tirsdag 13. mars 2012

gråt.


kor mange grunnar treng eit menneske til å gråte? kva er grunn god nok? eg kan nesten gråte på kommando, og eg kan gråte fleire gonger i veka. eg kan gråte for at håret mitt ikkje ser fint ut når eg skal ut og treffe folk, eg kan gråte fordi eg ikkje klarer å vere med i samtalen fordi samtalen foregår på eit språk eg ikkje kan, eller fordi eg har svidd maten. heime. borte. på do. i senga. eg liker å tru at det er fordi eg har veldig kontakt med mine eigne kjensler, at eg er i kontakt med mitt indre sjølv, at eg ikkje har grenser for kva eg skal føle. og slik har det vore så lenge eg kan hugse. eg hugsar tårar ved middagsbordet heime hos mor mi og far min, fysikkprøvar som gikk åt skogen, tårar i fylla, tårar ståande framfor ein eg likte som ikkje likte meg.

desse tårane, dei er mitt indre språk, uansett om eg er over gjennomsnittet lei meg eller berre litt nedfor, lange elver nedover kinna mine som lagar sjøstjerneaugevippar og raude auge. dette våte saltet som kjem frå innsida av det mennesket eg er.

det er noko av det vakraste ved eit menneske. at det finst eit indre som får komme ut og vise seg når kjenslene tar overhånd.

fleire gonger i veka. trist eller ikkje.

gråten er språket eg kan aller best.

6 kommentarer:

  1. og det er helt lov til å gråte. få det ut, liksom. bedre enn at det holdes inne og blir til et stort berg av vondt. og også når man ikke har noen spesiell grunn.
    (liker at innlegget har etiketten "emo")

    SvarSlett
  2. "she cried once a day. not because she was sad. but because the world was so beautiful and life so short" Jeg husker ikke hvem som har skrevet dette sitatet, men synes det er veldig fint!

    SvarSlett
  3. Så vakkert skrevet.

    SvarSlett
  4. Eg er og sånn. Eg gret når eg syng. Eg gret av alle serier eg ser, om det er Criminal Minds eller glee, uansett. Berre griner.

    SvarSlett