(soundtrack: haust-lista)
for ni år sidan var eg i hellas da alle dei andre begynte på ungdomsskulen. eg kom heim ei veke etter at alle dei andre hadde begynt, brun, med langt mørkt hår, brillar og ny sekk eg hadde kjøpt i hellas. eg hadde ny bukse eg hadde lengta etter heile sommaren, frå bikbok, blå med klorbleika lår og utan lommar på rumpa, det var it-buksa, og eg hadde sjeldan eller aldri it-klede, men no skulle eg begynne på ungdomsskulen og da kunne eg endeleg få lov til å få eit litt dyrare plagg enn vanleg. eit plagg alle dei andre også likte, sjølv om alle dei andre jentene fikk lov til å bruke stringtruse så dei skulle sleppe å få trusemerke i den lommelause bukserumpa. det tok ein dag på ungdomsskulen for å skjønne at eg ville ha stringtruser eg óg,
det tok ein dag som åttandeklassing å skjønne at eg ville vere som alle dei andre,
og det tok omlag to dagar for å skjønne at eg ikkje kunne bli som dei,
alle handballjentene,
alle beibsa,
alle som drakk i helgene,
og eg gjekk i speidaren og hadde briller og fikk ikkje bruke stringtruser og hadde så mørk hud at nokre gutar i klassen kalte meg "kvit nigger" etter ei uke med å lære å kjenne kvarandre.
eg veit at eg ikkje er aleine om å ha vore aleine på ungdomsskulen, at eg ikkje har vore den einaste som har forbanna meg sjølv for å ikkje sjå ut som dei andre, ville som dei andre, klare å vere som dei andre, eg forsøkte.
og eg veit at no er det masse ungdommar rundt i landet som også skal begynne på ungdomsskulen, og det kjem til å gå fint, tru meg, det går fint sjølv om du kanskje må gjennom tre år med å ville gro vingar så du kan fly ut av klasserommet, det går fint sjølv om du er den einaste som liker læraren, sjølv om læraren er den einaste som liker deg, sjølv om det kjem til å komme tider der du har gjort ferdig franskprøven din eit kvarter før den skal leverast inn og bruker det siste kvarteret på å skrive desperate "SJÅ MEG!"-meldingar til læraren, sjølv om du kjem til å ville vise fingeren til alle som ikkje skjønner korfor du tenker som du gjer, korfor du høyrer på musikken du gjer, korfor du kler deg som du gjer,
det kostar å vere seg sjølv og ikkje følgje straumen.
(men det gjekk jo bra til slutt. det gjer det alltid.)
Akkurat dette tenkte eg nett på. Korleis eg kjende meg då eg gjekk til ungdomsskulen den fyrste morgononen, med dei nye kleda som eg håpa var kule nok for ungdomsskulen, kor spent eg var. Eg var heller ikkje særlig populær, eg gjorde tross alt leksene mine. Men så gjekk det bra likevel. Eg blir alltid imponert når folk skriv om kjensler eg kjenner igjen, og du er ordentlig flink til det, Sigrid! Eg er fan.
SvarSlettåh <3
Slett