det finaste, søtaste, fine og raraste poporkesteret eg veit om, har plutseleg gitt ut ei ny plate, write about love heiter ho, og den songen her opnar ballet. ein song av den typen får meg til å ville gjøre alle moglege søte og rare ting, som å hoppe i søler, dra lua heilt ned til munnen, gå med fletter, ringe venane mine berre for å få komme til svararen og legge igjen songer eg syng til dei (til dømes "å, jeg vet en seter" eller "tenk at gråpus har fire små"), bake gulrotkake til alle som vil ha, kle meg ut som ballerina, ja, alle sånne rare og søte ting ein kan gjere når ein høyrar belle&sebastian. perfekt pop. perfekt å drøyme seg bort til når ein sit og drikk smoothie aleine og latar som at ein jobbar med noko viktig på ein av studentkafeane på universitetet. god onsdag!
eit pikebarn med hjartebank skriv blogg om grå dagar, lyserosa skyar, gode vener, fine folk, musikk ein kan danse til, filmar ein kan grine til, også handlar det ganske mykje om kjærleik.
onsdag 13. oktober 2010
tirsdag 12. oktober 2010
skies are blue
mandag 11. oktober 2010
mål for hausten 2010
den her hausten skal eg vere lur og smile og sjå ned og ha hemmelegheitar og røpe litt no og då, men helst ha det heilt for meg sjølv og kanskje ein anna. og så skal eg høyre mykje på musikk utan ord, som til dømes denne songen av ryuichi sakamoto (og det burde de òg gjere!), og ha fin kåpe og hanskar som ligg i veska om det skulle bli kaldare enn då eg gjekk ut første gong. fin haust fin haust fin haust.
Etiketter:
akkurat no,
fine ting,
haust,
megsjølv
torsdag 7. oktober 2010
one to watch
dei siste dagane har handla om alain robbe-grillet, om strukturalisme og om meining. robbe-grillet skreiv mykje rart, noko med meining, mykje utan, men denne filmen er jo ikkje ein tekst, men ein film. eg vil sjå filmen, den trur eg er bra. takk for i dag.
onsdag 6. oktober 2010
alone in oslo
(medan du les denne teksten, må du høyre denne songen og eigentleg lese han høgt for deg sjølv, start når gitaren kjem inn, ta litt pausar, høyre etter til musikken, og helst må du sjå for deg at det regnar ute og at det har gjort det heile dagen. sånn, no kan du lese.)
det har regna i heile dag, heilt sidan eg gjekk ut døra tidleg, regna slik det regnar i oslo, i paris, i harstad, i tokyo, i heile dag har det regna og nokre stedar i landet er det meldt flom. eg har haldt meg inne, utanfor har det regna, ikkje hardt, men mykje, kaldt, men lett, i heile dag har det regna og eg har haldt meg inne, og inne kunne eg høyre regnet slå mot rutene, slå mot taket, slå mot kroppane som har pakka seg inn og tatt sjansen på å gå ut. det har regna i heile dag.
og eg skulle gå ut av døra, ut i byen, til eit sted som ikkje er heime for meg, setje meg der i fleire timer, skrive, høyre regnet slå, få timene til å gå, ikkje sjå nokon i auga, det viktigaste av alt, ikkje lat som at eg er til, lat som at eg ikkje er her. eg ser ingen i auga, eg ser ned, eg ser bort, eg kan kjenne auge i nakken, auge på beina mine, auge som vil møte mine, men eg vil ikkje, latar som at eg ikkje er her. eg går opp trappa, eg går ned trappa, eg held meg fast i kragebeinet, eg klip meg i den tynne huda langs det beinet eg liker så godt, knekker knoklane og ønskar meg vekk.
og om natta snakkar vi på telefon og eg seier at eg gledar meg til å sjå deg og du seier det same, eg seier at eg vil kaste armene rundt deg, rundt halsen din, rundt livet ditt, rundt hjartet ditt, eller kanskje eg berre tenker det. du har den finaste stemmen eg veit, og ute regnar det, og i ein annan by i landet regnar det ikkje, og eg tenkar at no er det snart natt og når eg vaknar, er det ein dag mindre til eg får sjå deg igjen.
hjartet bankar,
hjartet bankar,
hjartet bankar,
eg tar trikken til sentrum, går igjen ut i byen, ut i lyset som gjer meg til ei heilt anna jente, til ein av mengden, til kven som helst, eg er ikkje lenger student foran maskinen, eg er ikkje lenger eit stort spørsmålsteikn, eg er kven som helst, eg kan ha kome frå kor som helst. byen har allereie blitt grå og mørk og det som lysar opp er lysa på høgspentledningene som ledar trikken frå nord til søraust, lysa og forsøka på skyskrapare heilt nederst i midten av kjernen der dei sorte fåra i samfunnet bor og minst hundre menneske skal komme seg inn på same trikk og alle har paraplyar og dei er heilt like, som japanarar.
- eg vil ikkje sove aleine i natt, seier eg
- ikkje eg heller, seier du
- eg vil berre strekke ut arma og kjenne at du ligg der, ta på deg, ta på huda di, høyre at du pustar,
og du seier at snart skjer det.
i dagane som kjem skal eg gå ut i byen og kjenne meg som kven som helst, som ein av tusen, som ein av mengden, men så blir det plutseleg den dagen då du kjem, og då er eg ikkje kven som helst. då er eg den eine.
det har regna i heile dag, men no er det natt.
Etiketter:
akkurat no,
eg prøver å vere kreativ,
sigrid 21 år
tirsdag 5. oktober 2010
sakn
åh paris, med elva, med pittesmå leiligheiter, med billig vin, med crème brulée, med montmartre, med spøkelset av edith piaf, med panini på hjørnet, med ein illeluktande metro, ein by som luktar urin, nystekte baguettar og tung tung parfyme, deg som eg venta på å dra ifrå. eg vil tilbake. eg saknar deg så.
Etiketter:
det beste eg veit,
fint,
paris,
sakn,
ting eg likar,
tristesse
mandag 4. oktober 2010
trimkvarteret
eg har starta å trene igjen, etter ein tørkeperiode på nestan to år. to år er ganske lenge utan å trene særleg mykje, men det går overraskande bra, altså. dørstokkmila er verst, som vanleg, og det er litt pes å måtte ha med seg klede til trening på universitetet, men det går greit, og eg har kjøpt ein fin rosa jakke frå nike som eg kan ha på meg når eg går heim frå treninga. til no har eg prøvd meg på bokseaerobics, step og jogging. jogging er definitivt favoritten, bokseaerobics kan gå og legge seg. men éin ting er det eg ofte tenkar på. folk seier at det er så godt å trene. at det er så deilig. at dei endeleg kan slappe av. der er dei faen meg på villspor, totalt på bærtur. det gjør ondt, det er litt kjedeleg, og eg vil helst berre bli ferdig og bli superfit på ein to tre utan å eigentleg måtte gjere så mykje for det. mest av alt kjenner eg meg som pensjonistane i pastellfarga piquet-trøyer i på formiddagen i eit program sendt på nrk1 med songen ovanfor i introen. innstillinga er god, men eg kan sikkert ta meir i. så kan eg plystre heilt til banken.
Abonner på:
Innlegg (Atom)