mandag 31. januar 2011

when i was younger, so much younger than today

da eg var lita og internett var ei heilt ny greie, den tida med tellerskritt og modem og det tok eit minutt å koble seg på med skratsj-skratsj-biiiiiiiiip-skratsj-skratsj-biiiiip lydar, var det veldig mange ting eg måtte love foreldrane mine å la vere å gjere på nettet. da eg var lita, altså rundt 13 år, ein mannsalder sidan allereie, nestan 9 år, var internett noko farlig ein skulle passe seg for. ein skulle berre sei namnet sitt, kor gammal ein var og kor ein budde dersom ein var heilt sikker på at det var nokon ein kjente som sat i andre enden av internett og chatta med deg, og ikkje ein gammal gris som kunne finne deg utifrå dei opplysningene du gav frå deg. helst skulle ein finne på noko anna. det artigaste var å finne på nye personar ein var, ny alder, ny by, ny identitet. slik er det ikkje no. ikkje for å vere heilt totalt gamlis-ungdom, men det er noko eg tenker mykje på, særleg når eg les yngre folk sine bloggar, og særleg jenter. internett er mykje meir tilgjengeleg, mykje større, mykje enklare å finne fram på no enn for ti år sidan. jenter frå 12 og oppover legg ut meir eller mindre flatterande bilde av seg sjølv for at dei x antall kjente eller ukjente lesarane skal gjere seg opp ei meining om dei, helst om det som gjeld utsjånad. eg les spørsmålsrunder på bloggar der det kjem fram kven ein har hatt sex med, korleis det var, kva for ein puppestorleik ein har, kven dei finaste jentene i klassen under er, og eg skjønner ikkje kva som har skjedd, kor gikk skiljet, dei ti åra, alt er så opent, alt er så tilgjengeleg, ingenting er privat, alt er personleg. er det berre eg som har blitt for gammal, for sur, for sjokkert, må eg berre akseptere at verda og internett og ungdom endrar seg, eller noko faktisk råttent i norge? er det her heilt greit, ein tendens som er så sjølveksponerande, så fri for dei private hemmelegheitane, så tydelege nødrop om "sjå meg, sjå meg, sjå meg!"? kva syns de?

3 kommentarer:

  1. veldig enig. eg er redd sjølv..
    eg synest framleis det er skummelt å utgi fult namn og bustad på bloggen(noko eg for så vidt aldri eller sjeldan gjer), og får veldig sterk storesøster som passar på følelse når eg les bloggar frå 12års alderen.

    kva skjedde med nettvett-reglane?!?

    SvarSlett
  2. jeg er så enig, jeg kan ikke tro at alt slikt bare er helt akseptabelt og hva de vil fram til. da jeg var ny på internett så printa jeg ut svart-hvitt bilder av figurene fra Ole Brumm og klistra på veggen på rommet mitt. det var tider,det.

    SvarSlett
  3. Ser ka du sei. Eg har de siste dagan kommet over flere jente på ELLEVE som blogge, legg ut bilda av seg sjøl osv... Herregud, de e så små! Eg va sjøl en ivrig internettbrukar når eg va elleve, men det begrensa seg te e-post og chatting på popit, kor eg aldri ga fra meg særlig med personopplysninge, og einda minder la ut på bildan av meg sjøl! Eg trur at føreldran te dissan jentan enten ikkje veit ka dem holder på med, eller styre det dem gjør, at de prøve å skape sin egen lille "Voe" eller nokka. E kje godt å vette... Rektig e det nu i hvert fall ikkje.

    SvarSlett