onsdag 21. mars 2012

lokalsamfunn


les om samfunnet for tida. rom, byar, bustadsmønster, lokalsamfunn. om gata du bur i. om nabolag. om å gjere rommet ditt. korleis veit du kor du høyrer heime og kor du berre bur?

her: eg kjenner ikkje naboane. seier knapt nok hei, dei seier ikkje hei først. har ikkje engasjert meg i velforeninga, nokon stjal posten vår, eg klagde ikkje, kun til sigbjørn, morgenbladet som plutseleg ikkje kom, er dette gata vi vil bu i, tenkte eg,
vi fortsatte å bu her,
i gata kor ein mann måkar oppkjørselen for snø som ein gartner trimmar prydbuska si,
kor ein vaknar av små barn som skal ut og herje i snøen klokka ti kvar søndag,
vi er aldri vakne på grunn av festbråk,
denne gata vil vi bu i,
men det er ikkje her vi høyrer heime.
dette er ikkje lokalsamfunnet vi kjenner og vil ha.

heime: seier hei til naboane,
er ven med nabofamilen på facebook.
eg kjenner vegane, gatene, fortaua,
der det er meg og asylsøkarane som trålar gatelangs,
veit kor gatene svinger, veit kor det luktar strykemiddel eller stekt sei med løk,
veit kor det er mest sannsynleg at far til han eg mista jomfrudomen min til kjører forbi,
kjenner registreringsnummeret,
kjenner bussruta til bussen som går ein gong i timen fram til klokka fire og slå sluttar den å gå,
dét er heimstad, det,
registreringsnummer, kjente bilar, kjente fjes sjølv om ein ikkje kjenner folka som eiger fjeset,
veit om minst fem ulike måtar å komme meg til bestefar min på,
han som snakkar på telefon akkurat som far min,
eg og asylsøkarane som går i gatene tenker at vi burde sjå besteforeldra våre oftare.

det er jo det vi vil.

2 kommentarer:

  1. For meg er hjemme flere steder. Der hvor mamma og pappa bor, der hvor jeg vokste opp (men hvor mamma og pappa ikke bor lenger), på hytta vår på Frei og der hvor Ståle og jeg bor (selv om folk stjeler gamle gitarer fra boden vår).

    SvarSlett
  2. Dette her gjør meg ganske overbevist om at jeg ikke har lyst til å bo i en by når jeg blir voksen. Jeg vil ha naboer som banker på når jeg ikke har vært ute av huset på to dager.

    SvarSlett