lørdag 1. oktober 2011

sigrid agnethe, 22 år


hallo! sidan det forrige innlegget handla om at de skulle seie hei, tenkte eg å gjere det same. det er på ein måte litt kleint å gjere ein sånn her ting, presentere meg sjølv, men sidan dei aller fleste blogginnlegga mine handlar om hjerte/smerte/venar/kvardag/dilldall, tenkte eg at eg kunne skrive eitt om kun meg sjølv for alle dei nye som kjem inn hit, litt som å vere den nye jenta i klassen, liksom.

eg heiter i alle fall sigrid agnethe, og kjem frå ein liten by i nord-norge. for tida bur eg i tromsø, nordens paris, men før det budde eg i oslo pluss pittelitt i paris (der mellom anna bildet er tatt, men det var ikkje da eg budde der). i oslo og paris studerte eg litteraturvitskap, som eg har ein bachelor i, som eg ikkje veit kva eg skal bruke til, for no studerer eg samfunnsplanlegging og kulturforståing og synst det er heilt kongolini. eg har ein veldig fin familie og ein utruleg kjekk kjæraste som heiter sigbjørn, han har krøller og er forfattar og eg er veldig forelska. utanom det så jobbar eg i ein undertøysbutikk og synst det er fint, og kan anbefale alle jenter å få seg ein ordentleg god bh. anbefalast! ellers: liker musikk, film, mat, øl og å sove lenge om morgonen. eg bloggar stort sett utan bilde for eg er så sjukt dårleg fotograf, men eg skriv stort sett mykje fordi eg liker å skrive, og ein kan jo berre håpe at de skal like det eg skriv. ein må ikkje vere rakettforskar for å skjønne at det her er ein ganske personleg blogg.

ja, men det trur eg var alt. ellers er det berre å spørre. no skal eg bruke resten av laurdagskvelden til å høyre på dei fulle tenåringane som lagar lyd utanfor og tenke på kor sjukt glad eg er for å skulle vakne totalt utan fyllesjuke i morgon tidlig. det liker eg òg.

1 kommentar:

  1. Hyggelig å bli kjent med deg Sigrid. Hyggelig blogg og forresten. Og en annen ting.. Syns det er helt supert å lese bloggen din for jeg skal ta nynorsk eksamen i november. Hilsen Thea på 18.

    SvarSlett