tirsdag 4. oktober 2011

middag uten saus.

eg pleier alltid å lage tomatsaus til kjøttbollane når eg har kjøttbollar og spagetti. alltid. tomatsaus med chili og kvitlauk og pepper og litt spennande krydder som for å gjere dagen litt ekstra spennande.
ikkje i dag. i dag spiste eg berre spaghetti og kjøttbollar uten tomatsaus. sat foran tven og såg sex og singelliv og spiste middag aleine i den store sofaen.

det finst dagar som dette. det finst mange dagar som dette. livet er stort sett ikkje magisk. livet er stort sett ikkje prinsar på kvite hestar, fabelaktige middagar, ansiktet ditt med ei stort smil heile dagen. dagane ein lever er stort sett fylt av middagar du tenkte skulle vere ein vegetarrett, men som berre endte om med å vere middag uten kjøtt, dagar du tenker "i dag har eg ein bra hårdag", før du går i speilet på universitetet og tenker at det er eit under at du i det heile tatt tør å vise deg blant folk, dagar du ikkje klarer å vere med i det som skjer rundt deg for du er så trøtt at auga held på å gå bakover. dagane er sånn, ikkje sant, elektrisk hår, ipod som går tom for straum det sekundet du finn plass på bussen som er framme om ein halv time, kokte egg som mister alt det kvite når du skal skrelle det, tohundreogåttisju kroner igjen på konto og hundre dagar til lønning. slike ting. middag uten saus. du gløymte å kjøpe dopapir. bukse som får små søleflekker når du går ute og du merkar det ikkje før du kjem inn i klasserommet.

det finst dagar kor du ikkje er deprimert eller lei deg, du berre kjenner at dei tinga du gjer, blir ikkje rette, ikkje bra nok, ikkje viktige nok, du sitt i godstolen og surfar på nett i fleire timar, ser episode på episode med ein serie du har sett før, når du går på do, les du ein allereie utlese avis. du treng ikkje vere deprimert for å ønske at nokre dagar berre skal bli slutt, klokka skal bli nok, så du kan gå og legge deg.

i dag er ein slik dag.

og i morgon kjem kjærleiken til byen - ikkje ei veke for tidleg.

4 kommentarer:

  1. åh, sigrid, idag e akkurat en sånn dag førr mæg, det va veldig godt å lese detta!

    SvarSlett
  2. Håper dere kan kose dere sammen når kjærligheten din dukker opp! Håper onsdagen ble en sånn dag med sol og saus og smil fra tilfeldig forbipasserende!

    SvarSlett
  3. <3 til alle.

    og synne, ja, onsdagen blei bra! hipp hipp for å ha dårlege dagar som går over og så kjem fine dagar. og takk for alle fine kommentarar du legg igjen!

    SvarSlett