- når nokon syklar og dei får luft under jakka sånn at dei får ein svær tøyballong på ryggen
- når eg går forbi kjøkkenvindu og kan lukte at dei som bur i huset skal ha stekt fisk med løk til middag
- å drikke vatn så fort at eg nesten mistar pusten
- når bestemor mi har ringt meg og lagt igjen på svararen og seier "hei sigrid. mor som ringe." akkurat som at eg ikkje skulle ha fått med meg at det var ho
- å sminke seg fordi ein ikkje har noko anna å gjere
- fine truser
- inga
- at eg snart skal kjøpe meg fin termos
- at det enda finnes mange mummi-koppar eg ikkje har
- raude sløyfer
- meg sjølv når eg har på meg joggeklær (eller meg sjølv når eg har på meg superundertøy)
- å tørre å gå ut utan sminke
- å få ny leppestift i posten av mor mi, den heitar lover og kjem frå det internasjonale motehuset chanel
- den nye hårsveisen til christian
- at eg kan seie ting som "haps" og "nakos" og "muko" og "hallohallo" til inga og at ho smiler litt kvar gong
- at eg har nokon eg kan ringe om eg har ein skikkelig dårlig dag
- musikk som gjer sånn at eg vil danse med auga knipt igjen og hodet ristar mot golvet og eg boksar foran ansiktet mitt i lufta
- at radioresepsjonen snart skal komme på tv
- at det snart er haust og at eg da kan bruke andre sko
- cowboyskoane mine
- å kjøpe jogurt naturell på butikken og tenke på alt det gode eg kan lage med han
- at det fortsatt finnes ungar som liker roald dahl
- treskoane mine
- å ta seg ein dusj når ein er skikkelig svett
- å drikke jasminte
- å legge seg i heilt reine sengeklær,
og det skal eg gjere i kveld. rein og heil, i reine sengeklær. det er nesten som julaften.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar