tirsdag 25. mars 2014

kjærleikssongar

1. eg er fjorten år og ikkje særleg hemmeleg forelska. kvar dag går han med det lange håret og eg den same vegen til skulen, eg alltid litt raskare enn han, ved den gamle skulen går eg forbi han og stort sett kvar dag lurer eg på om han ser på rumpa mi når eg går passerer han eller om han synst sekken min heng altfor langt ned på ryggen. han er eitt år eldre enn meg og den kulaste guten på skulen og ein dag vågar eg meg til å sende han ei tekstmelding. vi heng ut eit par gongar, men han synst eg er for barnsleg, ber meg slutte å mase, sender ei lang melding med store bokstavar som får magen min til å knyte seg så hardt og no må eg alltid gå fort fort fort forbi han på veg til skulen, og på øret har eg alltid lyd, alltid den eine songen som skal minne meg om alt han er og vil vere.


2. han syklar kvilelaust i ein by der jenta han tenker på ikkje er, med den same songen på hjernen, den går omatt og omatt, ein song om bilde av den jenta han ikkje er i same by som, han syklar heile kvelden og tenker på den jenta og den songen og når han sovnar syng han songen i søvne.


3. når vi klinar smakar det raud extra og det er alltid i bakken nedfor huset mitt så foreldra mine ikkje skal sjå det, og når vi klinar er det alltid den same songen eg tenker på, alltid den verste balladen til guns'n'roses.


4. "eg trur eg har funne songen vi skal danse til" seier eg høgt til han i stua ein dag eg kjem heim frå universitetet. han spør kva for song det er og eg sett den på over høytalaren. det er ei lystig låt med fengande bassgang og ei mjuk kvinnestemme og den gir meg alltid så lyst til å danse, og no gir den meg så lyst til å danse den første dansen, den første dansen som mann og kone, og eg kan sjå i smilet hans at han tenker det same.


5. klokka halv fem om morgonen får fanden meg vere nok. eg kastar frå meg puta eg har pressa mot øyret og eg står opp frå senga og eg trampar hardt hardt hardt i gulvet så dei nede i stua skal forstå at her oppe ligg eg og prøver faktisk å sove. i stua mi sitt foreldra mine og speler the rose med bette midler på høgt volum, men som sjølvsagt ikkje høyrast høgt ut gjennom rødvinsøyre. i stua sitt foreldra mine og speler plater til kvarandre. eg skjønte det ikkje da, der eg låg der og prøvde å sove, men å spelle plater til den du elskar er noko av det vakraste ein kan gjere her i verda, finne språket gjennom alle desse songane som fekk deg til å smile, alle desse songane som fekk deg til å gråte, alle desse songane som redda livet ditt.

5 kommentarer: