i natt drømte eg at eg var ute og sumde i havet. på mine eldre dagar synst eg ofte det kan vere litt ekkelt å symje i havet, når eg tenkar på alt som lever der og sånt. i ein kort tekst om meg sjølv eg skreiv i fransk fordypning i tredjeklasse på vidaregåande, skreiv eg at noko av det aller verste eg kunne tenke meg, var å symje i havet og kjenne at det sumde fiskar rundt meg. i natt drømte eg altså slik. eg var på veg ut mot ei brygge som lå 20 meter frå land og rett før eg skulle klatre opp på brygga, kom det ein svær blekksprut. blekkspruten sugde seg fast til meg og eg fikk panikk, men klarte å komme meg unna blekkspruten og opp på brygga. eg kasta ei bombe etter han, men han unnslapp, og kroppen min var full av blåmerke. vidare i draumen blei det vanskeleg for meg å vere med venar fordi dei alltid kunne sjå alle blåmerka og dei skjønte ingenting når eg sa at eg hadde blitt angrepen av ein blekksprut.
då eg vakna i morges, hadde eg tre nye blåmerke på låret som eg ikkje anar kor kjem ifrå eller korleis dei har kome dit, men eg er ganske sikker på at det ikkje har noko med blekkspruten å gjere. eg trur at frå no av, så kjem eg til å vere dritredd for blekksprutar. det var dette som skjedde då eg blei redd for ugler.
kva er du redd for? og er du redd for det fordi du ein gong hadde ein rar draum?
eit pikebarn med hjartebank skriv blogg om grå dagar, lyserosa skyar, gode vener, fine folk, musikk ein kan danse til, filmar ein kan grine til, også handlar det ganske mykje om kjærleik.
lørdag 11. desember 2010
om å vente
advent har alltid vore venting. i år er ikkje noko unntak. eg ventar som ein gal. det virkar som at all tida går til å vente, akkurat no, lesing og venting. eg ventar på at eksamen skal vere over, ventar på å få besøk, ventar på å pakke den store raude kofferten min og dra ut til gardermoen og sette meg på flyet heim. eg har ikkje vore lenger unna oslo enn lørenskog den her hausten, og snart skal eg heim til eit hus med fleire etasjer, med stue, med kjøkken, med soverom, med mamma og pappa og bror og tango, til eit kjøleskap eg ikkje treng å fylle sjølv, til middag som ikkje eg har laga, til å bli dulla pittelitt med. onsdag er eksamen over, då seier eg takk for no til dette semesteret, pakkar all faglitteratur og pensum bort for ein måneds tid og spring til bussen for å møte han eg er glad i. det er motoren akkurat no. snart ferdig. snart kos. berre 4 dagar til.
Etiketter:
akkurat no,
desember,
eksamen,
lei
tirsdag 7. desember 2010
sous le ciel de paris


eg saknar paris. eg les om belle époque og høyrer på erik satie, lukkar auga og tenker på kor fint det er i paris. eg tenker på trappene opp til sacre cæur, dei på sidene, der nokre asiatiske turistar satt seg ved sidan av heidi, barbra og meg ein dag i juni for å ta gruppebilete, dei og oss. eg tenker på å gå til universitetet med francoise hardy på øyret, heime frå maubert mutualité og langs boulevard saint-germain, heilt til brua som tok meg over til place de la concorde og madeleine, opp boulevard malesherbes og til universitetet. eg tenker på å ligge på eit pledd på grasplenen i jardin du luxembourg og sovne i sola og drikke store flasker med pellegrino. eg tenker på februar då det var så kaldt i leilegheita og vi gikk med store ulljakker inne, og barbra og eg spiste gummibjørnar til frokost og tunfiskpasta til middag, eg tenker på mars då mia og eg hadde vinterferie og drakk vin med ugle på cirka kvar dag, eg tenker på starten april då eg fekk besøk av kjærasten som ikkje lenger var kjærasten min i slutten av april, på då eg dro ut til landet for å tenke og sjå på mellomalderlandsby og fant det einaste svaret som kunne vere viktig. alle kveldane vi drakk vin i små parisiske leilegheiter, alle samtalane i parken, motet vi hadde, evna til å kjøre på, middagane på kafé, timane eg har brukt i leiting etter nye gamle kjolar på free'p'star. åh.
