søndag 16. oktober 2011

harstad 1986



sett ein ikkje pris på det her, har ein ikkje eit hjarte.

torsdag 13. oktober 2011

snart vinter

det er snø i fjella. tromsø er ein by ved havet og langs havet, ligg det fjell. det er i midten av oktober, eller til og med før midten, for det er før utbetalinga av studielånet, og det ligg snø i fjella.
eg ser det om morgonen når eg ventar på bussen: snø. det kvite på toppen av alle desse toppane rundt meg, rundt havet, med hus, trær, fjellheis, og øverst: snø.
snart kjem vinteren.
det er allereie lurt å ha ull innerst. tenkte eg slik i fjor i oslo, så mykje lengre sør, på den her tida?
nei. eg tenkte berre på å sjå fin ut på akkurat denne tida i fjor i oslo.
no vil eg berre vere varm. komme inn heime hos sigbjørn og kjenne stuevarme. gå blant alle husa og tenke at her sitt folk med golvvarme og telemarkstøflar og ull innerst, raude i kinna, varme i fjeset, og dei tenker at
snart kjem vinteren.
snart må vi ut med spaden og måkke, stampe oss gjennom snøen på veg til jobb, ha pannelugg som klistrar seg til ansiktet, aldri vits i å ordne seg på håret for du får luesveis og snøen gjer deg våt,
men desse tinga tenker vi ikkje på når det er snø i fjella.
vi tenker berre:
snart kjem vinteren.

fredag 7. oktober 2011

popfredag, fredagpop


her kjem ei speleliste for deg som skal sminke deg før vorspiel der du kanskje får kysse den guten du liker, den guten du ikkje enda veit du liker, den guten du enda ikkje veit at finst, eller berre henge med jentene, drikke cava og flire med leppestiftmunnar, eller for deg som har spist fredagspizza med familien og sett friends og that 70s show med dei, for deg som har innekveld med kjærasten og berre vil ha litt meir sprut og fart ein liten time, eller for deg som ikkje har planar i det heile tatt og berre er glad i litt popmusikk. eg håpar at de pyntar dykk med leppestift og spis smågodt i kveld medan de dansar til baccara, uansett kva planar de har. god fredag!

onsdag 5. oktober 2011

honey i'm home


har trent, svetta, spist omelett, dusja, vaska håret, rensa huden, smurt meg inn, ordna håret, tatt på ny kjole, berre hair&make-up igjen. kjenst som at eg skal på date, men det skal eg jo eigentleg ikkje. hallo, kjæraste, fint å ha deg heime igjen!

tirsdag 4. oktober 2011

middag uten saus.

eg pleier alltid å lage tomatsaus til kjøttbollane når eg har kjøttbollar og spagetti. alltid. tomatsaus med chili og kvitlauk og pepper og litt spennande krydder som for å gjere dagen litt ekstra spennande.
ikkje i dag. i dag spiste eg berre spaghetti og kjøttbollar uten tomatsaus. sat foran tven og såg sex og singelliv og spiste middag aleine i den store sofaen.

det finst dagar som dette. det finst mange dagar som dette. livet er stort sett ikkje magisk. livet er stort sett ikkje prinsar på kvite hestar, fabelaktige middagar, ansiktet ditt med ei stort smil heile dagen. dagane ein lever er stort sett fylt av middagar du tenkte skulle vere ein vegetarrett, men som berre endte om med å vere middag uten kjøtt, dagar du tenker "i dag har eg ein bra hårdag", før du går i speilet på universitetet og tenker at det er eit under at du i det heile tatt tør å vise deg blant folk, dagar du ikkje klarer å vere med i det som skjer rundt deg for du er så trøtt at auga held på å gå bakover. dagane er sånn, ikkje sant, elektrisk hår, ipod som går tom for straum det sekundet du finn plass på bussen som er framme om ein halv time, kokte egg som mister alt det kvite når du skal skrelle det, tohundreogåttisju kroner igjen på konto og hundre dagar til lønning. slike ting. middag uten saus. du gløymte å kjøpe dopapir. bukse som får små søleflekker når du går ute og du merkar det ikkje før du kjem inn i klasserommet.

