søndag 12. august 2012

søndagsliste


 kva hending i ditt liv har styrka deg mest som person?å flytte heimefrå da eg var 18, frå harstad til oslo, og å for første gong kjenne på det å vere heilt aleine. å komme heim til hybelen min og ikkje kunne rope "HALLO!", for ingen kom til å svare. mor mi og far min kjørte meg til oslo med flyttelasset og da dei skulle kjøre heim igjen gråt eg så mykje og så hardt, og ville helst at eg skulle sitte på med dei tilbake. og i byrjinga var det vanskelig og vondt og eg følte meg så pittelita og all maten eg lagde hadde eg sweet chili sauce til. men det gikk bra til slutt, altså.
 
kva har vore ditt livs største eventyr så langt?
foreløpig har det vore to store: det halvåret eg bodde i paris, og heile den store forelskelsen som har vart i to år no.

kva eigenskap likar du minst hos deg sjølv?
at eg er veldig engstelig og at når ting blir vanskelig eller for stort, vil eg helst berre gjemme meg på do til det går over.

når føler du deg sexy?
når eg er på skitur og tar ein appelsinpause i solveggen og sitt der i superundertøyet. og når eg har på meg fint undertøy.

kva får deg oftast til å gråta?
å krangle med kjærasten, kjensla av ikkje å klare å forklare kva som gjer vondt, autistar (av glede).

kva ler du av?
teikneserien "rocky", uttrykka "Stopp pressen!" og "spør du mæ, så spør æ dæ!", kjærasten når han etterliknar meg, dansescena i (500 days of summer), babyar som flørter med meg på jobb.



trur du på noko?
kjærleiken.

når er du redd på ordentlig?
når folk er for fulle for sitt eiget beste, når eg les kommentarfelt på db.no, når eg tenker på at det finst menneske der ute som meiner at jenter fortener å bli voldtatt.

kva låt skulle vera soundtrack til ditt liv?
denne. og denne. og denne.

om du fikk eta og drikka berre fem greier resten av ditt liv, kva skulle du velga da?
torsk i ulike variasjonar, knekkebrød med kvitost, pasta carbonara, vatn, chardonnay.

om du fekk ein overnaturlig kraft eller kunnskap, kva skulle du velga?
å kunne fly.

om du var ein matrett, ein farge og eit klesplagg, kva skulle du vera da?
da ville eg ha vore salt torsk med beiken, gulrot og potet, marineblå og ein angoragenser.

om du skulle vera forelesar, kva skulle du forelesa i?
eg har ganske lyst til å bli forelesar ein gong i verda, og da skulle eg ha forelest om identitet, trur eg. om korleis vi har eit botnlaust behov for å vise kven vi er og kor vi høyrer til og korfor og korleis vi gjer det.

om du fekk velga heilt fritt, kva skulle vera utsikten fra leiligheten din?
havet.

om du var kjendis på turné, kva skulle du ønska å ha backstage?
raudvin, m&m's, tapas, ein dusj, høgtalare som lot meg høyre på nancy & lee.

om du fekk eta middag med kven du ville i heile verda, kven skulle du velga da?
ringo starr og paul mccartney. saman!

om du fekk gå tilbake i tid, til når skulle du reisa?
det står mellom å kunne dra tilbake til manchester, 1985 og sjå the smiths spele live, eller det gladeting skreiv:
"Til når jeg gikk på ungdomsskolen, til en dag jeg hadde det veldig vondt og vanskelig og prikket meg selv på skulderen og sagt at det blir så mye, mye bedre snart."

komponer ein salat med sju ingrediensar:
kylling, beiken, romanisalat, fetaost, avokado, raudlauk, tomat.

nemn sju greier som utgjer ein fantastisk sommardag:
å sove ut, tid til å spise egg til frokost, 20 grader, levegg, fruktsorbet, å bli brun, å ha kjærasten ved sidan av.

kva er dine sju favorittplagg?
den marineblå kjolen frå uniqlo i paris, sorte strømpebukser, fjällräven-parkasen, femilet sin mary-bh, penalskjørt, kvit skjorte, ullgensarane frå benetton.

om du fekk sju tusen å bruka i ein og samme butikk, kva butikk skulle du bruka dei i?
flaut, men: apple-store. lystar etter ein iphone.

om eg seier sju, kva tenkjer du på da?
at sju er ein del av lykketalet mitt, som er 17.
 

kva gjer du helst på dagar du er sju-k?
søv så mykje som muleg, ser ti episodar av friends, kler meg i ullundertøy, drikk sitroningefæroghonning-vatn, lengtar til det går over.


