onsdag 17. november 2010

home is where the heart is

eg har flytta. for første gong i livet bur eg heilt for meg sjølv. det er ingen andre som tissar på same do som eg, med mindre det er besøk, og det er ingen andre som lagar mexikansk gryterett. det er eg som koker kaffi, eg som dusjar, eg som rotar, eg som lagar oppvask, eg som må hive søpla uansett, og det føles skikkelig fint. det er pittelitt større enn der eg budde før, og eg har innreda på ein litt anna måte, og vinduet er stort og eg kan sjå rett inn i andre sine rom, akkurat som i paris. det her i det heile tatt akkurat slik eg helst ville hatt det om eg budde i paris, akkurat ei slik leiligheit (men det er faktisk greit at ho er i oslo, altså). eg har rosa roser, inga gardiner og ny madrass i senga som ikkje knirkar lengre. det føles sjukt rett og bra å ha ein plass for meg sjølv. rolig og fint. eg trur eg kjem til å ha det fint her. og eg trur eg kjem til å sove sjukt godt i natt.

6 kommentarer:

  1. inga-gardiner. DET hørtes fint ut <3

    SvarSlett
  2. liker det! egen leilighet er lykke

    SvarSlett
  3. <3<3<3 (mexikansk gryte-knis)

    SvarSlett
  4. eg trur på deg! men eg trur blondegardiner er tingen.

    SvarSlett
  5. tenkte på det, men eg veit ikkje heilt. det er så sjukt fint med store vindauge. men det er litt flaut når eg skal skifte og sånt. kjekt for dei som måtte sjå meg!

    SvarSlett
  6. Å, det hørtes fint ut.

    SvarSlett