det finst dagar kor du ikkje er deprimert eller lei deg, du berre kjenner at dei tinga du gjer, blir ikkje rette, ikkje bra nok, ikkje viktige nok, du sitt i godstolen og surfar på nett i fleire timar, ser episode på episode med ein serie du har sett før, når du går på do, les du ein allereie utlese avis. du treng ikkje vere deprimert for å ønske at nokre dagar berre skal bli slutt, klokka skal bli nok, så du kan gå og legge deg.

i dag er ein slik dag.

og i morgon kjem kjærleiken til byen - ikkje ei veke for tidleg.

mandag 3. oktober 2011

du är ett måndagsbarn (not)


denne mandagen har så langt vore ein av dei mest typiske mandagane i verda: spiste knekkebrød til frokost mens eg las ein veileiar til den nye plan- og bygningsloven, så på at det var grått og regn ute, gikk på jobb, var på jobb, gikk heim for å lage laks til middag for éin. i kveld skal eg lese sosiologi og sjå så mange episoder av sex og singelliv som ein kan gjere når ein også skal lese sosiologi. det mest spennande som har skjedd sålangt i dag, er at eg spiste ein ciabatta med eggesalat og spekeskinke til lunsj og at eg kjøpte ein heilt perfekt ullkardigan i prima kvalitet på ein bruktbutikk. så heilt bak mål er det ikkje, men altså, kom ån, mandagar er ganske kjipe greier, og særleg dei mandagane du vaknar aleine, spis frokost aleine, middag aleine, kveldsmat aleine, legg deg aleine, for kjærasten er i eit heilt anna land. akkurat i dag må eg berre gjere noko så det snart skal bli onsdag og han skal komme heim og halde hardt rundt meg. berre seks og ein halv time til tirsdag, da.

lørdag 1. oktober 2011

sigrid agnethe, 22 år


hallo! sidan det forrige innlegget handla om at de skulle seie hei, tenkte eg å gjere det same. det er på ein måte litt kleint å gjere ein sånn her ting, presentere meg sjølv, men sidan dei aller fleste blogginnlegga mine handlar om hjerte/smerte/venar/kvardag/dilldall, tenkte eg at eg kunne skrive eitt om kun meg sjølv for alle dei nye som kjem inn hit, litt som å vere den nye jenta i klassen, liksom.

eg heiter i alle fall sigrid agnethe, og kjem frå ein liten by i nord-norge. for tida bur eg i tromsø, nordens paris, men før det budde eg i oslo pluss pittelitt i paris (der mellom anna bildet er tatt, men det var ikkje da eg budde der). i oslo og paris studerte eg litteraturvitskap, som eg har ein bachelor i, som eg ikkje veit kva eg skal bruke til, for no studerer eg samfunnsplanlegging og kulturforståing og synst det er heilt kongolini. eg har ein veldig fin familie og ein utruleg kjekk kjæraste som heiter sigbjørn, han har krøller og er forfattar og eg er veldig forelska. utanom det så jobbar eg i ein undertøysbutikk og synst det er fint, og kan anbefale alle jenter å få seg ein ordentleg god bh. anbefalast! ellers: liker musikk, film, mat, øl og å sove lenge om morgonen. eg bloggar stort sett utan bilde for eg er så sjukt dårleg fotograf, men eg skriv stort sett mykje fordi eg liker å skrive, og ein kan jo berre håpe at de skal like det eg skriv. ein må ikkje vere rakettforskar for å skjønne at det her er ein ganske personleg blogg.

ja, men det trur eg var alt. ellers er det berre å spørre. no skal eg bruke resten av laurdagskvelden til å høyre på dei fulle tenåringane som lagar lyd utanfor og tenke på kor sjukt glad eg er for å skulle vakne totalt utan fyllesjuke i morgon tidlig. det liker eg òg.