søndag 22. august 2010

siste søndag i sommer







i dag er det siste søndag i sommer, i morra er det skolestart, ikkje for meg, men for dei små ungane eg skal tilbake på jobb til og eg utnyttar den aller siste dagen i sommerferien til å stå opp tidlig, dra på kafé på sagene med maren. maren var søt og kjolefin, som vanlig, og fikk iste mens eg fikk café au lait, eller kaffe latte, som ein sikkert òg kan seie om ein vil det, og det var kjekt som berre juling å sjå maren igjen. så gikk maren og eg til torshov og så tok eg trikken til olaf ryes plass for å møte ein kompis som har kommet heilt fra bergen for å snakke om og med murakami og så drakk vi kaffe og snakka lenge om laust og fast og det var kjekt som berre juling det òg, og så tok eg bilde av han foran masse bøker, og det kjentes litt rart, men litt fint også. og så gikk eg heim over birkelunden og der var skyane grå sjølv om det var mykje sol på andre sida av himmelen. no lagar eg gulrotsuppe og det luktar søndag i heimen, eg har snakka med mor mi på telefonen, og no høyrer eg på tom waits, som mor mi også speler på søndagar, og plutselig kjennes det som at eg er heime. fin søndag.

1 kommentar:

  1. Og om det er noen som er fin som juling, så er det deg. Og han sjølvaste. Takk for en koselig formiddag <3

    SvarSlett