torsdag 30. juni 2011

längtan


eg lengtar etter ein varm sommar, betre enn ti-tolv grader, regn og tåke,
etter is med pistasj-, jogurt- og pasjonfruktsmak,
etter hender som ikkje luktar plasthanskar og desifiseringsmiddel,
etter å berre ligge ute på plattingen og lese bøker eg ikkje har lese før,
etter ein kropp som ikkje har myggstikk eg vaknar på natta av å måtte klø på.

lørdag 25. juni 2011

den stora stora rädslan är inte här ikväll



og eg veit det i måten du strekker ut handa di mot mi når vi går i gatene,
og du veit det i måten eg legg handa mi midt på ryggen din når vi er på konsert,
eg ser det i auga dine før eg sovnar om kvelden,
eg ser det i dei små linjene rundt auga dine,
i smilet ditt,
høyrer det i stemmen din,
heilt anna når vi snakkar saman,
høyrer det i stemmen din når du trøster meg,
når du seier at det går over og at det blir bedre,
og du kan høyre det i min når eg fortel deg ting eg ikkje seier til andre,
vi har det i kroppene,
i hendene, i auga, i munnane, i ryggen, i magen, i fingrane,
og vi kastar ord fram og tilbake som vi meiner, aldri har det vore meint på ein slik måte,
og når vi drar heim så drar vi dit saman, til same rom, til same seng, til same verkelegheit,
og eg veit at du veit,
at no er det oss,
eg kjenner det i kyssa, i armane dine, i nærleiken av deg kjenner eg at eg aldri treng å føle meg einsam nokon gong meir.

onsdag 22. juni 2011

if you like it then you should put a ring on it



fram til eg får ekte ring på fingeren, er det desse to som foreløpig får vere med på alt det totalt sprøe og crazy eg driv med for tida (les: lever eit liv som sofapotet med kjærasten). og det er eigentleg fint nok det.

søndag 19. juni 2011

she's in love with me and i feel fine



det er sommar i nord. i ei heil veke har det vore varmt og sol, i helga har eg kokt bort, vore så varm som det er lenge sidan at eg har vore her heime, her nord. til no har eg spist stekt sei, kjørt bil, hørt på lydbok, snakka med mor mi og far min, spist is, møtt mi slekt, møtt sigbjørn si slekt, kyssa, sove, vore på kunstutstilling, sett moderne dans, vore i byen den dagen byen vaknar, dagen da festspillene i nord-norge opnar, altså i går. i dag har eg berre fått sol på kroppen og lese. eg har starta på sommerbok nummer ein, som eg ikkje har lese på mange år, beatles av lars saabye christensen. om du ikkje har lese ho, gjer det, om du har gjort det, gjer det ein gong til. nytast best med kald iste frå kjøleskapet og den her låta, særleg om det kjenst sånn her i magen, he's in love with me and i feel fine.

tirsdag 14. juni 2011

oslo, her er ein song til deg



oslo,
du er eit rom i sjette etasje i ei høgblokk, i eit av dei finaste områda eg veit,
du er 37-bussen frå bjølsen, opp til nydalen for å ta t-banen eller ned mot helsfyr for å gå av på st.hanshaugen, kanskje for å besøke heidi og caroline, kanskje til apotekergata for å gå i grensen,
eg stoler på deg, 37-bussen, du kjem alltid og du tar meg dit eg skal, stort sett,
og 54-bussen tar meg frå bjølsen til calmeyers gate, går av i ein by i regn, krysser gata og går langs anker studentbolig, forbi legevakta der eg ein gong for første gong i livet blei lagt inn med ein betennelse eg ikkje hadde kontroll over,
over trikkeskinnene til 11-12-13-trikken, opp trondhjemsveien og bortover til silje,
torsdagar i ein skinnsofa med to hunder som slikker meg i hånda for eg har ete popkorn,
torsdagar på eit tak kor ein kan sjå heile byen og eg tenker at der og der og der bur det folk som er akkurat som meg, eller heilt forskjellige,
bak alle vindauge bor folk,
nokre les dagsavisen på do, andre lagar kyllingsalat til venninnefest, nokre kjem heim frå trening, nokon kyssar, andre slår kvarandre, alle desse vindauga fører til liv som er like mykje verdt som mitt eige,
det er som luker i ein julekalender, du veit aldri kva du får,
og her bur folk,
tøyen, heimdalsgata, sofienberg, galgeberg, majorstuen, briskeby, uranienborg, ullevål hageby,
åh ullevål hageby, at eg skal dra frå deg,
vegen eg går til jobb,
ned stavangergata, opp jutulveien heilt fram til john colletts allé til den rosa skolen,
forbi brune mursteinshus med epletre i hagen,
barn som hoppar på trampoline,
eg tenker at dei må vere lykkelege,
glade fine norske barn med velståande foreldre, foreldre som har klart det,
klart det nok til at dei har trampoline i hagen og kanskje ein kanin,
og eg går vidare, oslo,
opp til blindern, der eg har prøvd å lære meg ting,
vore aleine, grått på do, gjort det bra, gjort det dårleg, snakka norsk, snakka fransk, snakka engelsk,
men eg klarte det jo, kom ut med diplom, eg klarte det jo, oslo,
det gikk til slutt,
men no stikk eg,
bort frå ein by kor folk skriv med sprittusj på veggar at "her bor den jeg fortjente, men ikke fikk" og "her bor det jeg fikk, men ikke ville ha" og eg lurer på kven som bur der og korfor nokon skriv slikt,
bort frå ein by kor jenter skriv på asfalt med kritt "du er vakker" og "SMIL!",
og dette er ein by som kan vere så inderleg fin og så inderleg vond,
som trikken til torshov etter klokka elleve kva dag som helst,
lukta av øl slår mot meg og eg ser folk med flakkande blikk og lurer på kva dei har gjort og kor dei skal,
heidi seier at oslo er som å ha ein skikkeleg kjekk kjæraste som av og til er dritbra, av og til er dritkjip, du klarer ikkje bestemme deg for kva som er tyngst, men du veit at du kan ikkje finne det ut heilt enno, for da går noko i stykker,
og eg,
eg veit at no er oslo ikkje berre ein prikk på kartet,
ikkje berre hovudstaden i norge,
ikkje berre plata der dei narkomane spring etter kvarandre med kniv ein vanleg dag i juni,
men det er byen eg kjente som min i tre år,
byen som var min heim,
medan hjartet var ein annan stad,
eit hjarte som no kjem heim,
og eg seier farvel oslo, på gjensyn,
takk for laget,
det er berre å slå på tråden,
vi høyrast.

mandag 13. juni 2011

nokre sanninger om meg

1. eg veit stort sett alltid kor eg har ting, og når eg mister noko, kan eg ikkje skjønne korleis det har skjedd, for eg har stort sett styr på kor ting er, og blir som regel satt ut av spill om det viser seg at eg ikkje anar kor ein ting er (eg mista kortmappa mi i dag utan at eg kan fatte korleis)

2. eg grin på open gate, eg grin kor som helst, på buss, på flyplassar, på jobb, på skolen, kor som helst, det er både svakt og sterkt

3. alltid når det skjer noko uventa, har eg som regel ringt pappa/mamma med éin gong slik at han/ho kan hjelpe på ein eller annan måte, no ringer eg eller sender melding til sigbjørn først, og det kjenst rart men også fint

4. eg er veldig sjenert når eg møter nye folk første gong, så ofte ser eg dei ikkje i auga, berre ser bort medan eg pratar, og det er mest berre rart

5. ofte når eg drikk kaffe, får eg ein slags rus som kan minne om den ein får etter tre-fire øl og ein vil sende meldinger til gamle lærarar og fortelje om livet no, eller ei tante du ikkje har snakka med på lenge som berre må få vite at du fortsatt er glad i ho, eg vil sende sånne meldinger og fortelje at folk er bra, heilt tilsløra av kaffe, men gjer det sjeldan for eg tar meg sjølv i det

6. før, når eg pleide å ha kjærleikssorg, hadde eg alltid hundre tusen songar å høyre på som handla om knust og ulykkeleg kjærleik, skikkeleg tunge triste greier som sjølvsagt var spot on og nokre var så like dei tinga eg tenkte at ein skulle tru det var bestillingsverk. no har ikkje kjærleikssorg, men nesten ingen songar om lykkeleg og heil kjærleik. veit de om nokre? tips meg!

søndag 12. juni 2011

to sider av same sak/same rom


her er eg. eg sitt midt i rommet, på senga, i eit rom i solskinn. om litt over tre døgn skal eg fortsatt sitte midt i rommet, på senga, i eit rom i solskinn, men i ein heilt annan by i eit heilt anna hus i eit heilt anna rom. snart bur eg ikkje meir aleine, men saman med mor mi, far min, bror min og katta mi, tango cortéz, eg lagar ikkje middag til meg sjølv, vi lagar middag til kvarandre saman, eg støvsuger stua, eg spør sigbjørn om han vil overnatte, eg les min kamp 5 på plattingen utanfor det store raude huset, eg bur ikkje lenger i eitt rom, eg bur i eit hus, i eit rom som ein gong og for alltid vil vere mitt. i sju månadar har eg budd på dette rommet, fylt det med mine ting, mine klede, min mat, mine sjampoflasker, mine tannbørster, mine ølflasker, mine drømmer, mine frustrasjonar, min kjærleik, alt som er mitt har vore her. om tre døgn er dette ikkje lenger mitt rom, min heim, det er eit tomt rom som skal stå klart og tomt til at ei anna jente eller ein gut skal vri om nøkkelen her for første gong med hjartet i halsen, komme inn i dette rommet for første gong og tenke at "dette er min heim, her skal eg bu". om tre døgn står dette rommet klart til å vere åstedet for eit anna menneske sitt liv.


og her er ein brøkdel av tinga mine. her er kleshengere, mummikoppar, sovepose, vinterdyne, klede eg ikkje skal bruke i sommar, skittentøy eg skal vaske. i boden finst esker med ibsen-bøker, vinterjakker, leksikon, oppslagsverk, conversesko, you name it. eg har pakka ned det fysiske livet mitt, og no står alt her framfor meg og nærmast ropar "kom, no stikker vi". og snart gjør vi det på ekte.