hallo alle! (det vil seie de to som kanskje les dette.) her er eg. eg lever fortsatt. eg er berre skikkeleg dårleg på å skrive blogg, eller til å skrive generelt. mest av alt vil eg berre sjå friends heile dagen og kysse på kjærasten som har kome heim etter ti dagar i colombia. eg skal skjerpe meg, eg lovar.
sidan sist har eg vore i harstad på festspill, vore frivillig, vore på havet ved midnatt, drukket ein del vin, sykla ein del, tatt hurtigbåt, kjøpt nye sko, kjøpt ein tur til paris, kjøpt ein tur til berlin, vore glad for alle eksamensresultata og kryssa i boksen ved sidan av JA på tilbudet om plass på masterstudiet til hausten. også har eg spist to-tre softisar, kjøpt eit eingongskamera (totalt ubrukeleg sidan eg aldri tar bilde), sydd litt på sommarkofteprosjektet mitt og blitt påminna om korfor eg ikkje likar italienarar.
ellers: sommar i tromsø/harstad har så langt i år bydd på fire dagar kor eg har fått sol på kroppen. i dag er det lavt skydekke, regn og 8-9 gradar. eg ligg i senga i ullundertøy og les "saganatt" medan sigbjørn har videokonferanse. og sånn ser foreløpig sommaren her ut. kva med din?
Jeg vil se Friends og spise lakrisis med deg igjen! Også håper jeg sommeren kommer til Tromsø! Min sommer er i veldig sakte tempo. Med jobbing, mye lesing, og i dag har jeg dratt med meg broren min på Ikea og sett han skrudd sammen de nye tingene jeg kjøpte og sunget høyt til Vazelina i bilen.
SvarSlettTromsøsommeren, altså! Snakket nettopp om hvordan sneen på Rødtind som regel er borte på denne tida av året..
SvarSlettmin sommer er regn, regn, regn, men nå har jeg macen i fanget igjen og kan lese blogger og det er jo fint. ellers er sommeren 1Q84, jordbær til frokost, sommerjobb blant skruer og gressklippere, og veldig snart sommerleir. og selvfølgelig en del spenning før svaret fra samordna opptak kommer om en uke.
SvarSlett