eit pikebarn med hjartebank skriv blogg om grå dagar, lyserosa skyar, gode vener, fine folk, musikk ein kan danse til, filmar ein kan grine til, også handlar det ganske mykje om kjærleik.
mandag 14. mai 2012
beatles: 1.
det er nyttårsaften og eg er ni år, det har akkurat blitt eit nytt år og eg er stor nok til å fortsatt få lov til å vere våken etter rakettane er skutt opp, men eg blir trøtt fort og foreldra mine venter sikkert berre på at eg skal sovne i sofaen hos venane deira slik at dei kan prate ekte voksenprat utan at ungane høyrar det,
men før eg rekk å sovne, skal faren i huset sette på noko musikk. eg harkar fram noko rusk i halsen og seier "kan du ikkje sette på...beatles?" beatles, som eg berre har høyrt om, men aldri høyrt, og han har to dobbelalbum, eit raudt og eit blått, han sett på det raude og ut strømmar love me do, dei enklaste engelske orda eg har lært meg kjem ut frå høgtalarane, "love love me do/you know i love you/i'll always be true/so please, love me do",
og der og da veit eg det,
ni år og nyttårsaften og øyra mine høyrer noko for første gong hjernen aldri skal gløyme,
mor mi og far min og bror min og eg tar sparken heimover, gjennom nordnorsk nyttårsnatt,
vi er fire i familien, akkurat som i the beatles,
john, paul, george og ringo,
og mens eg sitt på sparken i bakkane ned til heimen min tenker eg:
"æ skal bynne å høre på beatles."
det blei lys.
tirsdag 8. mai 2012
H E I !
hola, folkens! i dag da eg logga inn her, fikk eg ei gledeleg overrasking, kva statistikk gjeld. denne statistikken skiljer seg frå den type statistikk eg las i fjor i metodefaget, for det var mest berre kjip lesing, men det her, det var bra. det kjem nye lesarar hit og det er eg skikkeleg glad for! det er like godt i magen som ein kurv med jordbær. og ein av dei artigaste tinga med å få nye lesarar, er å seie hei! til dei og så seier dei hallo! tilbake. så HEI! velkomen hit. kan ikkje du som les det her seie hei og så seie eit par ting om deg sjølv? det hadde eg blitt så glad for! eg kan starte, så blir det ikkje så flaut.
hei!
eg heiter sigrid agnethe og da dei spurte meg i barnehagen om eg kunne skrive kva for mat eg likte best, skreiv eg "saltfisk med potet gullerot å beiken". det er det fortsatt. eg elskar havet, the smiths, miljøvern, stilongs og sigbjørn. eg likar ikkje folk som tar opp bussete med veska si, å høre på andre folk sine kranglar, sushi, matematikk og å henge opp klede frå vaskemaskinen.
din tur!
mandag 7. mai 2012
mandag, type kjøttfri
inspirert av hanne blei dagen i dag ikkje berre ein grå og regntung mandag, men også ein kjøttfri mandag. da eg budde aleine, hendte det ofte at eg laga kjøttfrie middagar, men no blir det oftast slik at vi spis kjøtt til middag. og det synst eg er heilt fint og eg er veldig glad i dei fleste typar kjøtt, men eg synst også det er fint å kunne ete vegetarisk innimellom. ikkje nokon stor filosofi bak, altså, berre ei avveksling. og avveksling er fint.
uansett! eg lagde samosa til middag. eller eit forsøk på samosa i alle fall. og det er så lett og så supergodt at det burde alle andre også lage, eigentleg. så her kjem den første oppskrifta eg nokon gong har lagt ut her!:
du treng (til omlag 10-15 stykker)
4-6 kokte potetar, kutta i terningar
100 gram grønne erter
ein finhakka lauk
to finhakka kvitlauksfedd
grønn chili kutta fintfintfint (her kan ein velje litt sjølv etter kor glad ein er i sterk smak, eg brukte ein heil)
ein liten bit fersk ingefær, omlag ei teskje (her kan ein velje litt sjølv etter kor glad ein er i ingefærsmaken, sjølv synst eg det kan bli litt for mykje av det gode om ein overdriv)
så mykje fersk koriander du berre vil
ei teskjei gurkemeie
ei teskjei garam masala
litt spisskummin
litt salt
vårrullpapir (her har eg juksa litt, for eigentleg skal ein lage ein eigen deig, men vårrullpapir var lettare tenkte eg)
smakfri olje til steiking
(om ein vil ha andre grønnsaker i eller kjøtt for den saks skuld, så er det sikkert berre å peise på med det ein sjølv synst er godt, eg har berre prøvd med desse, sjølv om planen eigentleg var å bruke kikerter.)
slik gjer du!
1. kutt potetar i terningar og bland dei i ein bolle saman med ertene
2. finhakk lauken, kvitlauken, ingefæren og chilien. steik lauken til den blir gylden og mjuk, tilsett så kvitlauk, ingefær og chili. når alt er mjukt og fint, tilsett du krydder. la lauk-blandinga kjøle seg pittelitt ned før du blandar det saman med potet- og erter-blandinga.
3. tilsett fersk og oppkutta koriander i blandinga og bland godt.
4. legg ei spiseskjei pluss på vårrullpapiret og brett i den fasongen som passar deg (dei skal jo teoretisk sett vere trekanta, men det fikk eg rett og slett ikkje til, så mine blei rektangulære. men det er jo smaken som er det viktigaste). pensle med egg eller vatn for å lime kantane.
5. steikast i smakfri olje. typ frityrsteikast. og så kan du legge dei på matpapir slik at dei får rent av seg før du et dei.
