onsdag 22. september 2010

korleis klarer dei det?

heidi og eg satt i kafeen på hf og drakk kaffi i dag og snakka om dei store tinga (les: kjærleiken). vi såg par rundt oss komme saman, gå saman, par som møtte kvarandre i kafeen, jenter som venta på kjærasten, guten som kjøpte kaffi til jenta si, og det slo oss: dei der, dei har klart det. dei har blitt forelska i ein person, og så har den personen blitt forelska tilbake. "det er som kjernefysikk!" sa heidi og eg måtte sei meg samd i det. eg skjønnar ikkje korleis dei klarer det, men eg er glad for alle som har kjæraste og håpar at dei som har det er glade for å ha det, og så skal eg høyre på denne spelelista som handlar om kjærleiken og korleis ein skal finne han og korleis ein ein gong i blant tenker at det hadde vore så bra om ein berre kunne bruke spørreskjema for å sjekke om ein passa ilag. korleis klarer dei det?

5 kommentarer:

  1. du er fin, sigrid. veldig fin. og snart kjem nokon andre til å synast at du er det finaste i verda og du kjem til å synast det tilbake og du kjem til å smila gjennom panneluggen og da kjem du til å skjønna det og tenka "åja, sånn var det. sånn gjorde dei det".

    mariell
    http://hjartesmil.blogg.no

    SvarSlett
  2. Jeg følger oppfordringen litt lenger ned på bloggen din og legger igjen et spor. Jeg er innom her for første gang, og ville bare si at jeg på magisk vis har klart det, og kan jeg, så kan du. Helt sikkert. Ha en fin dag!

    SvarSlett
  3. mariell: <3
    ine: <3
    synne: takk! ha ein fin dag du òg, og velkommen tilbake!

    SvarSlett
  4. Du er iallefall en av de fineste jeg vet om!

    SvarSlett