein by fylt av edith piaf, edith piaf på alle gatehjørne

saknar å gå langs seinen på ein dag med fint ver, kanskje mot louvre, kanskje mot musée d'orsay, kanskje på tur til universitetet, kor som helst, berre eg kan gå dit,

åh paris, med elva, med pittesmå leiligheiter, med billig vin, med crème brulée, med montmartre, med spøkelset av edith piaf, med panini på hjørnet, med ein illeluktande metro, ein by som luktar urin, nystekte baguettar og tung tung parfyme, deg som eg venta på å dra ifrå. eg vil tilbake. eg saknar deg så.

søndag 22. august 2010

siste søndag i sommer







i dag er det siste søndag i sommer, i morra er det skolestart, ikkje for meg, men for dei små ungane eg skal tilbake på jobb til og eg utnyttar den aller siste dagen i sommerferien til å stå opp tidlig, dra på kafé på sagene med maren. maren var søt og kjolefin, som vanlig, og fikk iste mens eg fikk café au lait, eller kaffe latte, som ein sikkert òg kan seie om ein vil det, og det var kjekt som berre juling å sjå maren igjen. så gikk maren og eg til torshov og så tok eg trikken til olaf ryes plass for å møte ein kompis som har kommet heilt fra bergen for å snakke om og med murakami og så drakk vi kaffe og snakka lenge om laust og fast og det var kjekt som berre juling det òg, og så tok eg bilde av han foran masse bøker, og det kjentes litt rart, men litt fint også. og så gikk eg heim over birkelunden og der var skyane grå sjølv om det var mykje sol på andre sida av himmelen. no lagar eg gulrotsuppe og det luktar søndag i heimen, eg har snakka med mor mi på telefonen, og no høyrer eg på tom waits, som mor mi også speler på søndagar, og plutselig kjennes det som at eg er heime. fin søndag.

torsdag 19. august 2010

fine ting eg veit om på ein torsdag

- når nokon syklar og dei får luft under jakka sånn at dei får ein svær tøyballong på ryggen
- når eg går forbi kjøkkenvindu og kan lukte at dei som bur i huset skal ha stekt fisk med løk til middag
- å drikke vatn så fort at eg nesten mistar pusten
- når bestemor mi har ringt meg og lagt igjen på svararen og seier "hei sigrid. mor som ringe." akkurat som at eg ikkje skulle ha fått med meg at det var ho
- å sminke seg fordi ein ikkje har noko anna å gjere
- fine truser
- inga
- at eg snart skal kjøpe meg fin termos
- at det enda finnes mange mummi-koppar eg ikkje har
- raude sløyfer
- meg sjølv når eg har på meg joggeklær (eller meg sjølv når eg har på meg superundertøy)
- å tørre å gå ut utan sminke
- å få ny leppestift i posten av mor mi, den heitar lover og kjem frå det internasjonale motehuset chanel
- den nye hårsveisen til christian
- at eg kan seie ting som "haps" og "nakos" og "muko" og "hallohallo" til inga og at ho smiler litt kvar gong
- at eg har nokon eg kan ringe om eg har ein skikkelig dårlig dag
- musikk som gjer sånn at eg vil danse med auga knipt igjen og hodet ristar mot golvet og eg boksar foran ansiktet mitt i lufta
- at radioresepsjonen snart skal komme på tv
- at det snart er haust og at eg da kan bruke andre sko
- cowboyskoane mine
- å kjøpe jogurt naturell på butikken og tenke på alt det gode eg kan lage med han
- at det fortsatt finnes ungar som liker roald dahl
- treskoane mine
- å ta seg ein dusj når ein er skikkelig svett
- å drikke jasminte
- å legge seg i heilt reine sengeklær,

og det skal eg gjere i kveld. rein og heil, i reine sengeklær. det er nesten som julaften.

tirsdag 17. august 2010

sms-ar frå eit anna liv

eg mista mobilen min i gjørma på øya og no bruker eg ein gammel ein frå den gongen eg gjekk på folkeskulen. kødda, frå då eg gjekk på videregåande. her presenterer eg nokre favorittar frå den gamle telefonen. takk til silje, maria, kim-rune og x som sendte desse meldingane. eg flirar godt.


25. mars 2007, 20:54:
"han pappa bære: æ hørte dåkker kom synganes heim i natt!"

18. mai 2007, 21:07:
"Æ e på indisk restaurant før å komme nærmare dæ og røtterne dine!"

25. juni 2007, 17:06:
"Okei, æ måtte nettopp hjelpe ei dama som hadde ei Leonardo diCaprio-t-skjorta på sæ, type 90-talls med ansiktet hannes trøkt på og greier. Æ døde innvendig."

14. november 2007 14:26:
"Hehe. Det e ikkje godt å si.Mange har nok undret på det, uten å finne noe svar. Han e jo på nesten på grensa til å være umenneskelig."(om mattelæraren min på videregåande)

3. desember 2007 19:39:
"Hehe. Æ kunne nu godt ha gått en tur på rema. Ikkje noe i mot i det heile tatt. Det e jo snart jul, så æ e med."

5. februar 2008 16:32:
"Du e en interessant person. Æ håpe du fortsette å skrive... Ville bære sei, om æ ikkje får sagt det ellers."

fredag 4. juni 2010

ting eg liker, fredag 4. juni



havregrøt til frokost, å vakne opp i eit rom fylt av sol, at barbra og eg klarte å redde sofaen frå å bli raudvinsflekkate, vindaloo-saus, kjærleik, svensk, han fyren med saksofon i moldova sitt bidrag i esc, at eg ikkje har sett på tv meir enn maks 5 gongar sidan eg flytta til paris, å lukte papaya, å ha heile dagen foran meg og ikkje ha noko å rekke, ingen planar, eg er ein rotlaus ungdom med kamera og havregrøt i magen og no skal eg gå ut i byen og trekke inn paris-lufta og tenke på kor jævlig heldig eg egentlig er.