(liste lånt frå mariell)



torsdag 9. august 2012

på veg, i fart


kvar gong eg tenker på å lage ein musikkvideo, den perfekte musikkvideo, tenker eg på å filme ut av vinduet frå eit kjøretøy i fart. sitte i ei metrovogn og sjå ansikta til dei andre som er slitne og skal heim frå jobb reflektere i vindauget og vente på ei vogn som passerer i den andre retninga. filme frå passasjersetet i ein bil på veg gjennom nord-sverige om vinteren, speide etter rein, filme alle desse nordsvenske trærne,
tenke på rørsle, på fart, på å vere på veg ein stad,
å stoppe ein taxi rett ved moulin rouge, seie ein adresse på raudvinsfransk og sjå bygningane i byen rase forbi meg, kanskje fortare no som eg har raudvin i blodet,
eller frå toget den gongen eg skulle dra heim frå landet, heim frå deg, såg du sto på perrongen heilt til toget gikk og eg håpa du ikkje skulle sjå at eg gråt, da eg ønska toget aldri skulle gå, 
kanskje filmar eg frå setet til høgre for deg på veg heim til foreldra dine eller mine, over brua, over elva, inn mot byen eller inn mot bygda, 
stoppar berre for å legge handa på låret ditt, vente på at du legg hånda di oppå mi, du smiler slik berre du kan smile berre til meg og midt oppi den perfekte musikkvideoen tenker eg at vi er på veg ein stad saman.

torsdag 12. juli 2012

we need to talk about...


eg kan ikkje med ord få til å seie kor lei eg er av å opne internett og gå inn på ei kva som helst stor norsk nettavis og lese om korleis eg kan få draumekroppen, korleis eg kan gå ned ti kilo på ti dagar, korleis vinne bikinikroppen, korleis bli deilig, korleis få menn til å få stå berre ved å sjå på dei lekre beina mine, korleis alltid vere ein sekser på terningen for alle som ser meg, korleis sjå i kamera på den aller mest sexy måten, korleis alltid vere deilig deilig deilig.

så fåkkings lei av krigstypane om kor frigjerande det er å bli fotografert i undertøyet, kor godt det er å vite at folk verkeleg ser deg når du stirrar inn i kameraet med sugemunn, korleis alt heile fåkkings tida skal handle om å vere deilig og om du ikkje er det, kan du berre ha det så godt.

eg vil berre spy av det er dette vi gir kvarandre, at det er det her vi blir fôra med, mata med, på same måte som gåsa blir tvangsfeita for å lage den beste gåselevra, dei heller fett ned halsen på ho, slik får vi pressa kravet om å vere den deiligaste versjonen av oss sjølv langt inn i ryggmargen. dette er det vi har igjen frå vår tidsalder, frå vår tid, den digitale tidsalder, be deilig or die.

eg har aldri tenkt på meg sjølv som deilig, og eg har aldri hatt ein trang til å føle meg deilig. det hendar, i svært intime situasjonar på tomannshånd, at eg føler meg sexy, men det er ikkje noko eg føler meg forplikta til å vere i kvardagen. det er mykje viktigare for meg å vere god, uansett vekt, proposjon og utsjånad, å føle meg komfortabel i min eigen kropp, og at den komforten kjem fordi eg sjølv føler meg vel, ikkje fordi nokon journalistar som ikkje får skrive om situasjonen i libya fortel meg at eg får lov til å føle meg bra. først da kan eg føle meg vakker og god. og det skal vare livet ut.
 

tirsdag 3. juli 2012

sommar på 70 gradar nord


hallo alle! (det vil seie de to som kanskje les dette.) her er eg. eg lever fortsatt. eg er berre skikkeleg dårleg på å skrive blogg, eller til å skrive generelt. mest av alt vil eg berre sjå friends heile dagen og kysse på kjærasten som har kome heim etter ti dagar i colombia. eg skal skjerpe meg, eg lovar.
sidan sist har eg vore i harstad på festspill, vore frivillig,  vore på havet ved midnatt, drukket ein del vin, sykla ein del, tatt hurtigbåt, kjøpt nye sko, kjøpt ein tur til paris, kjøpt ein tur til berlin, vore glad for alle eksamensresultata og kryssa i boksen ved sidan av JA på tilbudet om plass på masterstudiet til hausten. også har eg spist to-tre softisar, kjøpt eit eingongskamera (totalt ubrukeleg sidan eg aldri tar bilde), sydd litt på sommarkofteprosjektet mitt og blitt påminna om korfor eg ikkje likar italienarar.
ellers: sommar i tromsø/harstad har så langt i år bydd på fire dagar kor eg har fått sol på kroppen. i dag er det lavt skydekke, regn og 8-9 gradar. eg ligg i senga i ullundertøy og les "saganatt" medan sigbjørn har videokonferanse. og sånn ser foreløpig sommaren her ut. kva med din?