uansett. i dag fant eg ei side medan eg las om belle époque kor du kan sjå dei finaste bilde av dei finaste monumenta og gatene i den finaste byen i verda. her kan du sjå for deg sjølv. bilda er derifrå.
mandag 6. desember 2010
gud jesus bedre
jula kjem kvart år. ein kan ikkje stoppe jula. det er tre ting ein ikkje kan stoppe, utan å setje sitt eiga liv i meir eller mindre fare: jula. posten. eksamen. akkurat no skulle eg gitt ein halv lillefinger for å kunne stoppe eksamen, ein eksamen i kunnskap om fransk kultur- og politikk. heile semesteret har eg dytta eksamen litt framfor meg og tenkt at det kjem ei tid for alt. den tida kom i dag. no sitt eg og planlegg korleis eg skal komme meg igjennom alt eg skal komme meg igjennom, må setje opp tankekart og forklare ting for meg sjølv. eg sovnar seint om natta, eg står seint opp, eg spis frokost foran macen og leitar desperat over heile internett etter unnskyldningar til ikkje å lese til eksamen. eg les nyhende frå troms og finnmark, motebloggar, wikipedia-artiklar om jayne mansfield, alt for å unngå det marerittet som ligg foran meg om halvanna veke. eg trøstar meg med at det er muntleg eksamen, og at det er over på null komma niks, eller i alle fall 20 minutt. det er litt som kjensla og frykta for å ta bcg, berre at då eg skulle ta bcg, måtte eg ikkje lese meg i hjel på politikkhistorie først. det var berre å komme, meir eller mindre oppeten av frykt, og la det stå til, og så var det ikkje så ondt som alle skulle ha det til. går det dårleg på eksamen, er det ikkje enda på verda eller noko som helst. kanskje det er det eg hatar mest - at eg er så avslappa. kan nokon berre komme og stresse meg litt? eg trur det hadde vore det beste for alle involverte.
Etiketter:
akkurat no,
eksamen,
eksistensielle ting
lørdag 4. desember 2010
om paul mccartney
det er inga tvil om at john lennon alltid har vore min favoritt-beatle. då eg var lita, las eg bøker om lennon, memorte datoar, visste kva tid han blei skutt foran dakota-bygninga i new york, visste at songen "julia" er vel så mykje til yoko som til mora, og i filmane er det john som er han kule som får alle til å flire. eg veit nestan ingenting om paul mccartney. eg veit at han var med i wings saman med kona, linda, og at han har laga eit par ganske store hits med andre store musikarar, som til dømes "veronica" med elvis costello. det er cirka alt. i mange år hadde eg skikkelege problem med paul, likte han ikkje, syntes han var ei blei, og det står eg enno ved, i alt eg har lese om han frå då han var med i beatles, blir han framstilt som ein skikkeleg viktig-per som eigentleg berre vil vere sjef. men det er inga tvil om at paul kunne lage musikk, og det tok det meg mange år å svelge. fikk brekningar av "yesterday". hata "maxwell's silver hammer". syntes "let it be" var ein oppblåst mann sitt verk. eg har roa meg litt. no, som eg har blitt såpass vaksen, synst eg fleire av songane som paul var bakmannen til, er fine songar. fine popsongar. eg skyv personen paul mccartney litt bort og opnar øyra. då kjem det. her er ein av mine favorittar, og dessuten, om eg får seie det sjølv, så er paul mccartney relativt kjekk å sjå til i den videoen. god helg!
torsdag 2. desember 2010
og reven rasker over isen
heimeeksamen er levert, no er det berre å vente på resultat og hive meg rundt og lese fransk politikk- og samfunnshistorie. ikkje veldig fristande, men snart er det jo uansett helg. i kveld begynner helga såvidt med tur på meksikansk restaurant og det blir kjekt. eg har laga speleliste, og den passar til heile døgnet, nestan uansett humør. eg anbefaler ho, rett og slett.her kan du få ho, min første adventspresang til x antall lesarar.
og som takk, kan du jo skrive hei og hallo? då blir eg så glad som ein lerkefugl.
(og no er spelelista der! værsegod!)
og som takk, kan du jo skrive hei og hallo? då blir eg så glad som ein lerkefugl.
(og no er spelelista der! værsegod!)
onsdag 1. desember 2010
hin hårde dagar
då eg var ung, var eg råkkestjerne. det her er cirka det einaste beviset på akkurat det. elskar det! korfor slutt eg som trommis, eigentleg...?
Abonner på:
Innlegg (Atom)