6. et. nyt!
takk for meg, helsing sigrid the chef.
lørdag 5. mai 2012
i've got a bike you can ride it if you like it's got a basket a bell that rings and things to make it look good
i dag, veit de. i dag har eg brukt sparepengane mine på den aller beste måten ein kan bruke sparepengane sine på: noko nyttig og fint og miljøvennleg. det blei ein sykkel! (også på sykkelens dag!) ein gul damesykkel med sju gir frå 1996 som føltes heilt kingkongtipptopp å sykle på. dessutan har den kurv. det som er bra med å ha sykkel, er mellom anna at det er fint å sykle, at eg slepp å stå og vente på bussen som er treg (dessutan slipp eg å betale!) og så har eg høyrt at ein får fin rumpe av å sykle. mange gode ting, altså! no kjem livskvaliteten til å stige rett til vêrs. de kan kanskje skjønne at eg er nøgd? for det er eg. har ikkje vore så nøgd sidan håkan hellström-konserten 5.mars 2011.
fredag 4. mai 2012
torsdag 3. mai 2012
torsdag: det löser sig
i dag er ein sånn dag kor steinar i magen lettar:
- eg fikk bytte boka eg hadde kjøpt feil og fikk kjøpe ny bok pluss ei sminkemappe med plass til alt som til og med var fin. pluss at da eg hadde fått hjelp til å finne fram boka eg skulle ha, ropte mannen som hjalp til "LYKKE TELL!" og da svarte eg "teeeenk ju" på nordnorskengelsk
- eg snakka om målsaka med forelesaren min mens vi spiste felleslunsj med resten av dei frå programmet som ville det (eg fikk dessutan den siste resten av havregrauten dei hadde i kantina, blir uhørt glad av slikt, alltid leit når eg skal ha lunsj og dei er tomme)
- den kvinnelege forelesaren sa "så pen du e i dag!" før eg skulle halde framlegget mitt og eg berre who ho hoooo og så eide eg det framlegget
- eg fikk innsyn i søkarstatistikken til studiet eg har søkt til hausten og plutseleg fått trua på at eg kanskje kan få plass
- eg laga vegetarsamosa til middag og det blei skikkeleg godt og eg bare high-fiva meg sjølv
- eg bestemte meg for å slutte fred med ein av mindre indre demonar og no føler eg meg omlag tre kilo lettare (men det er tre kilo frå magen, altså!)
moralen er: stå opp klokka 8 og kle deg fint, så ordnar alt seg.
tirsdag 1. mai 2012
utgang april, inngang mai
kanskje nokre gongar er det greit at det snør i mai.
kanskje nokre gongar er det greit at snøen legg seg på augevippane dine, at du går gjennom kvit ny snø i grønne støvlar, at du kan sitte inne og sjå ut og sjå snøen dale dale dale (kvil i fred, alexander dale oen).
kanskje roar det meg at noko anna er i ulage, ikkje berre eg, for snø i mai, det får meg til å tenke at noko ikkje er som det skal, eller kanskje er det som det skal, her nesten 70 grader nord, og kanskje hadde eg berre gløymt at det var sånn her det skulle vere, vår i nord, snø som legg seg og held deg inne.
og kanskje skal du berre ligge inne på ein sofa og sjå i taket og tenke deg om. tenke på om ting endrar seg, om du kan bli vaksen, om du kan slutte å bry deg, om du kan få vekk den vonde klumpen i magen kvar gong du møter den personen, om du snart kan stå opp for deg sjølv og seie til deg sjølv at det er du som vinn til slutt, ikkje tru noko anna.
du kan tenke på at du snart er 23 og at 23 er ingen alder, men likevel er det det, mor di fikk deg da ho var 23, du burde vere på veg ein stad, og det er du, du er på veg ein stad, det må du skjønne, det er så mange ting du er nødt til å skjønne, og to av desse tinga er: det kjem til å snø på ukurante tider når du har busett deg på nesten 70 grader nord. du er ei vakker jente med eit hjarte som elskar meir enn du kan forklare.
ta det til deg,
ver så snill.
kanskje nokre gongar er det greit at snøen legg seg på augevippane dine, at du går gjennom kvit ny snø i grønne støvlar, at du kan sitte inne og sjå ut og sjå snøen dale dale dale (kvil i fred, alexander dale oen).
kanskje roar det meg at noko anna er i ulage, ikkje berre eg, for snø i mai, det får meg til å tenke at noko ikkje er som det skal, eller kanskje er det som det skal, her nesten 70 grader nord, og kanskje hadde eg berre gløymt at det var sånn her det skulle vere, vår i nord, snø som legg seg og held deg inne.
og kanskje skal du berre ligge inne på ein sofa og sjå i taket og tenke deg om. tenke på om ting endrar seg, om du kan bli vaksen, om du kan slutte å bry deg, om du kan få vekk den vonde klumpen i magen kvar gong du møter den personen, om du snart kan stå opp for deg sjølv og seie til deg sjølv at det er du som vinn til slutt, ikkje tru noko anna.
du kan tenke på at du snart er 23 og at 23 er ingen alder, men likevel er det det, mor di fikk deg da ho var 23, du burde vere på veg ein stad, og det er du, du er på veg ein stad, det må du skjønne, det er så mange ting du er nødt til å skjønne, og to av desse tinga er: det kjem til å snø på ukurante tider når du har busett deg på nesten 70 grader nord. du er ei vakker jente med eit hjarte som elskar meir enn du kan forklare.
ta det til deg,
ver så snill.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