fredag 15. juni 2012

velkomen heim


du veit det fortsatt er ein levande organisme når du vaknar den dagen han skal kome heim og du ser på klokka og reknar ut kor mange timar det er til han kjem heim igjen,
til du høyrer trinn på trappa og at handa hans tar i dørhåndtaket, 
og du sprett ut i gangen for å sjå at han står der igjen, som han aldri skulle ha vore borte, igjen plassert der han skal vere, 
og du veit ikkje kven som skal kysse kven først, blir sjenert og nervøs igjen, etter all denne tida,
og det augneblinket du kyssar han, kjenner du deg heil igjen, kjenner at no er han heime, no er de heime saman,
og du håpar han luktar kor godt håret ditt luktar eller at han synst du er fin i det nye skjørtet, at han synst det er fint å sjå deg igjen, at han har sakna deg slik du har sakna han, 
og når de ligg samanfiltra seinare skal du klemme han ekstra tett inntil deg og seie
velkomen heim.

onsdag 6. juni 2012

tristesse dechifrert

1. og plutseleg hulkar du, utan å kunne setje ord på korfor, du hulkar som ein litan unge som ikkje får is til dessert, prøvar å setje ord på korfor du hulkar, men kroppen vil bare støte ut gråten, tårane, ikkje orda

2. du kjenner tårane fylle heile deg på innsida, på utsida, det kjem ut frå auga og renn inn i øyra, ned i håret, blandar seg med hårstråa, inn i nesa, du kyssar og veit det må smake salt for han

3. han seier det kjem ein ny dag i morgon, ein blank dag og det får deg ikkje i betre humør, tvert om, du hulkar meir, enno ein slik her dag, enda ein slik dag kor du skal sitje aleine og lure på kor du skal starte

4. her er problemet: du veit ikkje. du vil skrive, men får ikkje til. du vil gjere noko viktig, men veit ikkje kva. du vil at nokon skal vite at du finst, men veit ikkje korleis det skal skje

5. og det er meir. det er ingen som kjem til å stoppe deg på gata og vil ha deg med på noko fantastisk, ingen som ringer og seier at du må skrive ei bok, ingen som vil gi deg noko utan at du gir noko først

6. sånn er det å bli vaksen, det er vondt, vondare enn nokon har fortalt deg før, du må jobbe, du må gi, det er ingen som gir deg noko automatisk, du blir ikkje valt inn i styre ved å sitje aleine heime

7. og du tenker at det vondaste som finst, er å tenke at ein ikkje betyr noko, å tenke at ingen ringer på døra di, at du like gjerne kan vere heime som å gå på fest, det gjer ingen forskjell

8. han seier at du må hugse på at det finst i alle fall ein som er avhengig av deg, og du veit at det hjelp litt, det veit du, tenk på det når du blir lei deg, tenk på det tenk på det tenk på det

9. noko må skje. og ingenting skjer av å synes synd på seg sjølv.
(det er ikkje hyggeleg å vere lei seg)

tirsdag 5. juni 2012

sommar.


i fjella er det fortsatt snø, dei snødekte fjella speglar seg i det stille havet, det er sol og på termometeret i kjøkkenet står det at det er 30 grader ute, det er sjølvsagt ikkje 30 grader, det er i sola, men det er varmt, eller, det snør ikkje, og ein kan heilt fint halde seg ute i fleire timar utan å fryse, 
kanskje det er dette vi kallar sommar, det er som om nokon knipsar i fingrane og seier NO folkens, kle på shorts og sandalar og kom dykk ut! og eg kjem meg ut. ligg på ein grasflekk i hagen bak huset og kjenner sola varme opp kroppen, huda, hjartet, 
og eg kjenner at eg kunne ikkje ha venta lengre, 
no måtte det komme,
ikkje ei veke for tidleg.

men knutane har løyst seg opp, eksamen er over, sommaren har kome, det er blå himmel, eg har ein sykkel, det er lyst heile døgnet, ein kan ikkje skilje natt frå dag, morgon til kveld, eg har funne det perfekte krydderet, eg har ikkje grått sidan 1.mai, eg les to bøker i uka, eg er forelska,
og det her skal bli den lykkeligaste sommaren nokon gong.